Hopp til innhold

Mindreårige mobbarar spreier frykt på Trondheimsskular

Trondheim kommune har ikkje klart å få bukt med vald og hærverk ved ungdomsskular i byen. Ei gruppe elevar har i månadsvis gjort skuledagen og fritida utrygg. Nokre av valdsepisodane blir filma og lagt ut på sosiale media.

slosskamp

Her blir mindreårige utsett for uprovosert vald på et toalett på ein burgerrestaurant i Trondheim. Snapen NRK har fått tak i viser kvelartak og knyttneveslag mot andletet.

Ho står med hendene bak ryggen. Den venstre handa er knytt, klar til å slå. Ved sidan av står venninna. I løpet av dei neste 40 sekunda går 14-åringane laus på to andre inne på det tronge toalettet.

NRK har snakka med fleire foreldre som er svært uroa over den brutale, uprovoserte valden utført av mindreårige elevar i skule- og på fritida i Trondheim.

På ein annan snap NRK har fått tak i ser vi ei av dei same jentene slå ei anna i andletet med knyttneven utanfor burgerrestauranten i Trondheim sentrum.

– Konstant redsel for kva som kan skje

Ein forelder fortel om den «konstante redselen» hos eigen unge som har vorte plaga i over eit år. «Sjefsmobbaren» er ein av dei som slår på snappane.

– Det er ikkje «kul» å vere livredd og låse døra når ein er heime, seier forelderen. Ho vil vere anonym av omsyn til sitt eige barn som ikkje var ein av ungane som vart slått denne gongen.

– Desse mobbarane treng profesjonell hjelp, ikkje «konfliktløysing» med dei som blir plaga. For det er ingen konflikt. Ungen min har aldri hatt noko med desse å gjere. Dei berre startar å plage tilfeldige offer, seier forelderen.

Politiet: – Valden er planlagt

Filmane viser at valden er planlagt, meiner politiet.

Overbetjent i Trøndelag politidistrikt Jan Erik Mihle opplyser til NRK at snappane blir etterforska. Den eine, frå toalettet på ein burgerrestaurant, vart filma 27. oktober. Åtaket utandørs på Trondheim Torg er anmeldt og politiet veit kven dei involverte er.

Politiet er i tett kontakt med foreldra, både til dei som blir plaga og dei som utøver vald, opplyser Mihle. Men dette er stort mindreårige, under den kriminelle lågalderen på 15. Då kan dei ikkje straffeforfølgjast.

I over eitt år har mellom 15 og 20 elevar frå ulike ungdomsskular i Trondheim trakassert og mobba utvalde, psykisk og fysisk. Rosenborg har vorte ein samlingsstad der elevar også frå andre skular dukkar opp både i og utanfor skuletida.

Mange foreldre meiner skulen har lete ting utvikle seg. Andre kritiserer media for å hausse opp problema.

Hærverk i klasserom, store vasskadar etter opne kranar, minst to påtente brannar, og trugsmål om skuleskyting har også skulen måtte hanskast med. Lærarar har vore utsette for vald, det same har vakter på kveldstid ved den nærliggande fotballbanen.

påtent kunstgress

Kunstgressbanen ovanfor Rosenborg skole vart påtent tidlegare i haust. Ein ungdomsgjeng som oppheld seg ved skulen på fritida vart sett av naboar. Det har også vore fleire branntilløp utanfor klubbhuset til idrettslaget Trond.

Foto: Bjørn Steinar Gundersen / NRK

Ordførar: – Vi må finne ut kva vi kan gjere utan å bryte lova

Rita Ottervik på pressekonferanse for gjenvalg

Ordførar i Trondheim, Rita Ottervik. I neste veke blir det ein ny runde i formannskapet om kva kommunen kan stille opp med.

Foto: Stein Lorentzen / NRK

Dei grove valdsepisodane, mobbinga og hærverket på skulen kom i dag på bordet hos formannskapet i Trondheim. Ved Rosenborg skule er det alt sett inn fleire barnevernspedagogar og lærarar.

Også ved andre skular der elevar dreg til Rosenborg i skuletida og lagar problem må det gjerast noko, meiner ordførar Rita Ottervik.

– Vi er nøydde til å finne ut kva verkemiddel vi kan bruke, utan å bryte lova. Splitte dei som lagar problem. Følgje elevane opp også på fritida. Det er nokre få som slit, men framferda deira er uakseptabel, seier ordføraren.

– Lita trøyst for dei som blir plaga at dei fleste trivst

I dag er det ei veke sidan foreldra vart innkalla til møte på Rosenborg skule. Tiltaka med å flytte nokre av elevane og gi dei tilpassa undervisning, er framleis ikkje gjennomført. Foreldra og elevane må først godta ei slik ordning.

Også politiet var til stades på foreldremøtet. Ei mor spurte om politiet kunne garantere at ungane er trygge på skulen.

– Garanti får du når du kjøper kjøleskap, svarte ein av politibetjentane ifølgje foreldre NRK har snakka med. Mange oppfatta det som ein respektlaus, flåsete merknad om noko alvorleg.

Jan Erik Mihle og Asle Meland i politiets forebyggendegruppe i Sør-Trøndelag.

Politioverbetjent ved Trøndelag politidistrikt, Jan Erik Mihle.

Foto: Arne Kristian Gansmo / NRK

NRK har freista å få kontakt med politibetjenten, utan å lukkast.

– Ei sterkt beklageleg og uheldig utsegn, seier overbetjent Jan Erik Mihle som også var til stades på foreldremøtet.

Fleire av foreldra som tok ordet meinte Rosenborg er ein fin skule der ungane deira trivst.

– For dei som har ungar som blir mobba, er det lita trøyst i at dei fleste har det fint. Seier forelderen til ein av elevane som framleis er redd for å gå på skulen. Kvar einaste dag.

For snart eit år sidan inngjekk Trondheim kommune forlik etter at ein elev ved Rosenborg skole saksøkte kommunen etter årelang mobbing.

Presisering: Nokre tilsette i NRK Trøndelag har barn ved Rosenborg skule. NRK har ikkje brukt nokre av desse som kjelde i artikkelen.