Hopp til innhold

Aasmund er snart arbeidsledig fordi vi ikkje reparerer noko lenger

Nordmenn kjøper heller ny elektronikk framfor å reparere. – Vi burde få ei støtteordning for reparasjonar, sånn at prisen for å få fiksa feil ved eit produkt kan bli billegare, meiner kvitereparatør Aasmund Ertsaas.

Elektronikkreparatøren Aasmund Ertsaas Levanger

Aasmund Ertsaas får færre og færre reparasjonsoppdrag frå kundar som får ein feil på eit kvitevareprodukt.

Foto: Tariq Alisubh / NRK

CO₂ i atmosfæren
417.2 ppm
1,5-gradersmålet
+1.01°C
Les mer  om klima

– Prisen på ein reparasjon er eit viktig argument mot å bruke tid og innsats på å få reparert det som ikkje lenger fungerer, seier Ertsaas, som driv med elektroreparasjonar i Levanger.

Elektronikkberget frå norske forbrukarar er i ferd med å bli eit miljøproblem av dimensjonar. Dei færraste vurderer å kontakte ein reparatør.

– Hadde vi fått til billegare reparasjonar kunne vi også redusert det store avfallsberget, trur Ertsaas.

– Før var vi tre-fire som reparerte. No er eg mest åleine her, legg han til.

Norsk rikdom og billeg elektronikk og kvitevarer produsert i lågkostland der lønna er ein brøkdel av norsk lønnsnivå, får norske forbrukarar til å kjøpe meir og meir nytt, så snart ein gjenstand får ein feil eller defekt.

Reparatør er i ferd med å bli eit framandord for ein generasjon nordmenn.

Miljøstasjon Levanger

Miljøstasjonen i Levanger får inn store mengder defekt men reparerbar elektronikk og kvitevarer.

Foto: TAriq Alisubh / NRK

Køyrast på gjenbrukstorget

Miljøstasjonen er målet når noko er defekt eller ikkje fungerer hundre prosent, men må ha ei overhaling.

Svaret NRK får i Trøndelag når vi spør, er nesten alltid det same:

– Vi kjøper nytt.

Mottaksstasjonane går fulle. Konteinarane er mange i det som ikkje lenger skal vere det same som den gamle dynga. Men tankegangen verkar å vere den gamle. Vi kvittar oss med stadig meir.

– Det kjem hit, folk reparerer ikkje lenger, seier Jan Cato Hansen i Innherred renovasjon i Levanger. Det er slutt på den tida, melder han som arbeider på miljøstasjonen og ser kva mengder folk kastar. På få dagar går lagra fulle etter ei tømming.

Elektronikkberget veks år for år.

– Mykje som er bra kjem hit, seier Hansen.

Miljøstasjon Levanger og tilsatt Øyfrid Knudsen

Vi kastar 50 kg kvitevarer pr. hovud i året, fortel Øyfrid Knudsen på miljøstasjonen i Levanger.

Foto: Tariq Alisubh / NRK

Svak miljøbevisstheit hos forbrukarane

Innherred renovasjon samlar inn elektrisk og elektronisk avfall tilsvarende 17-18 kilo per person kvart år , fortel Øyfrid Knudsen ved gjenbrukstorget i Levanger.

Det blir betydelege mengder og kilo av ein gjenstand når store kvitevarer kjem med adresse ingen retur.

– Det blir nesten like dyrt å reparere som å kjøpe nytt, meiner ein av dei NRK spør på gata.

– Da blir lettaste utveg: Kjøp nytt.

– Eg er berre vant til å kjøpa nytt, så det funkar fint, seier Maren Sigbjørnsen Jondal, når NRK spør henne.

Nytt er betre enn å reparere på det gamle, har blitt haldninga vi finn hos fleirtalet på gata.

Berre enkelte tenker på å spare miljøet og er villige til å prøve å få ting reparert, som Svavar Svavarsson. Han prøver å få lengst mogleg levetid på det produktet han skaffa seg, ut frå tanken om å verne miljøet. Men han er i mindretal.