Hopp til innhold

Desse skeiene sparer miljøet for mykje plast – men irriterer vettet av folk

Dei siste vekene har mange nordmenn diskutert nye skeier på internett.

Tor Arne Mikkelsen

SØL: Tor Arne Mikkelsen slit med å ete rislunsj utan å søle når han bruker treskeia frå Tine.

SØL: Tor Arne Mikkelsen slit med å ete rislunsj utan å søle når han bruker treskeia frå Tine.

CO₂ i atmosfæren
424,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,12 °C
Les mer  om klima

Du las riktig.

Årsaka er forbodet mot eingongsplast. Det kom i juli, og har ført til at fleire produkt, som q-tips, tallerkar, sugerøyr og skeier, no vert laga av meir berekraftige material.

Særleg Tine sine nye skeier av bjørk har fått gjennomgå på diskusjonsforumet Reddit (r/Norge).

Fleire meiner skeia smakar vondt og at den er for kort.

«Eg er for miljøvennlege alternativ, men det må da f*** meg fungere. Legg ved ein latekshanske og då, så skal eg skufle det i meg med fingrane», skriv ein Reddit-brukar.

Reddit-post om treskeiene til Tine. Skjermdump tatt 06.09.2021 klokka 12:23.

Dette innlegget har fått ein del «upvotes» på Reddit. Fleire trådar om dei nye treskeiene har blitt stemt opp til toppen av forumet. Skjermdump tatt 06.09.2021 klokka 12:23.

Foto: Skjermdump / NRK

– Det er heilt tragisk

Tor Arne Mikkelsen er ein av fleire som kritiserer tre-skeia til Tine i Facebookgruppa «Venner av norsk landbruk».

Han kallar seg ein «storforbrukar» av Tine-produkt med eingongsbestikk, og er ein av dei som er kritiske til den nye skeia.

– Du får ikkje blanda toppinga eller tilbehøyret skikkeleg inn i yoghurten eller rislunsjen utan å få det på fingrane, seier han om treskeia til Tine.

Kva meiner du om treskeiene til Tine?

Og derfor tar han no med si eiga skei når han skal nyte ein rislunsj eller to når han er ute på farten.

– Eg skjønner at dei må kutte ut plasten, men den mellombelse skeia er totalt ubrukeleg, seier Mikkelsen.

Er det litt underhaldande å diskutere dette?

– Det er litt humor i kritikken min, men eg meiner heilt alvorleg at Tine si nye skei smakar sandpapir.

Tor Arne Mikkelsen

Sveip for å sjå kvifor Tor Arne Mikkelsen er kritisk til den nye treskeia til Tine.

Tor Arne Mikkelsen

Tor Arne Mikkelsen meiner den mellombelse skeia til Tine er heilt ubrukeleg og smakar sandpapir.

Sparer tonnevis av plast

Tine seier at dei sparer rundt 100 tonn plast i året etter å ha bytta ut plastskeier og plastsugerøyr på sine produkt. Q-meieria seier til NRK at dei sparer 37 tonn plast i året som følgje av forbodet.

– Det kan virke litt symbolsk å gå etter skeia, når resten av produktet er av plast. Men bakgrunnen for det er at ein har sett at eingongsartiklar av plast er det som endar mest i naturen, seier Bjørn Malm, leiar for berekraft i Tine.

Produkta som no er forbode, er produkt som ofte vart funne som avfall på europeiske strender, bekreftar statssekretær Maren Hersleth Holsen i Klima- og miljødepartementet.

– Dei er dessutan valde fordi det finst tilstrekkeleg gode alternative produkt som kan erstatte dei, seier ho.

– Kvifor krev ikkje regjeringa at resten av emballasjen òg skal vere av eit anna materiale enn plast?

– Eit slikt forbod krev at det finst tilstrekkeleg gode alternativ. Eit særnorsk forbod krev dessutan god miljømessig grunngjeving, svarar Holsen.

Tine er einige i kritikken

– Det har vore mange klagar, vi er einige i at skeia er for kort og at den ikkje fungerer godt nok til produkta. Derfor er dette berre ei mellombels løysning, seier Malm i Tine.

Frå oktober av lovar dei å få på plass ei betre skei. Samstundes skal dei også bytte ut plasten rundt nye-skeia med papir.

– Vi har jobba så raskt som mogleg for å få ei god løysning. Men tida strakk ikkje til, seier mannen som jobbar med å gjere mjølk, jus og yoghurt meir berekraftig i Tine.

To månadar etter at forbodet kom, over eit år etter at Miljødirektoratet sende eit utkast om korleis forbodet skulle gjennomførast i Noreg, og heile to år etter at EU vedtok direktivet, skal Tine få på plass ei permanent ny treskei til sine produkt.

– Kvifor laga de ikkje ei betre skei før forbodet kom?

– Eg skjønner kvifor folk lurer på det. Direktivet frå EU kom og vart innført raskt, og det har vore uklart kva det faktisk betydde ganske lenge, seier han.

Det krev også mykje arbeid i fabrikkane å legge om produksjonen til nye typar skeier.

Leder for bærekraft i Tine, Bjørn Malm er fornøyd med det nye sugerøret.

Leiar for berekraft i Tine, Bjørn Malm.

Foto: Idun Aalbu Rasmussen / NRK

Eit steg i riktig retning

Kor mykje betre for miljøet er det å ete youghurt med eingongsbestikk av tre, når resten av emballasjen er av plast?

Naturvernforbundet meiner forbodet mot eingongsplast er eit steg i riktig retning.

– Det rettar seg mot dei mest unødvendige plast-produkta som vi også har gode alternativ til, seier fagrådgjevar Joakim Gulliksen.

Men det er eit viktigare miljøtiltak enn klimatiltak, understrekar Fremtiden i våre hender.

– Og det står framleis att ein omfattande jobb med å redusere det høge plastforbruket vårt, seier leiar Anja Bakken Riise.

Tines nye skei for gjennomgå.

VARSLAR ENDRINGAR: Denne vert snart litt meir miljøvenleg, lover Tine.

Foto: Hans Ivar Moss Kolseth / NRK

Vart «slakta» av forbrukarane

Også Q-meieria vart kritiserte då dei bytta frå plastskeier til treskeier på slutten av fjoråret, fortel dagleg leiar Kristine Aasheim.

– Vi byrja med ei treskei som vart «slakta» av forbrukarane. Folk synest det smakte veldig dårleg av den.

Sidan bytta dei til ei pappskei som heller ikkje vart særleg godt tatt imot, før dei no tilbyr ei bambus-skei til sine produkt.

– Den set ikkje smak på produktet, er meir solid, og er lang nok til å nå ned i eit Skyr-beger, seier Aasheim.