Hopp til innhold

Folk frå Røyrvik gav mest

Innbyggarane i Røyrvik kommune gav i snitt over 112 kroner kvar til årets TV-aksjon.

TV-aksjonen CARE
Foto: Anne Liv Ekroll / NRK

Dei nest mest gavmilde i Trøndelag bur i Namsskogan kommuner.

Der bladde kvar innbyggarane opp over 108 kroner i snitt.

Dei to nordtrønderske kommunane er også blant dei ti beste i Noreg. Røyrvik på ein åttandeplass, mens Namskogan plasserer seg på plassen bak.

I alt er det klokka 0900 mandag morgon samla inn 188 661 252 kroner.

– Heile Trøndelag arbeidde som eit team og vi greidde å skapa noko som er mykje større enn vi hadde greidd kvar for oss. Vi fekk eit utruleg bra resultat, seier Rannveig Naustvoll, som er fylkesaksjonsleiar i Trøndelag, til NRK Trøndelag.

Ny rekord i Trondheim

Trondheim sette i år ny rekord og samla inn fem millionar kroner. Innbyggarane i byen er med det dei nest mest gavmilde i storbysamanheng.

Dei gav i snitt 39 kroner per snute og er berre slått av Stavanger der innbyggarane gav 53 kroner i snitt.

Byen stilte også med fullt lag av bøssebærarar.

– Vi skulle ha 1 500 bøssebærarar og det greidde vi. Studentane spelte ein stor rolle i denne samanheng, seier generalsekretær i CARE, Marthe Gerhardsen.

Kreative elevar

Fleire stader i Trøndelag laga skular til arrangement for å samle inn pengar til TV-aksjonen CARE.

Det blei helde basarar, konsertar, auksjonar og tombolaer for å få inn pengar.

– På Vik-Bessaker skole blei det rekna ut at 13 elevar samla inn 670 kroner kvar i snitt, seier Naustvoll.

Mange på ferie

Fleire av leiarane i dei ulike kommunane i Trøndelag meldte tilbake at det var mykje folk som ikkje var heime då bøssebærarane banka på døra.

– Eg trur haustferien i Sør-Trøndelag har spelt inn fleire plassar, seier Naustvoll.

Ho understrekar at det framleis ikkje er for seint å gi pengar. Det er ulike måtar å støtte TV-aksjonen på dei nærmaste vekene.

  • Ring 820 44 110 og du gir kr 200,- . Gåva blir trekt frå telefonrekninga di.
  • Kjøp eit verdikort til 100 kroner i ein Rema 1000-butikk.
  • Gå inn på CARE sine nettsider og gi opp det beløpet du ønskjer å støtte med. Beløpet blir trekt rett frå kontoen din.