Hopp til innhold

Fleire ulykker på glatta

Tre personar er lettare skadd etter kollisjonar i Trøndelag fredag føremiddag. Snøfallet skaper kaos og glatte vegar.

Kollisjon Stjørdal
Foto: MMS-foto: NRK Trøndelag

Ein person blei sendt til St. Olavs Hospital med lettare skadar etter ein kollisjon mellom ein buss og ein personbil i Saxenborg allé i Trondheim.

Politiet fekk melding om kollisjonen like før klokka elleve. Personen som blei sendt til sjukehus klaga over nakkesmerter.  

- Ingen av passasjerene i bussen blei skadd, seier operasjonsleiar ved Sør-Trøndelag politidistrikt, Morten Stene, til NRK Trøndelag. .

Både politi og redningspersonell var på ulykkesstaden.

Ulykke i Osen

To menn er lettare skadd etter ein kollisjon mellom to vogntog  mellom Osen og Fossli ved Steinsdalen. Politiet fekk melding om ulykka kl 11.34 fredag føremiddag.

- To personar er tatt ut av bilane. Dei har kuttskadar, opplyser operasjonsleder ved Nord-Trøndelag politidistrikt, Gunnar Solli, til NRK Trøndelag.

Ulykka skaper problem og gjer det vanskeleg for store køyretøy å passere, men personbilar kan køyre forbi. 

Årsaka til ulykka er ikkje kjent, opplyser politiet.

Glatte vegar

Politiet melder om glatte vegar og svært vanskelege køyretilhøve i Trøndelag etter snøfallet.  

- Snøfall og glatte veger skaper problem i trafikken både i Nord- og Sør-Trøndelag, det opplyser Vegtrafikksentralen.

I tillegg til kollisjonen i Osen stod eit utanlandsk vogntog fast på riksveg 714 mot Hitra. Riksvegen var stengt mellom Gjølme og Gagnåsvatnet.