Hopp til innhold

Einar (11) spådde tvungen lønnsnemnd – timinga synest han ikkje var all verda

Allereie for to veker sidan meinte Einar Sævik at streiken kom til å bli vanskeleg å løyse. No kjem han også med ein dyster spådom for neste år.

Einar Sævik

SPÅMANN: Theodor fortalde til NRK allereie for to veker sidan at han trudde streiken enda med tvungen lønnsnemnd.

Foto: Morten Karlsen / NRK

Eg vart ganske skuffa, for eg skulle på bytur saman med mormora mi i to dagar i Trondheim. Så eg vart litt irritert, men det var godt å få høyre at det var over, seier Einar.

NRK møtte guten for to veker sidan og intervjua han om lærarstreiken.

Den gong kjende han seg heilt sikker på at denne konflikten ikkje var mogleg å løyse med forhandlingar.

Det fekk han heilt rett i, då regjeringa tysdag kveld valde å ende streiken med tvungen lønnsnemnd.

Les også Raser etter tvungen lønnsnemnd: Lærere melder seg ut av Ap

Christoffer Hansen, Charlottenlund ungdomsskole

Ikkje det artigaste å vere heime

Men sjølv om timinga ikkje vart all verda for Einar, synest han likevel det er godt å vere tilbake på skulen.

Det er eigentleg ganske greitt. Det kjennest ganske herleg å sjå folk igjen og vere litt sosial. Men det er artig å vere litt heime også – du får litt kontakt med deg sjølv, då, seier Einar.

Også klassekamerat Theodor Yttervik Helgesen synest det var fint å vere tilbake.

Det er veldig bra, då får ein sett så mange venner som ein ikkje har sett under heile streiken.

Einar og Theodor

Einar og Theodor synest det er godt å vere tilbake på skulen, men kjenner seg sikker på ny streik neste år.

Foto: Morten Karlsen / NRK

Kjedeleg med streik

Mange elevar er glade for å vere tilbake på skulen. Nathaniel Hervik Thorbjørnsen går på Bekkevoll ungdomsskule i Molde, og synest streiken varte lenge nok.

– Eg har hatt det veldig kjedeleg når det var streik, så eg synest det er heilt supert at vi får komme tilbake på skulen igjen.

Korleis var det å komme på skulen i dag?

– Det var dette eg gledde meg til. No får eg vere saman med bror min som har starta i 10.klasse.

Nathaniel Hervik Thorbjørnsen, elev ved Bekkevoll Ungdomsskole i Molde

Nathaniel synest det er godt å vere tilbake.

Foto: Roar Strøm / NRK

Dyster spådom for neste år

Einar Sævik i Stjørdal synest det er godt å vere tilbake.

Og sidan har er god til å spå, er han ikkje redd for å komme med ein ny spådom.

Han trur nemleg på ny streik med lærarane neste år, sidan han har skjønt at dei ikkje er fornøgde.

– Eg er ganske samd i detså det er berre å førebu seg.

Klassekamerat Theodor stemmer i.

– Eg er veldig sikker på at det blir ny streik til neste år. Då håpar eg lærarane vinn og får meir lønn, seier Theodor.

Gutane har fleire tilrådingar for å unngå streik til neste haust.

– Eg trur at dei som sit på toppen og forhandlar, først må møte opp til møta, ikkje berre sitje der i to timar og diskutere litt. Dei må vere innstilte på at det er både liv og helse som står på spel. Det er viktig at dei faktisk får ei løysing kjapt, og blir samde om noko, seier Einar.

Les også Nå må hun blidgjøre 190.000 rasende lærere

Lærerstreik