Hopp til innhold

Vegen såg ut som eit trekkspel – no opnar den opp att

To veker etter at «Gyda» raserte vegen er E39 ved Vinjeøra igjen klar for trafikk.

Ekstremværet Gyda. E39 Vinejøra.

KOLLAPS: Vegen fekk omfattande skadar etter uvêret for to veker sidan.

Foto: Svein Stavås / NTB

Skadane på vegstrekninga sørvest i Trøndelag var enorme etter at uvêret «Gyda» herja for akkurat to veker sidan.

150 meter av E39 var meir eller mindre borte. Ein bekk tok eit nytt løp og fossa gjennom vegen. Asfaltdekket var fullstendig rive av.

– Eg trudde ikkje mine eigne auge då eg såg korleis vegen såg ut, seier Svein Stavås, som var ein av dei første som såg dei massive øydeleggingane.

– Vegen ligg som eit trekkspel, sa NRK sin reporter på staden.

E39 på Vinjeøra.

ENORME NATURKREFTER: Slik såg E39 Vinjeøra ut 13. januar etter uvêret «Gyda».

Foto: Jøte Toftaker / NRK

Ny veg i rekordfart

På knappe to veker har entreprenørar klart å bygge opp igjen ein ny veg. Torsdag kveld opnar den att.

– Vi måtte bygge opp alt på nytt. Det har vore ei oppgradering av vegen. Vi er kjempefornøgde med å bli ferdige så fort, fortel byggeleiar Arnt Inge Ødegård i Statens vegvesen.

Ny veg på E39 Vinjeøra

NY VEG: Innbyggjarane i Heim kommune får snart ny veg på E39 Vinjeøra.

Foto: Morten Karlsen / NRK

Stavås merka at det var ille tidlegare på kvelden då han sjølv køyrde forbi. Men han var likevel ikkje førebudd på synet av den raserte vegen.

– Eg var verkeleg overraska. Eg trudde ikkje det var så gale. Det gjekk ikkje an å gå der. Det var rett og slett forferdeleg.

Svein Stavås

OVERRASKA: – Eg trudde ikkje mine eigne auge då eg såg korleis vegen såg ut, seier Svein Stavås.

Foto: Morten Karlsen / NRK

– Ikkje mykje herredømme over nedbøren

Fleire av innbyggjarane i området vart overraska over at vegen kunne bli totalforandra i løpet av få timar natt til 13. januar.

– Det er berre bevis på at vi ikkje har mykje herredømme over nedbøren når den set i gang, sa Jomar Fjelnset, som var tidleg på staden etter at naturkreftene hadde herja.

Årsaka til at vegen kollapsa er samansett. Men det var stor snøsmelting og mykje nedbør. Vatnet tok nye vegar.

Det var også ein stokk som sette seg fast på tvers inne i ei stikkrenne – altså rør under vegen som skal ta unna vatn.

Fleire stikkrenner har blitt skifta ut, slik at dei kan takle store nedbørsmengder.

Omkøyringa for tyngre køyretøy har vore via Oppdal – ein omveg på fleire timar.

UTFORDRANDE: Den lokale omkøyringsvegen på E39 Vinjeøra er ikkje eigna for store køyretøy. Dei må køyre via Oppdal. Foto: Morten Karlsen

Ikkje bekymra for meir uvêr

Stavås rosar reparasjonsarbeidet som er gjort med vegen.

– Det har blitt gjort ein kjempejobb. Entreprenørane har jobba dag og natt. Det har vore stor anleggstrafikk her.

Fire gravemaskiner og seks lastebilar har vore i arbeid i anleggsområdet. I tillegg til å køyre fleire tusen kubikk med stein, har det også blitt montert nytt rekkverk.

– Det har gått kjempebra. Folk har stått på sidan dagen etter det skjedde. Dei har jobba lange dagar, seier Ødegård.

Arnt Inge Ødegård, byggeleiar, Statens vegvesen

HØGT TEMPO: – Vi er kjempefornøgde med å bli ferdige så fort, seier byggeleiar Arnt Inge Ødegård frå Statens vegvesen.

Foto: Morten Karlsen / NRK

Driftsentreprenøren Mesta og deira lokale underentreprenør Opsal og Fjelnset AS har hatt arbeidsdagar frå kl. 07-21, står det i ei pressemelding frå Statens vegvesen.

Ødegård er ikkje bekymra for meir uvêr i tida framover. Vegen skal vere rusta for å tole ein god del ekstra no.

– Neste gong det er uvêr søv vi godt. Ingen bekymringar for det.