Frostating lagmannsrett dømmer mannen til 15 år i fengsel.
Dette gjer om på dommen frå Trøndelag tingrett som var 15 år forvaring med ei minstetid på 10 år.
Mannen er dømt for bildrapet på 21 år gamle Sigve Bremset og to drapsforsøk 1. påskedag i fjor.
– Ein tar dommen til etterretning og så vil ein vurdere å anke.
Det seier statsadvokat Kaia Strandjord til NRK om dommen frå lagmannsretten.
31-åringen er også dømt til å betale 600.000 kroner til avdøde sine foreldre. I tillegg må han betale høvesvis 200.000 kroner til begge de to fornærma i saka.
Det var Trønder-Avisa som omtala saka først.
Ueinige om fengselsstraff er nok
I dommen frå lagmannsretten står det at drapet og drapsforsøka verkar som «ei impulsiv og spontan handling».
– Arten av drapet og drapsforsøka tilseier i seg sjølv at det i dag er reell og nærliggande fare for at 31-åringen vil gjere alvorlege valdslovbrot på nytt, står det i dommen.
Men fleirtalet av dommarane i lagmannsretten meiner denne faren vil svekkast over tid.
Difor meiner fire av sju av dommarane at fengselsstraff er nok til å verne andre sitt liv.
Dei resterande tre dommarane er ueinige og trekk fram tidlegare lovbrot og åtferd.
Mindretalet av dommarane meiner fengselsstraff er utilstrekkeleg til å verne andre sine liv, helse og fridom.
Dei trekk fram at faren om gjentaking er underbygd av at 31-åringen ikkje hadde noko klart motiv for drapa.
Dei to lagdommarane i saka er ueinige om den dømde mannen skal dømmast til forvaring eller fengselsstraff.
Slutninga frå lagmannsretten blei difor slik fleirtalet av dommarane meiner: Mannen slepp forvaring og blir dømd til 15 år fengselsstraff utan vilkår.
Tungt for foreldra
Foreldra til Sigve Bremset har hatt det tungt i tida etter drapet.
– De har hele tida vore opptatt av at det som skjedde med Sigve ikkje skal skje med andre.
Det sa bistandsadvokat Tove Røddesnes til NRK då 31-åringen blei dømd til 15 år forvaring.
Foreldra var fornøgd med at mannen blei dømd til forvaring i tingretten.
NRK har vore i kontakt med Røddesnes etter forvaringsstraffa fall i ankesaka. Dei har førebels ingen kommentar til dommen frå lagmannsretten.
Søkte etter trafikkulykker
Då 31-åringen forklarte seg i tingretten i oktober blei det klart han hadde søkt etter bilulukker på nett.
Han hadde blant anna oppsøkt ei nettside med innhald som «Women crushed alive by car».
Mannen sa at slike videoar fekk han til å føle seg betre, fordi han såg for seg folk han ikkje likte.
– Eg hugsar så vidt at eg sat meg i bilen og køyrde til Steinkjer, forklarte dømde i retten.
Han erkjente straffskuld både for aktlaust drap og aktlaus køyring, sjølv om han sa at han ikkje hugsa så mykje av det som hadde skjedd.
Mannen fortalde også at han hadde drukke alkohol i forkant av hendinga.