Hopp til innhold

Fryktar at Trøndelag skal bli ei slagmark: – Vi er redde

Eit knippe lokale personar på Ørlandet demonstrerte i ettermiddag mot den mellombelse stasjoneringa av allierte bombefly på kampflybasen i Trøndelag.

Demonstrasjon på Ørlandet 23. 02

DEMONSTRERER: Eit knippe lokale folk demonstrantar frå Ørlandet kritiserer den mellombelse stasjoneringa av amerikanske bombefly på norsk jord.

Foto: Johannes Børstad / NRK

De fire amerikanske bombeflya som skal vere stasjonert på Ørlandet i ein månad landa i går.

I dag demonstrerte eit knippe lokale personar mot dette.

– Vi er redde for at Trøndelag skal bli ei slagmark i ein krigssituasjon, seier Øyvind Næss.

Leiaren i Ørland SV er ein av rundt ti personar som deltok i markeringa utanfor kampflybasen på Ørlandet tysdag ettermiddag.

Øyvind Næss, leiar i Ørland SV.

FRYKTAR KRIG: Øyvind Næss, leiar i Ørland SV, fryktar at dei amerikanske bombeflya aukar spenninga mellom Noreg og Russland. Og at Trøndelag blir ei slagmark i ein eventuell krig.

Foto: Bent Vidar Lindsetmo / NRK

– Dette er ein opprusting av spenningsnivået mellom aust og vest. Vi er ein del av lokalbefolkninga her som ikkje ønskjer dette. seier han.

– Flya skal berre vere her i ein månad. Noreg er ein del av Nato-alliansen. Er det ikkje naturleg at desse flya kjem til Noreg og øver?

– SV sa ja til denne flyplassen for å forsvare landet vårt. Men vi vil ikkje ha amerikanske bombefly på norsk jord. Det aukar spenningsnivået, svarer Næss.

– Har hatt god dialog med demonstrantane

– Vi har hatt god dialog med dei som deltok i markeringa i dag. Det gjekk ordentleg for seg, seier Michael Bottenvik-Hartmann.

Han er nestkommanderande ved kampflybasen ved Ørland flystasjon.

Bottenvik-Hartmann meiner det er bra at dei som har sterke meiningar om denne saka ytrar seg.

Stilt overfor Næss sine utspel, svarer han:

– Det er flott at folk har moglegheit til å ytre sine meiningar. Det er jo det vi er her for. Men vi delar nok ikkje den bekymringa.

Michael Baas Bottenvik-Hartmann

Michael Baas Bottenvik-Hartmann, nestkommanderande ved kampflybasen ved Ørland flystasjon.

Foto: Ingrid Lindgaard Stranden / NRK

USA viser at dei verdset Nato-alliansen

Ryan Ollie Stallsworth leia dei amerikanske bombemannskapa på Ørlandet. Han ønska ikkje å kommentere korleis nærværet deira på norsk jord påverkar forholdet mellom Noreg og Russland då NRK snakka med han i går.

Men han fortel at det er viktig for USA å vise at de verdset Nato-alliansen.

– Det at vi er her viser det. Noreg er ein viktig alliert for å sikre beredskapen til Nato i Arktis og Nord-Atlanteren, seier Stallsworth.

Ryan Ollie Stallsworth kommanderer de amerikanske bombeflyene som nå trener fra Ørlandet.

VISE STØTTE TIL ALLIANSEN: Ryan Ollie Stallsworth leiar dei amerikanske bombeflya på Ørlandet og seier det er viktig for USA å vise at dei verdset Nato-alliansen.

Foto: Ingrid Lindgaard Stranden / NRK

Både SV og Raudt er sterkt imot amerikanske bombefly på norsk jord. SV viser til at amerikansk militær aktivitet på norske basar er ikkje i Noregs interesse.

– Dette er ein opptrapping av amerikansk verksemd på norsk jord. Det er uakseptabelt å gøyme seg bak ord som samtrening og øving, som gjer at det høyrest mindre alvorleg ut enn det er.

Det sa leiar i Raudt, Bjørnar Moxnes til NRK i går.

Utplassering av amerikanske bombefly på Ørlandet bryt ikkje med basepolitikken. Det skriv forsvarsminister Frank Bakke-Jensen i eit innlegg publisert førre veke.

For sjølv om framande makter ikkje kan plassere styrker permanent i Noreg, så kan dei øve og trene her i kortare periodar i fredstid, meiner Bakke-Jensen.