Det mistenkelege sprengstoffet var ein del av ei CT-maskin som høyrer til på Tynset sjukehus, melder Arbeidets rett som først omtalte saka.
– Det er ein computer til CT-maskina som er her på sjukehuset. Vi hadde ein defekt computer som skulle returnerast til Tyskland i same kasse som vi fekk ein ny computer, seier Jon Nybakk som er seksjonsleiar ved avdelinga medisinsk teknologi ved Tynset sjukehus til NRK.
Ei CT-maskin blir brukt for å gjere røntgenundersøkingar av ulike delar av kroppen. Det er mellom anna godt eigna for å få fram endringar på lunger, hjerne, hjarte og indre organ.
- Les også:
Evakuerte flyplassen
Torsdag ettermiddag gjekk alarmen ved Røros lufthavn etter at ein test på to trekasser gjorde utslag på sprengstoff.
Ei bombegruppe kom til Bergstaden med helikopter torsdag kveld, men dei greidde ikkje finne noko som var interessant.
– Dei gjorde søk med bombehund og etter det ein bombehund til, men det blei ingen utslag på noko som var av interesse for dei, sa polititenestemann Røros Håkon Steen fredag føremiddag.
Defekt elektronikk kan ha gjort utslag
Ved Tynset sjukehus er dei veldig overraska over at innhaldet i kassene gjorde utslag og førte til bombealarmen. Dei har aldri opplevd noko liknande og veit ikkje kvifor det blei utslag.
Men seksjonsleiaren har ein mogleg teori.
– Det einaste vi kan ha mistanke om, er at det kan vere noko defekt elektronikk i vara vi sende av garde som kan ha gjort utslag og vere årsaka, seier Nybakk.
Dette blir no ei sak mellom leverandøren og politiet.
– Vi stiller oss til disposisjon for politiet om det er ønskje om fleire opplysingar, seier Nybakk.