Hopp til innhold

Familien bur midt mellom opptøyane i Paris: – Ei autentisk fransk oppleving

Midt mellom demonstrasjonstog, streikar og protestar i Paris går vesle Aurora i barnehage.

Silje Haugen Warberg, Aurora Haugen Warberg og Marius Warholm Haugen i Paris

OPPTØYAR: Midt mellom opptøyar og demonstrasjonar bur Marius Warholm Haugen (t.h.) saman med Silje Haugen Warberg og dotter deira Aurora.

Foto: privat

Etter at ei svært upopulær pensjonsreform vart vedteken utan avstemming i Frankrike, har folket tatt til gatene for å protestere og vise si misnøye. Fleire har også blitt arrestert.

– Det er jo ganske dramatisk, på eitt vis, med stadige demonstrasjonstog og streikar.

Det seier Marius Haugen. Han bur i Paris midt mellom protestar og demonstrasjonar, saman med kona si Silje og dottera Aurora på 2 år.

Rett utanfor leilegheita til Haugen og familien tok franskmennene til gatene etter at den nye pensjonsreforma vart vedteke.

– På torsdag kveld så kom det litt nærare enn det har vore før. Då var det ein utbrytargjeng frå hovuddemonstrasjonane som tok seg opp gata vår og hadde eit samanstøyt med politiet rett borti krysset her.

Haugen er professor i fransk litteraturvitskap ved NTNU, men har eitt år forskingsopphald i Paris.

Her bur han saman med kona si Silje og dottera deira, Aurora, på 2 år.

– Livet går jo sin vande gang og ein er jo vane med her at det gjerne er litt liv i gatene. Men det er litt ekstra for tida trur eg, seier professoren.

Les også Fikk vann og tjære inn på studenthybelen: – På høy tid å rydde opp

Thea Karin Fladby reagerer på Brevik utleie.

«Fransk maner» å ta til gatene

Ikkje berre er pensjonsreforma som får folket til å ta til gatene. Den siste tida har det også gått føre seg streikar blant søppelarbeidarar og i transportbransjen.

Gatene er fylt med søppel, bygningar står i brann og demonstrantar blir spraya ned med peparspray.

Men i starten var det rolege demonstrasjonar med pølsegrilling og parolar. Dette var noko 2-åringen i familien likte, då dei gjekk forbi demonstrantane på veg til barnehagen.

– Ho syntest det har vore mest gøy med store ballongar. I starten av demonstrasjonane, før dei blei verkeleg sinte, var det litt meir liv og glede, fortel faren.

Demonstrasjonar er nesten blitt kvardagskost for han som har budd i Frankrike to gongar tidlegare.

– På eitt vis er det ei autentisk fransk oppleving. Eg har budd i Frankrike to gongar tidlegare og kvar gong eg har vore her så har det vore nokre brutale demonstrasjonar.

Men etter at regjeringa tvang gjennom pensjonsreforma, blei demonstrasjonane brått meir brutale.

– Dei fleste eg snakkar med er sint og opprørt på regjeringa. Særleg etter dei tvang gjennom reforma. Men så er det også nokre som er litt oppgitt over dei litt meir valdelege tendensane og øydeleggingane som skjer, legg professoren til.

Les også Opptøyene i Frankrike fortsetter – rådhus i brann

Det er store opptøyer i Frankrike etter en foreslått pensjonsreform, i Bordeaux ble rådhuset satt fyr på.

Frå hyggelege streikar til aggressive demonstrasjonar

Sjølv bur dei i ein roleg bydel, og har ikkje følt seg utrygge på grunn av demonstrasjonane og streikane.

– I andre bydelar er det litt ubehageleg med at ein går forbi store haugar med søppel som ikkje blir henta. Det er også sånn at nokre av dei mest brutale demonstrantane har tent på desse søppelhaugane. Og det er jo hakket meir skummelt, seier Haugen.

Sparkesykkel og søppel etter opptøyer i Paris.

På veg til barnehagen, dagen etter demonstrasjonar blei dei møtt av mykje søppel og rot i gatene. Aurora på 2 år trudde demonstrasjonstoga var luciatog med vaksne som gjekk forbi barnehagen.

Foto: privat

Enkelte av demonstrasjonstoga gjekk forbi barnehagen gjekk forbi barnehagen og då trudde 2-åringen det var luciatog med vaksne som gjekk forbi. Men då dei frykta for sikkerheita til barna, stengde dei barnehagen.

– Den måtte stenge tidlegare ein dag fordi myndigheitene ikkje kunne garantere heit for sikkerheita når demonstrasjonstoget skulle gå rett forbi.

Les også Macron tvang gjennom pensjonsreform – politiet bruker tåregass – over 200 arrestert

En demonstrant i Paris forsøker å sparke vekk en beholder med tåregass torsdag kveld.