Hopp til innhold

Her merker dei usunn mat – det har endra kva folk kjøper

Ville du vorte påverka om maten du hadde lyst på hadde åtvaringar på seg?

Ulike typer mat i emballasje ligger og står på et bord. På pakningene er det svarte åttekanter med advarsler om at maten inneholder mye sukker, mye mettet fett, eller mange kalorier. Chile var det første landet som innførte denne typen merking.

INFORMASJON: Dei svarte åttekanta symbola fortel folk om maten er usunn.

Foto: Katharina Meyer / DPA

Det starta med ein idé frå ein politikar i senatet i Chile. Han var bekymra over at stadig fleire chilenarar vart overvektige og fekk sjukdommen fedme.

– Sjølv om vi hadde hatt helsekampanjar og liknande auka fedmen, spesielt hos barn, fortel forskar Marcela Reyes ved Universitetet i Chile.

Løysinga var enkel: Merk all usunn mat med at han faktisk er usunn. Er det for mykje sukker, salt, metta feitt eller kaloriar? Då skal det stå med ein svart åttekant på innpakkinga.

Åttekanta advarsler som skal brukes på mat som inneholder mye sukker, metta fett, salt eller kalorier. Teksten står på spansk.

Teksten på åttekantane fortel at maten som er merkt med denne grafikken inneheld mykje sukker, salt, metta feitt eller kaloriar.

Grafikk: Helsedepartementet i Chile

I tillegg vart det forbode å selje sånn mat i skulekantiner, og å reklamere for sånt retta mot barn.

I 2016 byrja den nye lova å verke. Det tok ikkje lang tid før det gav resultat.

Les også Stine (24) gjennomførte fedmeoperasjon – mistet livsgnisten

Stine Blekkan

Motstand

Chile er ikkje det første landet som krev at produsentane merker maten med kva han inneheld.

Her heime i Noreg kan du til dømes sjå kor mykje energi brusflaska di inneheld. Men det er ikkje så lett å forstå kva dette betyr.

Ei liggende halvliters colaflaske. Vendt mot kamera er merking som viser hvor mye energi ei halv flaske inneholder.

Det vesle grå og kvite merket viser kor mykje energi det er i ein porsjon brus. Det er to porsjonar i halvlitersflaska.

Foto: Sverre Lilleeng / NRK

I tillegg blir det grøne nøkkelholet brukt på mat som er sunnare enn liknande produkt i same kategori.

I Chile har dei gjort det enda tydelegare.

– Matindustrien her var sjølvsagt veldig mot dette, fortel Marcela Reyes.

Dei sa at merkinga mellom anna ville føre til færre jobbar, og problem med å få importert mat til Chile.

Resultata kom fort

Dei siste åra har Reyes og eit større team ved Universitetet i Chile forska på verknadene av reglane som vart innførte.

Den chilenske forskeren Marcela Reyes smiler mot kamera. Hun har krøllete, svart hår. Bakgrunnen er helt hvit.

Marcela Reyes har forska på korleis matmerkelova i Chile har funka.

Foto: INTA

Allereie eitt år etter at maten vart merka gjekk salet av usunn mat ned.

Spesielt såg forskarane ein klar nedgang i salet av brus, jus og andre drikkevarer med sukker.

– Det er ein stor suksess, seier Reyes.

– Den største endringa kom i drikke. Endringa er mindre for annan typar mat, men vi har sett ein klar nedgang der òg.

I tillegg til betringa i kva folk kjøper, har industrien teke grep.

Utsikt over Santiago, hovedstaden i Chile. I forgrunnen er det noen trær. Midt i bildet er det høyhus, og i bakgrunnen er det fjelltopper med snø på.

Matindustrien i Chile har blitt påverka av lova.

Foto: Sverre Lilleeng / NRK

Les også Ut mot boller og brus på norske sykehus: – Du blir oppfordret til å gjøre feil valg

Kanelboller på et fat

Endra innhald

Dei har rett og slett gjort ein del av maten sunnare.

– Før innføringa av lova rekna vi med at rundt halvparten av all mat måtte merkast med at han inneheldt for mykje av noko. Men resultatet er at berre 40 prosent av maten trong denne merkinga, fortel Reyes.

Reglane har vorte gradvis strengare. Grensa for kva som skal merkast har vorte stadig lågare. Målet har vore å gi industrien tid til å henge med på utviklinga.

– Vi har ikkje publisert desse resultata, men vi har sett at det same har skjedd for kvar gong reglane har vorte stramma inn, seier forskaren.

Svarte åttekanta advarsler om at maten i en pappeske inneholder mye kalorier og sukker. På sida av esken kan man se innholdsfortegnelsen. Bildet er av matmerking i Mexico.

Fleire andre land har kopiert matmerkinga som Chile starta med. Dette eksempelet er frå Mexico.

Foto: ProtoplasmaKid / Wikimedia/CC SA-4.0

I tillegg viser det seg at det ikkje har vorte færre arbeidsplassar i industrien, og lønna til arbeidarane har ikkje utvikla seg annleis enn hos andre.

Ekspertgruppe

Klinisk ernæringsfysiolog Tine Sundfør har nettopp brukt dømet frå Chile i undervisninga for masterstudentane i samfunnsernæring.

– Eg kjenner at eg har eit ambivalent forhold til det, for å seie det sånn, fortel ho.

I tillegg til å forelese sit ho også i ei ekspertgruppe som skal finne effektive tiltak for at nordmenn skal få eit sunnare kosthald.

– Personleg trur eg at viss dette verkeleg skal fungere, så må vi supplere det med ein kombinasjon av avgifter på usunn mat og gjerne subsidiar på sunn mat, seier Sundfør.

Klinisk ernæringsfysiolog Tine Sundfør står med en rødrutete frakk med en høstfarga hage i bakgrunnen.

Tine Sundfør har doktorgrad i ernæring.

Foto: Jil Yngland / NTB

Det er med andre ord ikkje nok å merke maten med at han ikkje er så sunn.

I tillegg håpar Sundfør det kan innførast eit forbod mot å lage store pakningar og flasker med usunn mat og drikke. Til dømes at det ikkje skal vere lov å lage brusflasker som er større enn éin liter.

– Det er den våte draumen min, seier ho.

Sundfør seier dei som sel mat, lagar store pakningar for å få oss til å kjøpe meir.

Og når vi kjøper meir, så et vi meir.

Marcela Reyes i Chile meiner merkinga som er innført der har vore ein suksess. Men ho er samd i at det må gjerast endå meir.

– Det er ikkje nok, ikkje i det heile. Det er framleis fleire som får fedme.

Noen holder opp ei sprøyte med slankemedisinen Wegovy. Den har blå logo og ei grå hette på sprøyta. Uskap bakgrunn.

Nordmenn har kjøpt slankemedisiner for over 420 millioner i år