Det blei store skadar etter brannen i Søndre gate. (Foto: Scanpix/Gorm Kallestad)
Tre månader etter brannen i Søndre gate i Trondheim står etterforskinga til politiet i stampe.
Det same gjeld for brannen i bakgården til kafeen 1001 natt i Olav Trygvasonsgate der det brann for to månader sidan.
- Begge brannane er under etterforsking, men vi har ikkje funne ut kven som har tent på dei, seier politioverbetjent, Jon Anders Øien, ved Sentrum politistasjon til NRK Trøndelag.
Skadane var størst i brannen i Søndregate 7 og 9, men det var mest dramatisk i Olav Trygvasonsgate der femten personar blei evakuert.
Av omsyn til etterforskinga vil ikkje politiet seie kva spor dei har, men det er lite som tyder på at brannane nokon gong blir oppklart.
- Så lenge saka er under etterforsking håper vi å komme lenger i arbeidet med å finne brannstiftarane, seier Øien.