Brannen i Trondheim var påsett

Brannen i ei bustadblokk i Trondheim fredag morgon var påsett.

Røykutvikling Innherredsveien i Trondheim

Brannvesenet sendte alt tilgjengeleg utstyr til Innherredsveien.

Foto: Tor Aage Hansen

Det stadfestar Kriminalvakta ved Sør-Trøndelag politidistrikt. Politiet ønskjer no å komme i kontakt med folk som kan ha opplysingar om brannen.

– Vitne som kan seie noko, bør kontakte politiet så raskt som muleg, seier krimvaktleiar ved Sør-Trøndelag politidistrikt, Finn Sagmyr, til NRK.no.

18-åring til sjukehus

Ein person er sendt til St. Olavs Hospital med røykskadar etter ein brann i ein bygård i Trondheim.

– Ein mann er køyrd til St. Olavs Hospital i ambulanse med røykskadar. Han blir behandla på sjukehuset, seier operasjonsleiar ved Sør-Trøndelag politidistrikt, Erling Landrø, til NRK.no.

I alt 21 personar blei evakuert frå bustadblokka i Innherredsveien i Trondheim fredag morgon.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video Brann i Innherredsveien

Litt før klokka 0700 er evakueringa over og brannvesenet og politiet har kontroll på staden.

– Det har vore ein brann i kjellaren i oppgangen til leilegheitene. Det er for tidleg å seie noko om årsaka til brannen, seier brigadeleiar ved Trøndelag brann- og redningstjeneste, Frode Johnsen, til NRK.no.

Vekt av sonen
Unni Trøan

Unni Trøan er no innstallert på Hotel Royal Garden i Trondheim.

Foto: Arne Kristian Gansmo / NRK

21 personar har adresse i Innherredsveien 67B. Det er sju familiar med små barn. Unni Trøan vakna av at sonen kom og lurte på om ho laga mat klokka 0530.

– Eg svarte nei og sa at han måtte gå å legge seg. Då eg gjekk ut på gangen, var det fullt av røyk og vi såg ingenting. Heile leilegheita mi var full av røyk, seier Unni Trøan som er ein av dei evakuerte til NRK.no.

Sonen hennar fekk panikk og sprang ut i gangen.

– Han blei røykforgifta og er sendt til St. Olavs Hopital, seier Trøan.

Henta ut med lift

Sjølv blei Unni Trøan henta ut i lift av brannvesenet sidan ho bur i tredje etasje.

– Det gjekk bra, men eg har høgdeskrekk, så det var ikkje så enkelt, seier Trøan frå bussen der ho og resten av dei evakuert ventar.

Ein 20 dagar gamal baby er blant dei 21 evakuerte.

– Vi vakna av at politiet banka på døra og så blei vi evakuert, seier pappaen til babyen Marwan Abo Arida til NRK.no.

Heile nabolaget blei oppskaka etter brannen.

– Naboane mine er også i sjokk. Dette var tragisk, det var ikkje noko artig morgon dette, seier Trøan.

(Artikkelen held fram under bildet)

Abdalraman

Tjue dagar gamle Abdalraman blei redda ut frå førte etasje i bygget.

Foto: Arne Kristian Gansmo / NRK

Sterk røykutvikling

Politiet fekk melding om brannen klokka 0546. Det var sterk røykutvikling frå første etasje i bygget og røykdykkarar søkte gjennom bygget.

– Dei som bur i første etasje får vi ut på det nivået, mens bebuarane i andre og tredje etasje tek brannvesenet ut med lift frå tak på grunn av at det er veldig mykje røyk i oppgangen, sa operasjonsleiar Erling Landrø like etter klokka 0600 fredag morgon.

Det blei ikkje sett opne flammer og brannvesenet sendte alt tilgjengelig utstyr til staden.

Litt over klokka 0700 melder innsatsleiar på staden at dei har kontroll over situasjonen. Teknikere frå politiet skal undersøke bygget så snart som råd.

Dei evakuerte blei sendt med ein buss til Hotel Royal Garden i Trondheim.

E6 var stengt frå Mellomveien og til Rønningsbakken på grunn av brannen. Klokka 0720 meldte Statens Vegvesen at eit felt var opna for trafikk forbi brannstaden.

Brann Innherredsveien i Trondheim

Politiet har sperra av inngangen der brannen starta.

Foto: Tor Aage Hansen