Hopp til innhold

– Vi var livredde då vi vakna

Familien Arab frå Irak var livredde då dei fredag morgon blei evakuert frå andre etasje i bygården som brann i Trondheim.

Familien Arab blei evakuert frå brannen i Trondheim

Familien Arab blei evakuert frå brannen i Trondheim. Frå venstre Miriam Farouk, Martin (6 år), Marsel (8 mnd), Merna (11 år)og Haitham.

Foto: Arne Kristian Gansmo / NRK

– Vi var livredde. Då vi vakna klokka 06.00, begynte vi å skrike, seier elleve år gamle Marna Arab til NRK.no.

Ho og søskena blei evakuert via ein lift, mens mor og far gjekk ned trappa.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video Brann i Innherredsveien

18-åring til sjukehus

I alt 21 personar blei evakuert frå bustadblokka som ligg i Innherredsveien i Trondheim.

Ein 18 år gamal mann sprang gjennom blokka og ropte for å vekke alle saman. Han fekk i seg mykje røyk og blei sendt til sjukehus i ambulanse.

– Han blir behandla på sjukehuset, seier operasjonsleiar ved Sør-Trøndelag politidistrikt, Erling Landrø, til NRK.no.

Ifølgje politiet ligg mannen til observasjon på St. Olavs Hospital.

Vakna av sonen

Unni Trøan

Unni Trøan måtte reddast ut av bygget med ein lift.

Foto: Arne Kristian Gansmo / NRK

18-åringen som blei sendt til St. Olavs Hospital er sonen til Unni Trøan. Ho vakna av at han spurte om ho laga mat.

– Hadde det ikkje vore for sonen min som vakna, veit eg ikkje korleis det hadde gått, seier Trøan til NRK.no.

Ho bur i fjerde etasje og dette er først gong ho opplever ein brann.

– Det var nifst og ikkje noko artig, fortel Trøan frå frukostsalen på Hotel Royal Garden der alle dei evakuerte blei samla etter brannen.

Ukjent årsak

Politiet fekk melding om brannen klokka 0546.

Det var sterk røykutvikling frå første etasje i bygget og fleire av bebuarane måtte evakuerast med ein lift frå taket.

– Det har vore ein brann i kjellaren i oppgangen til leilegheitene. Det er for tidleg å seie noko om årsaka til brannen, seier brigadeleiar ved Trøndelag brann- og redningstjeneste, Frode Johnsen, til NRK.no.

Teknikere frå politiet skal undersøke bygget i føremiddag.

Brann Innherredsveien Trondheim

Brannen skal ha starta i trappeoppgangen i bustadblokka.

Foto: Tor Aage Hansen / NRK