Hopp til innhold

Boligbrann i Melhus under kontroll

Hus på Gimse tok fyr. Lynnedslag var trulig årsaka.

Klokka 18.12 fekk politiet melding om brann i ein einebustad i Melhus. Både politi og ambulanse rykka ut saman med brannvesenet.

Lynnedslag

Lynet var trulig årsaka til brannen, seier operasjonsleiar Leif Berglund i Sør-Trøndelag politidistrikt.

- Lynet skal ha slått ned i eit tre utanfor huset. Dette kan ha forplanta seg vidare i ei utelampe og så vidare til husveggen.

Det er enda ikkje klart om dette er årsaka. Kva som har hendt veit ikkje politiet sikkert før dei får etterforska. Det hender ikkje før i morgon, seier Berglund.

Brannen spreidde seg frå veggen til taket., som gjorde at brannvesenet hadde problem med å få kontroll på brannen. Klokka 19.35 fekk politiet melding om at brannen var under kontroll.

Huset var truleg tomt då brannen starta.

- Brannvesenet har søkt gjennom huset. Det skal ikkje vere nokon inne, seier operasjonsleiar. Eg har fått bekrefta at bebuarane har vore bortreist, men at dei er på veg tilbake no og veit om brannen, seier Berglund.

Før brannen var under kontroll var det store mengder tjukk røyk i området.