Hopp til innhold

Bjørn skal på sitt 27. utanlandsoppdrag

Bjørn Støwer frå Frosta har arbeidd som frivillig hjelpearbeidar sidan 1996. Denne gongen skal han sørge for reint vatn ved eit feltsjukehus i Nepal.

Guatemala Guatemala jordskjelv

Her er Bjørn Støwer i aksjon som delegat i Guatemala. Han reiste for å jobbe som delegat for Røde Kors med tilgang på reint vatn etter jordkskjelvet 7. november 2012. Jordskjelvet er det kraftigaste som har råka Guatemala sidan 1976, og vart målt til 7,5 på richters skala.

Foto: Bjørn Støwer/Røde Kors / NRK

Han skal vere med å hjelpe til med vatn- og sanitærarbeidet ved feltsjukehuset, som Røde Kors sender nedover til Nepal. Han vart med i Røde Kors for fem år sidan som delegat innanfor vannforsyning, sanitær- og hygienearbeid.

– Eg veit ikkje nøyaktig kvar eg skal enno. Det får eg først vite når eg kjem nedover, seier Støwer, som no blir sendt ut på sitt andre oppdrag for Røde Kors.

Det einaste han veit er at han skal vere med i teamet som skal drifte eit feltsjukehus med 60 senger.

– Mi hovudoppgåve blir å drifte vannforsyninga og dei sanitære-foholda til sjukehuset og teamet på 25 personar. Det er i all hovudsak medisinsk personell, med kompetanse på kirurgi.

Internasjonale oppdrag

Han har jobba som frivillig hjelpearbeidar sidan 1996. Først for Kirkens Nødhjelp i beredskapsgruppa for vatn og sanitær. Til saman vart det 25 oppdrag for Kirkens Nødhjelp før han byrja i Røde Kors.Til dagleg er han leiar for eit vassverk i Frosta.

Det er vanskeleg å seie kva som er mest utfordrande med å bli sendt ut på oppdrag.

– Det er stor skilnad på kvar einskild situasjon, men du blir møtt av eit kaos. Etter planen skal eg vere der i tre veker, fortel Støwer.

Enkeltmenneske

Det som gjer mest inntrykk er møte med menneska, som er i krise.

– Du kjem veldig nært innpå folk. Det set spor å møte menneske i krise, men samstundes er eg veldig imponert av dei menneska eg møter og korleis dei taklar katastrofane som har råka dei. Dei taklar det mykje betre enn det me ville ha gjort. det har med fallhøden å gjere. I Noreg har me det så bra på alle måtar, medan dei ikkje opplever det slik, seier Støwer.