Hopp til innhold

Var gjennom «helvete» etter fødselen – etterlyser tilbod over heile landet

Kvar du bur avgjer kva helsetilbod kvinner med fødselspsykose får. Enn så lenge finst det to spesialiserte plassar for denne gruppa.

Cathrine og sonen leikar med bamsar

FØDSELSPSYKOSE: Cathrine oppleve å ikkje bli sett på som ei nybakt mamma då ho blei innlagd med fødselspsykose og separert frå sonen.

Foto: Sunniva Skurtveit / NRK

Ei veke etter at Cathrine i 2019 blei mamma blei ho lagt inn på lukka avdeling på Sandviken psykiatriske sjukehus i Bergen.

Då oppstod det eigentleg fullstendig panikk for meg. Og det var då alle instinkta og bjørnen i meg vakna.

Cathrine beskriv tida på psykiatrisk sjukehus som kaotisk og fylt av traume. Her var ho innlagd aleine i to månader og det tok ein månad før ho fekk sjå sonen igjen.

– Eg måtte gjennom veldig mykje, eit helvete eigentleg, legg Cathrine til.

Ho har etterlyst eit betre tilbod og meir informasjon for dei som hamnar i same situasjon som ho.

– Eg trur eit slags mor-barn-senter der du kan kome med fødselspsykose, ammeproblematikk og alt mellom, kan vere ei løysing, sa Cathrine til NRK i fjor.

Men lite visste ho at eit slikt tilbod allereie fanst – berre i Trøndelag.

Les også Ei veke etter fødselen låg Cathrine på lukka avdeling med psykose

Innlagd med barn og partnar

For i Orkland i Trøndelag blei det i 2018 oppretta eit tilbod der mødrer kan leggast inn saman med barn og partnar.

Me veit også at mødrer som ikkje blir separert frå spedbarnet sitt har ein kortare sjukdomsgang.

Det seier psykologspesialist ved Helgelandssjukehuset, Malin Olsen Johansen.

I Noreg blir dei aller fleste som får fødselspsykose innlagd på akuttpsykiatrisk avdeling, slik som Cathrine. Men i Orkland blir dei fort overført til ei familieleilegheit og foreint med barnet sitt igjen.

Psykologspesialist Malin Olsen Johansen

Psykologspesialist Malin Olsen Johansen seier dei no er i gang med ei klinisk undersøking for å finne ut om tilbodet fungerer og har ønska effekt.

Foto: privat

Olsen Johansen forklarar at det å skilje mor og barn kan forverre mor sin tilstand.

Det blir den ultimate bekreftinga på at eg ikkje får dette til. Men så er det også heilt naudsynt for mor si psykiske helse at me set i gang behandling retta mot ho.

Nettopp dette ser Cathrine på som grunnen for at ho blei innlagd på akuttpsykiatrisk avdeling for andre gong.

Då var eg innlagd på grunn av litt andre ting. Då var det fødselsdepresjon, angst og begynt å bli litt sjølvmordstankar ut ifrå kor tøft det var å kome tilbake.

– Det hadde dreia seg så mykje om fødselspsykosen og at eg var sjuk, men veldig lite om morsrolla og alle bekymringane eg hadde rundt det, legg Cathrine til.

I Orkland får mor behandling for sin sjukdom og oppfølging på samspelet og relasjonen til barnet sitt.

Frå 2024 finst dette tilbodet også ved Helgelandssjukehuset i Mosjøen.

Familieleilighet på Nidelv DPS i Orkland.

I familieleilegheita på Nidelv DPS kan mor bu saman med barnet og ein annan omsorgsperson.

Slik ser et av de såkalte skjermingsrommene på Sandviken sjukehus ut

På eit slikt rom blei Cathrine låst inne. Ho fekk inn ei madrass på natta og vindauge var sota slik at ho ikkje kunne sjå ut. Bilete er frå 2017 og tatt i forbindelse med ei anna sak.

Med ein fødselspsykose kan mor bli mindre sensitiv for barnet sine signal.

– Det kan skape frustrasjon hos mor og gje næring til tankar som «eg får ikkje til dette. Eg forstår ikkje barnet mitt. Eg er mislukka». Som igjen forsterkar den depresjonen eller psykosen som er i utvikling, forklarar psykologspesialisten.

Les også Barn er spesielt utsett når mamma eller pappa blir teken av politiet

Politi setter håndjern på en dame.

– Tilfeldig kva behandling du får

I land som England, Australia og Frankrike finst det eigne avdelingar der mødrer med fødselspsykose blir lagt inn med barnet sitt.

Det er vurdert til å vere beste praksis med integrerte barsel- og psykisk helse einingar der mødrer og barn blir lagt inn saman.

Olsen Johansen seier også at det ikkje finst ei eiga spesialisering som omhandlar psykisk helse i barseltid i Noreg.

– No blir det behandla som ein vanleg psykose, men det er ikkje ein vanleg psykose.

Difor har ein i Orkland og Mosjøen laga eit tilbod som koplar saman barn- og vaksenpsykiatri.

– Her gjer me to ting som me allereie gjer, berre at me tidsmessig gjer det samtidig. Og det krev litt samarbeid.

Tanken er at dette ikkje skal vere ekstra jobb eller koste så mykje meir, fordi sengeplassane eksisterer allereie i vaksenpsykiatrien.

– Viktig å undersøke at det me gjer har noko for seg, fordi det er sånne tilbod det er enkelt å sette eit pennestrøk over når det kjem til budsjettkutt.

Olsen Johansen meiner tilbodet kan settast i gang overalt i landet der det finst eit distriktspsykiatrisk senter (DPS).

– I dag er det litt tilfeldig kva behandling du får etter kvar du er, legg psykologspesialisten til.

Helse- og omsorgsdepartementet viser til Nasjonal helse- og samhandlingsplan som leggast fram på nyåret.

– Me er opptekne av at gravide, kvinner som skal føde og nye foreldre skal få ei så god og trygg oppleving av fødsels- og barseltilbodet som mogleg.

Det seier statssekretær Karl Kristian Bekeng som er positiv til utvikling av desse nye behandlingstilboda.

For Cathrine gjev tilbodet i Orkland og Mosjøen håp, men det er også vanskeleg å tenke på at det ikkje finst i Bergen eller resten av landet.

Cathrine, Lasse og sonen spelar spel

– Det handlar jo litt om vilje og prioriteringar. For behovet det veit me at er der. Så politikarane må vakne og dei må handle. Dette er viktig, seier Cathrine.

Foto: privat

– Eg var jo som ein godtepose for dei.

Cathrine opplevde at dei ikkje hadde nok kunnskap om fødselspsykose, og at det var mykje prøving og feiling med medisinar.

Avdelingsoverlege Jan Alexander Steier og Klinikkoverlege Eirik Johnsen svarar at dei på Sandviken har høg kompetanse på å handtere, beskytte og behandle kvinner med fødselspsykose.

– Me har fokus på trygging samtidig som me gjer behandling som raskast mogeleg skal hjelpe dei ut av den akutte sjukdommen, skriv overlegane.

Dei kjenner ikkje til planar om å opprette eit slikt tilbod i Bergen. Men på Sandviken jobbar dei stadig med korleis dei på best mogeleg vis skal handtere kvinner med fødselspsykose.

Les også Depresjon og angst hos unge i Norge har doblet seg de ti siste årene

Deprimert kvinne ligger i senga.