Hopp til innhold

Ei veke etter fødselen låg Cathrine på lukka avdeling med psykose

Då Cathrine fekk ein alvorleg fødselspsykose vart ho plassert på lukka avdeling. Det gjekk ein månad utan kontakt med den nyfødde sonen sin.

Cathrine og sonen leikar med bamsar

FØDSELSPSYKOSE: Cathrine og sonen kan no leike med bamsen ho trudde var sonen då ho hadde fødselspsykose.

Foto: Sunniva Skurtveit / NRK

Sommaren 2019 fekk dei sitt fyrste barn.

Dei som var to, blei tre.

Cathrine og Lasse Hilton var no foreldre.

Alt var på plass for at me skulle få det fint. Me følte oss heldige heile tida.

Det var før dei visste kva som skulle skje.

Det var ein varm julidag sonen deira kom til verda.

Cathrine har blitt mamma

Svangerskapet gjekk fint. Fødselen gjekk fint. Alt var fint.

Cathrine og sonen

– Eg låg der med eit smil om munnen og tenkte «fy kor heldige me er».

Men slik skulle det ikkje vere lenge.

Den fyrste tida saman

Lykkerusen blei fort bytta ut med stress for å få i sonen nok mat.

Cathrine sleit med å amme.

– Du har ei forventning om at det berre er å kople på og så er alt bra.

Men slik var det ikkje.

Cathrine og sonen på sjukehuset

Mor og son på fødestova. Søvnlause netter på grunn av utfordringar med å amme gjorde Cathrine sliten.

Foto: privat

Nokon sa dei måtte gjere det på ein måte. Andre sa det totalt motsette.

Eg opplevde at det var veldig mykje stress rundt det, og det var lite hjelp å få.

Cathrine sat igjen med mange spørsmål om kva ho hadde lov og ikkje lov til å gjere.

Er dette normalt? Skal eg berre ligge her i ro? Kva tid kan eg dusje? Korleis?

Etter kvart fekk den nybakte mora faste tidspunkt ho skulle amme eller pumpe på.

– Får eg ein beskjed så høyrer eg på den. Men det gjekk heilt i hovudet på meg.

Søvn blei nedprioritert fordi ho ikkje ville «gå glipp» av dei faste ammetidspunkta.

– Eg blei frustrert og lei meg og så enda det med at dei tok han vekk for å gje han erstatning.

  • Notat over ammetidspunkt

    Ammeproblematikkeen heldt fram då dei kom heim frå sjukehuset, så Cathrine

  • Notat over ammetidspunkt

    – Det er noko som verkar som alle får til, så då sit du der og følar deg mislukka, forklarar småbarnsmora. Systemet og skrifta blei meir rotete og uklar for kvar dag som gjekk.

Fødselspsykosen kom til syne

Cathrine heldt fram med å nedprioritere søvn. Ho begynte å «miste kontakt» med verkelegheita.

Småbarnsmora er utdanna folkehelsearbeidar og har eit brennande engasjement for kvinnehelse og oppfølging under graviditet og barseltid.

Ho vart overtydd om at ho skulle lage ein dokumentar om nettopp dette.

Alt skulle filmast og dokumenterast.

– For meg var det heilt verkeleg og ekte. Eg var med i ein dokumentar.

sonen til Cathrine sine føter

Under graviditeten blei ikkje Cathrine spurt om si psykiske helse. Då hadde dei kanskje oppdaga at ho hadde større risiko for å få fødselspsykose, sidan mor hennar hadde det.

Foto: privat

Fødselspsykosen hadde starta, utan at dei la merke til det.

Fødselspsykose rammar 1 til 2 av 1000 kvinner og oppstår kort tid etter fødsel.

I 2019, året Cathrine fekk barn, var det 53 788 fødslar i Noreg, viser tal frå SSB. Det vil seie at mellom 53 og 107 kvinner fekk fødselspsykose dette året.

Lasse opplevde Cathrine som travel, men det var vanskeleg å vite kva som var normal oppførsel etter å ha født sitt fyrste barn.

– Eg har ikkje vore med på noko sånt før, så eg veit jo ikkje kva eg skal sjå etter heller, fortel småbarnsfaren.

Og det gjekk gradvis. Meir og meir travel. Meir og meir opptatt av å lage dokumentar.

Cathrine skulle dokumentere alt og ingenting. På dagtid og midt på natta. Ho filma alltid. Det førte til ein glovarm mobiltelefon, tom for lagringsplass.

Ho blei kranglete og begynte å snakke usamanhengande. Det gav ikkje meining. Ho snakka berre i ring.

– Eg tenkte ikkje i dei banar i det heile tatt då. Eg hadde aldri høyrt om fødselspsykose, fortel Lasse.

1 veke gammal

Ei veke etter at sonen kom til verda, skulle familien på ammerettleiing.

sonen til Cathrine

Dagen sonen var ei veke gammal skjedde det store endringar i livet til familien på tre.

Foto: privat

Men det var ikkje berre matinntaket til sonen som trong helsehjelp denne dagen.

I det me kom ut døra frå barneklinikken så skjønte eg at noko var gale, seier Lasse.

Cathrine hadde gløymt at dei nettopp hadde vore der.

Lasse kontakta foreldra sine for at fleire kunne oppleve den unormale oppførselen til Cathrine.

– Eg trudde han hadde ringt dei for at dei skulle alliere seg mot meg, seier ho.

Heime sperra Cathrine Lasse og svigerfar ute.

Det var berre kvinnene som kunne vere inne med barnet.

Utanfor ringde Lasse legevakta.

Det var fyrste gong han høyrde ordet fødselspsykose. Men det var sånn han opplevde det. At Cathrine var i ein psykose.

Dei skulle sende ein ambulanse.

– Men det tok jo timevis før dei kom, beskriv Lasse.

Minutta og timane gjekk. Mennene stod framleis ute.

Inne eskalerte situasjonen.

Mammabjørn

Cathrine følte seg trua og ville beskytte sonen sin.

Ho stod og skreik medan svigermor sat og heldt den vesle guten.

Som ein mammabjørn beskyttar bjørnungen sin, kjempa Cathrine.

Bjørnen i meg vakna. Eg var så sterk som eg aldri har vore.

Ho skulle beskytte sonen sin for alt det var verdt. Uansett kva.

Og ho tillét ikkje svigermora å opne døra til mennene på utsida.

Etter kvart blei Cathrine overtydd om at ein leopardbamse var sonen.

Då trur eg det hadde klikka litt. Eg var heilt sikker på at eg hadde sonen min i fanget og sat og strauk på han.

Cathrine med leopardbamsen

Med den same leopardbamsen i handa blei Cathrine henta av ambulansen.

Foto: Sunniva Skurtveit / NRK

Til slutt kom ambulansen.

Og Cathrine vart plutseleg med i dokumentaren igjen. Ho var glad for å få hjelp.

Eg blei eigentleg berre truande og sint då eg fekk høyre at eg var sjuk, eller at nokon skulle ta frå meg guten vår.

Høg på livet og spent på dokumentaren som skulle lagast blei Cathrine gladleg med i ambulansen.

– Eg var klar for å bli kjendis og trudde dokumentaren kom til å slå så sjukt godt an.

Men ambulansen køyrde henne ikkje inn i kjendislivet.

Ho vart køyrd til skjerma avdeling på Sandviken psykiatriske sjukehus.

Nybakt mor i psykiatrien

Cathrine hugsar berre glimt og brotstykke av opphaldet.

– Det er eg på ein måte glad for. Fordi det var då eg var på mitt verste. Og akkurat den biten har eg ikkje lyst til å hugse.

Men ho hugsar litt.

Ho hamra på dører og skreik. Spente og slo. Ho var kjempesint og kjempesterk. Fleire måtte til for å roe henne ned.

Ho følte seg trua og redd. Og ho leita etter sonen sin.

Men det var ikkje Cathrine. Det var instinkta hennar etter å beskytte sonen. Og det var sjukdommen.

– Det gjekk opp for meg at eg var sperra inne. På eit rom med kvite vegger. Heilt aleine.

Då kom panikken.

Heldigvis er prognosane for dei som får fødselspsykose gode. Men det visste ho ikkje. Og ting tok tid.

Både personalet og Cathrine fekk gjennomgå

Ho gjekk inn i Prison Break-modus: Ho skulle prøve å rømme derifrå for å redde seg sjølv og sonen.

– Eg kjempa og kjempa. Heilt til eg skjøna at eg kom ingen veg med det.

Sitat frå instagramkontoen @psykosemor

Heile tida ho var innlagd hadde Cathrine med seg mobiltelefonen. Med den skreiv ho ned tankar og sende usamanhengande meldingar til pårørande. I dag bruker ho desse notata til å fortelje si historie på Instagram på kontoen @psykosemor.

Foto: Skjermbilete instagram: @psykosemor

Aleine med brystbetennelse

Den nybakte mora blei innlagd berre ei veke etter at ho hadde født.

Kroppen var full av hormon, væske og brystbetennelse.

– Eg var aleine på eit rom. Eg skulle jo pumpast, men den pumpa flaug vegg imellom. Fordi det blei så fiendtleg.

Ho fekk medisinar og biverknadar av dei.

Korleis hygiene blei varetatt har ho ingen aning om.

Det tok lang tid før, fleire veker, før personalet merka noko som helst forbetring hos Cathrine.

Og dei vurderte det som uforsvarleg at ho fekk treffe sonen sin.

Utan å kunne kommentere Cathrine sitt tilfelle, prøver me å legge til rette for så mykje kontakt som mogeleg mellom mor og barn, seier avdelingsoverlege ved Sandviken psykiatriske sjukehus, Jan Alexander Steier.

16 dagar etter at ho vart lagt inn ser dei teikn til forbetring.

24 dagar etter at ho vart innlagd fekk ho si fyrste elektrosjokkbehandling (ECT). Og dei merka vesentleg forbetring.

Etter behandlinga var fyrste gong me hadde ein tilnærma normal samtale sidan før han var fødd. Det var fyste gong eg såg Cathrine igjen, seier Lasse.

Han hadde vore på besøk til Cathrine nesten kvar dag sidan ho vart innlagd.

Etter om lag ein månad fekk Cathrine sjå sonen sin igjen.

– Det gav meg motivasjon til å tenke at eg skal faktisk kome meg ut herifrå og heim til gutane mine.

  • Cathrine ser sonen igjen

    Med blåmerke og skrift på armane held Cathrine endeleg sonen i armane igjen.

  • Cathrine ser sonen igjen

    Blåmerka kjem frå kampar og skrifta er tankar og idear ho har skrevet ned.

Etter ein overgangsperiode med dagspermisjonar får Cathrine reise heim.

Rundt to månader har gått sidan ho vart innlagd.

Ingen strak veg tilbake

I starten budde Cathrine litt hos foreldra sine for å bli heilt frisk. Ho måtte fyrst ta vare på seg sjølv, før ho kunne ta vare på sonen sin.

– Beskjeden var «ta på di eiga oksygenmaske før du hjelper andre», men det var ekstremt vanskeleg.

Prøv å seie det til ei nybakt mor som allereie har mista tid med sonen sin.

Cathrine ville gjere opp for den tapte tida.

  • Cathrine på Fløyen

    Då ho vart utskriven hadde Cathrine ein stor trong til å møte vener, gå på tur, vere med sonen og ta igjen det tapte. Ho smiler på toppen av Fløyen, men ho er sliten.

  • Cathrine, Lasse og sonen på Fløyen

    Både Cathrine og Lasse er sliten etter månadane dei har vore gjennom. Lukka er likevel stor for at familien er samla.

– Eg var så høg på livet og ekstremt takksam for å kome ut og å vere fri.

Ho var mykje med sonen sin, gjekk tur, var med vener og familie. Ho skulle verkeleg ta igjen tida ho hadde mista med den vesle guten.

Familien på tre fekk tett oppfølging frå helsevesenet og pårørande. Det var ei travel tid.

I starten gjekk det bra, men etter kvart begynte depresjonen og angsten å melde seg.

Dårleg samvit for at ho hadde vore vekke. Ho som var mor måtte lære seg å kjenne sitt eige barn.

Men dei hadde jo klart seg så bra utan henne.

Var det eigentleg behov for Cathrine?

Etter ein time hos psykiater, bar det tilbake til staden ho frykta mest.

Den verste skrekkhistoria eg har vore med på

Igjen vart Cathrine innlagd på psykiatrisk sjukehus. Dagen det var halloween.

Ho skulle ønske ho ikkje hadde sagt noko.

– Er det dette som skjer når du ber om hjelp? At eg må inn igjen her på det rommet med hol i døra der alle kikar inn. Då angra eg så sjukt på at eg sa noko.

Personalet ho kom tilbake til, tok til tårene. Det var tydeleg at det gjekk innpå dei.

Ho skulle jo ikkje vere der. Ho skulle vere heime med sonen sin. Men slik vart det ikkje.

Cathrine var kraftig deprimert, hadde angst og eit tankekøyr «herifrå til æva».

Etter eit par rundar med ECT fekk ho flytte til eit distriktspsykiatrisk senter (DPS).

– Dei såg nok at det ikkje var på psykiatrisk sjukehus eg skulle vere – det gjorde meg berre verre.

DPS var ein trygg plass å vere medan ho fekk behandling.

Men det hjelpte ikkje noko på morsrolla som ho hadde blitt så usikker på.

Si fyrste jul saman

Ei veke før julaftan blei Cathrine igjen utskriven frå psykiatrien.

– Eg veit ikkje kva som gjekk den gongen, men sidan då har eg ikkje vore innlagd.

Frå den dagen gjekk det gradvis betre.

Morsrolla blei ein naturleg del av Cathrine.

– Folk rundt seier at «no er du tilbake», og no kjenner eg endeleg på det sjølv.

Cathrine er i full jobb og nyt kvart sekund av livet saman med gutane sine.

Tida får ho ikkje tilbake og difor vil ho bruke erfaringa si til noko.

Engasjement

Folkehelsearbeidaren ynskjer å bidra til openheit og mindre tabu rundt psykisk sjukdom og fødselspsykose.

Cathrine, Lasse og sonen spelar spel

Saman har familien på tre kome seg sterkare ut av den vanskelege perioden.

Foto: privat

Ho håpar det kan kome eit betre tilbod og meir informasjon for dei som hamnar i same situasjon som ho.

– Eg trur eit slags mor-barn-senter der du kan kome med fødselspsykose, ammeproblematikk og alt mellom, kan vere ei løysing.

Ein slik stad, med tettare oppfølging og rettleiing saman med barn og familie, er det fleire som trur hadde vore gunstig.

– Fleire kvinner og familiar protesterer mot ei omsorg dei meiner ikkje er god nok. Og barseltida blir særleg trekt fram.

Det seier Lena Henriksen, politisk leiar i Den Norske Jordmorforening og professor på jordmorutdanninga ved Oslo Met.

– Det kunne gjerne vore ei offentleg utgreiing om perioden frå barnet er fødd til det er to år, for å få ei heilskapleg omsorg som også varetek mødrer si psykiske helse.

No verkar det litt tilfeldig om du opplever oppfølginga etter fødsel som god eller dårleg. Det kjem an på kvar du bur i landet, påpeiker Henriksen.

Psykiater Signe K. Dørheim meiner det burde vere obligatorisk å spørje om psykisk helse under svangerskap og etter fødsel.

– At fleire står fram, og fortel om fødselspsykosen sin, er med på å bryte eit tabu om psykisk sjukdom.

Og for Cathrine er det viktig å formidle at sjukdommen kan du bli frisk frå.

– Det er berre sjukdommen, det er ikkje deg. Men alt følast så ekte.

I ein tidlegare versjon av denne saka stod det at det var 23 788 fødslar i Noreg i 2019. Det riktige talet er 53 788. Artikkelen vart oppdatert 12. desember klokka 21:19.

Hei!

Har du tilbakemeldingar, idear eller tips til saker eg burde skrive? 

Send meg gjerne ein e-post!

All informasjon blir behandla konfidensielt.