Hopp til innhold

Barnevernstilsett selde oralsex og fortalde om det til mindreårige

Ola var 16 år då ein barnevernstilsett fortalde at han fleire gonger hadde selt oralsex og lurte på om Ola hadde gjort det same. Forholda ved Kvammen akuttmottak har vekt til live vonde minne om staden der han sat isolert i til saman to månader.

Ola budde på Kvammen akuttmottak og sat isolert i i tilsaman to månader

– Kvammen er ein plass som gjer mange barn sinte og deprimerte, seier Ola.

Foto: Privat

Guten har eigentleg eit anna namn, men ønsker å vere anonym.

Kvammen har fått krass kritikk frå Sivilombodsmannen, som var på tilsyn der i januar. Dei reagerer sterkt på rutinemessig og ulovleg bruk av tvang, og at inntaksavdelinga «Kåret» har eit «fengselsliknande preg». Sivilombodsmannen seier det er ein ukultur ved institusjonen.

Ola var på Kvammen i fem månader, fordelt på to periodar i 2016 og 2017. Som rutinen var, vart han ved inntaket automatisk plassert på den skjerma avdelinga «Kåret».

– Dei ransaka oss, vi vart fråtekne PC, mobiltelefon, pengar og bankkort. Alt vi hadde å halde på med i «Kåret» var ein kortstokk.

Sat isolert i til saman to månader

Ola kom frå ein annan institusjon. Der hadde han vore frivillig sidan han byrja å skulke skulen.

Han ville ha ein ny start, men ingen hadde fortalt han om dei tre obligatoriske dagane på «Kåret». Grunngjevinga frå institusjonen er fare for at barnet kan utagere eller skade seg sjølv.

– Eg har aldri vore utagerande eller skada meg sjølv. Likevel vart eg plassert der, 15 år gamal, seier han.

Men det var ikkje mykje som skulle til for at ungdomane kunne bli avskjerma igjen:

– Å somle med å kome inn igjen eller å leikesloss, kunne vere nok til at vi vart truga med «Kåret», minnest Ola.

– Tok vi oss ein røyk etter klokka 23 skjedde det same.

Ola hugsar ein gong han og ein kamerat gjekk ut utan løyve. Det var nok til å hamne i «Kåret» igjen.

Å rømme enda konsekvent med eit nytt opphald i isolasjon. Ola stakk av frå Kvammen rundt 15 gonger og anslår at han sat i «Kåret» i til saman to av dei fem månadene opphaldet varte.

Kvammen akuttmottak

Kvammen ligg landleg til på Melhus, 500 meter unna elva. Men det var ikkje lov å gå dit utan løyve og ifølgje med tilsette, fortel Ola.

Foto: Stein Lorentzen / NRK

Sidan skorne måtte settast utanfor døra slik at personalet kunne sjekke at bebuaren var på rommet sitt, måtte Ola fleire gonger rømme i sokkelesten, over åkrane i Melhus og landevegen til Trondheim, 25 kilometer unna.

– Men kom du frivillig tilbake?

– Nei, absolutt ikkje. Men Kvammen var veldig gode til å finne oss, i samarbeid med politiet. Det kunne ta berre 15 minutt frå eg kom til Trondheim før ein sivil politibil rulla opp ved sidan av meg, seier Ola.

Han spurte fleire gonger om dei tilsette utan vidare hadde lov til å låse bebuarane inne der. Han fekk sjeldan svar, eller svaret var: Du kan jo berre klage.

Ola klaga mange gonger til Fylkesmannen, men høyrde aldri noko meir.

– Hadde du sugd kuk for 500 kroner?

Episoden med den tilsette som fortalde at han fleire gonger hadde selt oralsex, skjedde også mens Ola sat i isolasjon. Det var berre dei to til stades då Ola fortalde om då han rømte i Oslo og slo opp telt ved Sognsvann. Den tilsette ved Kvammen sa då at Sognsvann var ein plass homofile drog til for å ha sex og spurte om Ola hadde skaffa seg pengar der på den måten.

– Eg vart sjokkert og heilt sett ut av spørsmålet. Men svarte jo at det hadde eg absolutt ikkje gjort. Men den tilsette heldt fram:

– Hadde du sugd kuk for 500 kroner?

Ola avviste at han kunne tenkje seg det, og ville berre at samtalen skulle slutte. Det gjorde den, men ikkje før den tilsette sa at han hadde utført oralsex for pengar fleire gonger.

Ei stund etterpå fortalde ein 14-åring, som sat på det andre rommet i «Kåret» samstundes med Ola, at den tilsette hadde kome inn til han etterpå og byrja å snakke om det same.
Ola reagerte veldig sterkt på at ein som jobba på ein barnevernsinstitusjon kunne ta opp slikt med barn. Han klaga derfor til ein av dei andre tilsette, men høyrde aldri noko meir om saka.

Neste gong Ola var på Kvammen var ikkje vedkomande der lenger, utan at Ola veit kvifor.

Tilsette snakka respektlaust til barna

Dei tre siste åra har fylkesmannen i Trøndelag hatt elleve lovpålagde tilsyn ved Kvammen Akuttinstitusjon i Melhus.

NRK har fått innsyn i rapportane, som viser at barnevernsinstitusjonen i fleire år har brukt ulovleg tvang og automatisk isolasjon.

2. Utrag frå Fylkesmannens rapport - ungdomen fortel
Foto: Utrag frå Fylkesmannens rapport - ungdomar fortel

I samtalane Fylkesmannen hadde med barna og ungdomen som var der, kom det fram at dei synest maten er god og at dei fleste tilsette er hyggelege.

Men isolasjonen og tvangen med «Kåret» og måten enkelte tilsette oppfører seg på, går igjen:

1. Utrag frå Fylkesmannens rapport - ungdomen fortel
Foto: Utrag frå Fylkesmannens rapport - ungdomar fortel

Også Ola meiner at dei fleste av dei som jobba ved Kvammen var snille og greie, bortsett frå at bruken av tvang og isolasjon var heilt urimeleg.

– Men viss vi fekk gå litt lenger unna garden, til dømes ned på butikken, og leiinga oppdaga at ein tilsett hadde gitt oss lov til det, så fekk dei kjeft, minnest han.

Helsedirektøren: – Bufetat har ansvaret

Fylkesmannen i Trøndelag har teke sjølvkritikk og sagt at dei burde følgd opp sine eigne tilsyn betre. Dei fann ingen formelle avvik å rapportere om, men ein del tvangsvedtak som ikkje var i tråd med lova.

Men det er Bufetat som har ansvaret for å drive etter lova.

– Det er klinkande klart, seier direktør i Helsetilsynet Jan Fredrik Andresen til NRK.

– Vi hadde venta at ein så profesjonell eigar som Bufetat hadde tatt tak i rapportane frå Fylkesmannen på ein betre måte, seier Andresen.

Han opplyser at Helsetilsynet også vil gå nøye gjennom saksbehandlinga til Fylkesmannen.

Kvammen akuttmottak

Ein annan person vart førre veke sett inn som leiar ved Kvammen. Dei tilsette blir no kursa i Barnevernlova.

Foto: Stein Lorentzen / NRK

Leiinga ved Kvammen vart skifta ut førre veke. Institusjonen har inntaksstopp mens personalet blir kursa i kva rettigheiter og lover som gjeld for barn.

Regiondirektør Jonny Berg seier til NRK at han blir varsla når det er avvik, men det var det ikkje ved Kvammen, ifølgje fylkesmannen.

Avdelingsleiarar frå Bufetat besøkjer jamleg også Kvammen. Men regiondirektøren hadde ikkje vore der på mange år, før han drog dit førre veke då saka vart kjend i media.

– Var du klar over korleis det såg ut på «Kåret»?

– Ja, eg visste om at inntaksplassen skulle vere litt skjerma, men eg visste ikkje at regelen var at dei skulle vere der i tre dagar, svarer Berg.

3. Utrag frå Fylkesmannens rapport - ungdomen fortel
Foto: Utrag frå Fylkesmannens rapport - ungdomar fortel

I ei nasjonal brukarundersøking frå 2016 svarte ungdomane på Kvammen at dei var godt nøgde med dei tilsette.

Berg seier det alltid vil vere ulike opplevingar hos ungdomar å kome til ein slik plass. Han beklagar sterkt til ungdom som Ola og andre som har dårlege minne frå Kvammen.

– Den type utsegner Ola har opplevd frå tilsette er under ein kvar kritikk og skal ikkje skje, seier Berg.

– Og det skakar meg at enkelte av personalet truga ungane med «Kåret» dersom dei ikkje oppførte seg, legg han til.

– Har du som øvste ansvarleg vurdert di eiga stilling?

– Eg har berre vore opptatt av å få sett inn tiltak som kan rette opp det som er kome fram den siste tida, svarer Berg, som har vore regiondirektør i 10 år.

Bufetat i Midt-Noreg har så langt ikkje funne nokon rapport frå Kvammen om episoden som omhandla oralsex, opplysar Berg.

– Ein stad som kan gjere ungdom verre

No er Ola på institusjon nummer fem i løpet av sitt unge liv. Denne plassen blir den siste under barnevernet for Ola sin del. For om ein dryg månad fyller han 18 år. Då skal han flytte heim til mor, ta helse- og oppvekstfag på vidaregåande og ønskjer å jobbe med barn.

På veggen merkar Ola av kor mange dagar han har vore her.

På veggen merkar Ola av kor mange dagar han har vore på den femte institusjonen.

Foto: privat

– Eg trur eg har litt peiling på kva ein ikkje skal gjere med sårbare barn som ofte har det veldig vanskeleg før barnevernet kjem inn i biletet.

Ola meiner mykje av systemet i barnevernet må endrast. Dei må sjå det frå ungdomen sin ståstad slik at dei kan hjelpe dei på ein heilt annan måte enn i dag.

– Eg har aldri vorte spurt korleis eg har det eller om det går bra. På alvor, i ein skikkeleg samtale. I staden ser eg berre ein barnevernstilsett på jobb med eit skjema framfor seg som skal fyllast ut. Og som ofte bruker makta si til å gjere barnet meir sint og kanskje deprimert. Kvammen er ein slik plass, men absolutt ikkje den einaste, avsluttar Ola.