Hopp til innhold

Reagerer sterkt på bruken av tvang mot ungdomar ved akuttmottak

Bruken av tvang er ein del av rutinen ved Kvammen akuttmottak i Melhus. Sivilombodsmannen er alvorleg uroa over om den statlege barnvernsinstitusjonen blir driven forsvarleg.

Kvammen akuttmottak

Sivilombudsmannen kjem med kraftig kritikk mot barnevernsinstitusjonen Kvammen i Melhus.

Foto: Stein Lorentzen / NRK

– Vi har besøkt fem statlege barnevernsinstitusjonar for ungdom tidlegare, men vi har ikkje sett så omfattande bruk av rutinemessig ulovleg tvang som ved Kvammen, seier Sivilombodsmann Aage Thor Falkanger.

Akuttinstitusjonen i Trøndelag tek imot barn og ungdom frå 12 til 18 år og har fem plassar. I løpet av eit år er rundt 30 barn og unge innom, hovudsakleg på grunn av åtferdsvanskar.

Tilsynet frå Sivilombodsmannen vart gjort i midten av januar i år.

Fengselsliknande preg

Rapporten etter tilsynet skildrar inntaksavdelinga «Kåret» som «strippa» og med eit «fengselsliknande preg». Dette er det første møtet barna får med Kvammen: eit lite vaktrom, eit soverom for tilsette forutan to bueiningar nesten utan møblar. Vindaugo er knusesikre og låste.

Lys, temperatur, vatn og persienner blir styrte av dei tilsette frå vaktrommet.

Alle barna og ungdomane som kjem hit blir først plasserte i «Kåret». Grunngjevinga frå institusjonen er fare for at barnet kan utagere eller skade seg sjølv. Roma blir også brukte til «skjerming» og isolasjon.

Sivilombudsmann Aage Thor Falkanger

Sivilombudsmann Aage Thor Falkanger reagerer sterkt på bruken av tvang mot ungdomane ved Kvammen akuttmottak, og meiner dette er uttrykk for ein ukultur ved institusjonen.

Foto: Mona Ødegård / Sivilombudsmannen

Sivilombodsmannen kritisererer praksisen med å ikkje vurdere situasjonen til kvart enkelt barn som kjem til Kvammen før dei blir plasserte i «Kåret».

Barn som er fråtekne fridomen har rett til omgjevnader med ein viss standard for helse og menneskeleg verdigheit, påpeikar Sivilombodsmannen. Det er han som er gitt mandat etter Torturkonvensjonen og tilleggprotokollen i FN til å føre tilsyn i Noreg med stader der personar er fråtekne fridomen sin som til dømes i fengsel og barnevernsinstitusjonar.

Ulovleg isolasjon og kommunikasjonskontroll

Alle barna og ungdomane som kjem til Kvammen må vere i «Kåret» i minst tre døgn, isolert frå dei andre, og der dørene til resten av bebuaravdelinga er låste.

Men tvang skal berre brukast når det er akutt fare og alle andre verkemiddel er prøvde, påpeiker Sivilombodsmannen.

Barna blir også fråtekne mobiltelefon og nettbrett og har ikkje tilgang til internett under opphaldet. Dei har heller ikkje lov å gå utanfor området utan at ein vaksen person følgjer dei.

I nokre tilfelle vart tvangstiltaka sette i verk fordi politiet ønska det, kom det fram då Sivilombodsmannen besøkte Kvammen.

– Men politiet kan ikkje utan vidare instruere ein barnevernsinstitusjon om å utøve tvang utover regelverket som institusjonen skal følgje, påpeikar Sivilombodsmann Aage Thor Falkanger.

Han er heller ikkje nøgd med måten institusjonen dokumenterer vedtak og fører protokollar på. Svake grunngjevingar og skildringar i protokollane gjer det vanskeleg å vurdere om vilkåra for bruk av tvang var oppfylt. Vedtak var også fatta på feil grunnlag eller utan heimel.

– Dette er uttrykk for ein «ukultur», seier sivilombodsmann Aage Thor Falkanger til NRK.

– Vi har ikkje sett tilsvarande bruk av rutinemessig og ulovleg tvang ved andre barnevernsinstitusjonar.

Innfører inntaksstopp

Det er den statlege Barne, ungdoms-og familieetaten (Bufetat) som eig og driv Kvammen akuttmottak i Melhus.

På heimesida til Bufetat står det at dei skal gje «barn, unge og familier med behov, tiltak med høy og riktig kvalitet i hele landet».

Når NRK kontaktar den lokale leiaren ved Kvammen, blir vi viste vidare til regiondirektør Jonny Berg i Bufetat Midt-Noreg. Han seier han ikkje kjende til den omfattande bruken av tvang og isolasjon som rapporten avdekkjer.

Jonny Berg

Regiondirektør Jonny Berg i Bufetat Midt-Norge seier han ikkje kjende til den omfattande bruken av tvang og isolasjon ved Kvammen.

Foto: Rita Kleven/NRK

– Vi har hatt ungdomar på Kvammen som er der på ulike paragrafar i Barnevernslova, seier Berg.

– Vi har ikkje skilt godt nok mellom dei ulike paragrafane når det gjeld tiltak og korleis barna skal behandlast individuelt, seier Berg.

Han opplyser at kritikken frå Sivilombodsmannen om korleis dei fysiske rammene for barna er på Kvammen, allereie er tatt tak i. Onsdag kveld innførte Bufetat også inntaksstopp ved Kvammen. Dei fire ungdomane som er der no blir tatt godt hand om, men skal framleis vere på Kvammen, seier Berg.

Berg opplyser at rapporten no blir gått grundig gjennom saman med leiinga på Kvammen og med Buf sentralt.

Mange akuttplasseringar i Midt-Noreg

Torsdag presenterte Riksrevisjonen rapporten sin om Bufetat. Den viser at det er barnevernsleiarane i kommunane i Midt-Noreg som er minst nøgde med samarbeidet med Bufetat.

I følgje Riksrevisjonen har regionleiinga inga forklaring på kvifor det er slik.

Rapporten viser også at Midt-Noreg er den regionen der barn under 13 år klart oftast blir plasserte i akuttinstitusjonar i staden for i beredskapsheim. 70 prosent av barna var i akuttmottaket i ei veke eller mindre.

Du kan lese heile rapporten frå Riksrevisjonen om Bufetat her.

Fylkesmannen tek sjølkritikk

Mens Sivilombodsmannen utfører tilsyn med bakgrunn i Torturkonvensjonen til FN, er det Fylkesmannen i Trøndelag som har ansvaret for det vanlege tilsynet.

Dei tre siste åra har også Fylkesmannen i Trøndelag avdekt forhold ved Kvammen som gjeld bruk av isolasjon og tvang. Det opplyser oppvekst-og velferdsdirektør Erik Stene til NRK.

– Fylkesmannen ga omfattande råd, rettleiing og oppfølgjing, men dessverre ser det ut til at det ikkje vart betre. Det er ikkje bra når vi som tilsynsmyndigheit ikkje har evne til å endre praksis.

Vi må gå i oss sjølv, seier Stene.

Du kan lese heile rapporten fra Sivilombodsmannen om Kvammen akuttinstitusjon i Melhus her.

Kvammen akuttmottak

Bufetat innførte inntaksstopp ved Kvammen etter kritikken frå Sivilombudsmannen. Dei fire ungdomane som er der no blir tatt godt hand om.

Foto: Stein Lorentzen / NRK