Hopp til innhold

Bardal operert: – Eg skal til VM!

– Operasjonen gjekk bra, seier Anders Bardal etter ein time på operasjonsbordet. Bruddet i handa er no justert, og hopparen har berre tida og vegen fram mot VM i Falun.

Anders Bardal ble operert ved St. Olavs Hospital i Trondheim, etter å ha brukket hånda under et skihopp i Polen.

Anders Bardal kom ut med venstre arm i fatle etter handleddsoperasjonen på St. Olavs Hospital i Trondheim onsdag.

– Det fungerer godt her på sjukehuset, seier han.

Operasjonen tok ein times tid.

Mista kjensla i handa

Verdsmeisteren frå Val di Fiemme i 2013 falt i polske Wisla sist veke, og fekk eit brudd i venstre handledd. Det viste seg raskt at bruddet måtte settast på plass i ein operasjon, og den skulle foregå heime i Trøndelag.

– Det har gått bra. Legane seier at det var ein enkel operasjon. Akkurat no har eg ingen kjensle i handa, så eg må passe på ho, seier Bardal onsdag kveld.

VM-planane er på ingen måte lagt vekk.

– Både eg og kirurgen er einige om at dette vil gå bra. Det verste som kan skje, er at eg dett igjen, og bryt opp skaden. Kirurgen sa «da får du berre komme tilbake».

Roleg oppstart

– Eg er trygg på at eg rekk VM, sjølv om eg blir ein del meir heime enn eg hadde planlagt. Det blir ein roleg oppstart, og så fysisk trening før eg kan hoppe. Hoppinga får eg ta rett oppunder meisterskapet, seier Bardal.

Han erkjenner at det ikkje blir optimal førebuing.

– Men eg skada meg i eit skihopp som var veldig bra. Eg har hoppa bra siste tida, og ser ingen grunn til at eg ikkje skal fortsette der når eg startar opp att.

– Kan hende er dette ei førebuing som funkar bra, seier Bardal.