Hopp til innhold

Aktor meiner tiltalte simulerer psykose for å sleppe fengselsstraff

Dei sakkunnige er usamde om mannen som drap mor si, er tilrekneleg. Aktor meiner tiltalte simulerer psykose for å sleppe fengselsstraff.

Kvinne funnet død i Trondheim 09.09.20

AVDØDE BORE UT: Den 60 år gamle kvinna vart drepen i huset der faren hennar og tiltalte budde. Morfaren var ikkje til stades då drapet skjedde.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

Tiltalte (34) var lenge livredd for at mora skulle drepe han. Dette var ei vrangførestilling som viser at han var og er psykotisk.

Det er konklusjonen frå dei to nye rettspsykiatrisk sakkunnige som har vitna i ankesaka i Frostating lagmannsrett.

Konflikt med mor over lengre tid

Forsvararane fekk oppnemnd dei to nye sakkunnige etter førre runde i lagmannsretten. Den dømte tiltalte til 11 års fengsel, men domen i lagmannsretten vart oppheva på grunn av saksbehandlingsfeil. Dermed vart det ein ny runde i Frostating.

Tiltalte har i alle rettssakene fortalt om ei mor som særleg dei siste par åra skal ha masa, kjefta og kontrollert han då han budde i sokkelleilegheita i huset hennar i Trondheim. Ho ville at han skulle flytte ut, men dette tok tid.

Drapsdagen, 9. september i fjor, kom mora på besøk i huset der tiltalte heldt på å flytte inn. Han har fortalt om eit basketak som enda med at mora vart liggande på reposet i trappa. Han har vedgått å ha trakka og hoppa på ryggen hennar. Ho døydde på staden av store skader på hjartet.

I første rettssaka sa han at han gjorde det i naudverje, fordi mora kom mot han og klora han.

Drapstiltalte om mora: – Ho var heilt svart i blikket. Eg vart livredd

Vener og kjende av den 60 år gamle mora har vitna om ei kvinne som var aleine om oppsedinga av tiltalte. Dei fleste fortalde om ei omsorgsfull mor som gjorde alt ho kunne for sonen. Tiltalte vart skildra som ein snill person, aldri teikn til vald, men som hadde vanskar med å fullføre ting han starta på.

Ingen teikn til sinnsliding drapskvelden

Det var tiltalte som sjølv ringde politiet og fortalde at mora låg skadd trappa. Same kvelden hadde sjefpsykolog Kåre Nonstad den første samtalen med tiltalte på politihuset i Trondheim. I den skriftlege, såkalla primærpsykiatriske undersøkinga si, skreiv Nonstad mellom anna:

«Det fremkommer ingen klare tankeforstyrrelser, vrangførestilling eller tegn til hallusinatorisk atferd. Observanden (tiltalte, journ. anm.) benekter stemmehøring. Han fremstår ikke maniform, ikke depressiv eller preget av angst. Observanden oppfattes ikke forvirret, håpløs eller suicidal.»

Saman med psykiater Solveig Klæbo Reitan har Nonstad vore sakkunnig i denne saka heile vegen. Dei hadde tre samtaler med tiltalte, inntil han ikkje ville snakke meir med dei, før den første rettssaka.

Solveig Klæbo Reitan og Kåre Nonstad

IKKJE PSYKOTISK: Dei sakkunnige Solveig Klæbo Reitan og Kåre Nonstad

Foto: Kari Sørbø / NRK

Klæbo Reitan og Nonstad meiner tiltalte har ei gjennomgripande utviklingsforstyrring, men at han verken var eller er psykotisk.

Psykose eller simulering?

Overlege i psykiatri og sakkunnig John Olav Roaldseth viste til at tiltalte også i dag meiner at mora ville drepe han. Det tyder på at han framleis har ei psykose, eller « sterkt avvikande sinnstilstand» som er det nye omgrepet.

I retten måndag ettermiddag byrja tiltalte å snakke om at det var ein «tiger» til stades i livet hans, også før drapsdagen.

«Tigeren» skulle ordne opp når tiltalte hadde det vanskeleg, fortalde han.

Drapsdømt med ny psykose: Fare for nye, alvorlege handlingar, meiner aktor

Til dei nye sakkunnige har han også fortalt om stemmer han høyrer, om mora og soldatar på cella hans.

– Det er mykje som tilseier at dette er simuleringar, sa aktor, statsadvokat Unni Sandøy i prosedyren sin onsdag.

Forsvarar Steinar Thomassen lista opp fleire forhold han meiner er bevis på at tiltalte hadde vrangførestillingar om at mora ville drepe han. Det forsterka seg utover i 2020:

Tiltalte søkte på nettet for å kjøpe ei ståldør til huset han hadde overtatt. Han var svært opptatt av at mora måtte vere psykopat, og dermed var farleg for han. Han dekte til vindaugo slik at mora ikkje skulle sjå at han var heime.

Tiltalte har i tillegg betalt sjølv for 55 timar hos ein privat psykolog som også har kome fram til psykosediagnosen.

Forsvarer Steinar Thomassen

MÅ FRIFINNAST: Mange bevis for at tiltalte ikkje er tilrekneleg, meiner forsvarer Steinar Thomassen.

Foto: Kari Sørbø / NRK

Bra med fleire sakkunnige i innfløkte saker

Det er ikkje uvanleg at fagfolk kan vere usamde seg i mellom om diagnosar i psykiatrien. Derfor skjer det oftare enn før at retten oppnemner fleire sakkunnige for å belyse saka best mogeleg.

Svein Øverland leiar Nasjonal enhet for rettspsykiatrisk sakyndighet ved St. Olavs hospital i Trondheim. Det er hit påtalemakta vender seg når dei treng sakkunnige som kan undersøke om ein person er strafferettsleg tilrekneleg eller om det er aktuelt med forvaring.

– Stadig fleire saker er innfløkte: Det er vanskeleg å slå fast om det dei tiltalte har gjort skuldast psykose, rus, ideologisk motivasjon eller andre forhold, seier Øverland til NRK.

Det er heller ikkje negativt at sakkunnige er usamde i komplekse saker. Det hadde derimot vore grunn til uro om alle sakkunnige alltid hadde vore samde, meiner Øverland.

Aktor, statsadvokat Unni Sandøy

VIL HA FENGSEL: Aktor Unni Sandøy meiner tiltalte simulerer psykose.

Foto: Kari Sørbø / NRK

I Frostating lagmannsrett onsdag bad aktor Sandøy om at 34-åringen blir dømt til 11 års fengsel. Dersom retten meiner han ikkje er tilrekneleg, er tvungent psykisk helsevern alternativet, meiner påtalemakta.

Det er forsvarer ikkje samd i. Steinar Thomassen viste til at tiltalte er innstilt på å gå til behandling frivillig om han blir frifunnen.

34-åringen har aldri utøvd vald før det som skjedde på Byåsen i Trondheim i september i fjor, påpeika forsvarer.

Dommen i Frostating lagmannsrett kjem om eit par veker.