Hopp til innhold

Dømd for å ha fillerista sonen – ankesaka kan endra rettsoppfatninga i Noreg

GULATING LAGMANNSRETT (NRK): Ein far risikerer fleire år i fengsel for barnemishandling. I ein rettssal i Bergen slåst ekspertane om å eiga sanninga.

Ankesak i Gulating lagmannsrett om filleristing.

KVA ER RETT: Kor sikker er diagnosen «shaken baby syndrome»? Ei rettssak i Bergen kan endre rettsoppfatninga i Noreg i dette spørsmålet. Sakkunnig rettsmedisinar Arne Stray-Pedersen tek plass i vitneboksen.

Foto: Christian Lura / NRK

Medan det eine vitnet etter det andre forklarer seg om kompliserte medisinske omgrep, sit den tiltalte 47-åringen stille, med eine foten oppå kneet, og lyttar.

Han er anten ein barnemishandlar og har vore så valdeleg mot sin nyfødde son at guten fekk ein hjerneskade. Eller han er det ikkje, og då er han urettmessig dømd til fem års fengsel og fråteke omsorga for sonen.

Dette skal Gulating lagmannsrett ta stilling til. Kampen om sanninga blir avgjort av ekspertar på vald mot barn.

Dei har heilt ulike meiningar om kva som kan ha skjedd.

– Saka ville aldri enda med tiltale i Sverige, seier Anders Eriksson, seniorprofessor ved Universitetet i Umeå og sakkunnig vitne for forsvaret.

Fagleg usemje

Ein høgsterettsdom i Sverige har ført til at det krevst sterkare bevis enn før for å slå fast såkalla «shaken baby syndrome», på norsk filleristing av småbarn. Eriksson har deltatt i eit forskingsprosjekt som har gått gjennom all litteratur skriven om filleristing.

Dei konkluderte med at den etablerte måten å diagnostisera valden, ikkje er god nok.

NRK har tidlegare skrive om den faglege usemja om denne diagnosen. Når det ikkje finst vitne til mishandlinga og heller ikkje ytre teikn på skader, ser legane etter medisinske svar i hjernen på barnet.

I 85 prosent av filleristingssakene finn dei blødingar i augebotnane. Det fann dei ikkje hos den vesle guten frå Vestlandet.

– Det var berre eitt medisinsk funn som kan indikera «shaken baby» i denne saka. Ifølgje ein dom i Högsta Domstolen i Sverige er ikkje det nok til å reise tiltale, seier Eriksson.

– Einskildpersonar skapar splid

På den andre sida av rettssalen sit norske sakkunnige med eit anna syn. Dei ønskjer ikkje å la seg intervjua om ei pågåande sak, men har mellom anna vitna om det følgjande i retten:

  • Skadane på barnets hjerne var så store at det må ha blitt utsett for vald, anten i form av eit fall frå fleire meters høgd, eller i form av vald frå vaksne.

  • Skadane liknar ikkje på fødselsskadar, ifølgje sakkunnig Jens Grøgaard.
  • Når det ikkje var synlege skadar på huda til guten, er den mest sannsynlege forklaringa at han har vore rista, eventuelt kombinert med eit slag mot hovudet, ifølgje sakkunnig rettsmedisinar Arne Stray-Pedersen.

I retten gjekk aktoratet og dei sakkunnige langt i å hevda at det ikkje er ei reell fagleg usemje om filleristingsdiagnosen, men at det er einskildpersonar som no skapar splid inn i rettssalar.

– No vert det skapt ein tvil som handlar om at mange barn er sårbare og «brekker lettare» enn andre barn. Men ein kan ikkje kaste all kunnskapen vi har. Ein må jobba med fagfeltet. Eg ser at mange av kritikarane ikkje gjer det, sa Stray-Pedersen i retten.

– Det er rett at usemja først og fremst står mellom barnelegar og forskarar, seier Umeå-professor Eriksson til NRK.

Gulating Lagmannsrett i Bergen

ANKESAK: Ein mann (47) har anka dommen han fekk for å ha fillerista sonen. Førre veke starta ankesaka i Gulating lagmannsrett.

Foto: SIMON S. BRANDSETH / NRK

Meiner saka kan endra norsk rettsoppfatning

I retten sit faren og ventar. Han ønskjer ikkje å snakka med NRK, utover å seia at det er ei påkjenning. Snart fem år etter at sonen blei sendt til Haukeland med krampar og påvist cerebral parese, vil han få dommen.

Denne saka kan bli viktig for korleis norsk rett skal tolka medisinske bevis for filleristing, meiner forsvararen hans, Thomas Randby.

– Det vil vera rart at det er ein anna rettspraksis i Noreg enn i Sverige, seier Eriksson.