Hopp til innhold

– Sjokkerande og uvanleg oppleving

Eline Christoffersen Våge frå Levanger arbeidar for Røde Kors Ungdom i Nepal. Ho gjekk i frå ungdomsarbeid til katastrofearbeid etter jordskjelvet.

Ruiner i Nepal

3.200 menneske er stadfesta omkomne etter jordskjelvet i Nepal.

Foto: NAVESH CHITRAKAR / Reuters

Eline Christoffersen Våge

Eline Christoffersen Våge arbeidar for Røde Kors Ungdom i Dhahran i Nepal.

Foto: SALTBONES, Olav A./Røde Kors / NRK

– Det har roa seg ned litt no i dag. Men det har vore tøffe tak, seier Eline Christoffersen Våge til NRK. Ho jobbar for Røde Kors Ungdom i Nepal, i byen Dhahran, rundt 400 km aust for hovudstaden Katmandu.

Ho sat og spiste, då det første skjelvet kom.

– Me hadde undervisningsdag, og eg sat saman med dei andre frivillige i Røde Kors då skjelvet kom. Me såg betongbygningar svaie og bølge seg. Bygningen me var i er ganske gamal og muren har slått sprekkar etter skjelvet.

Sjokkerande oppleving

Ho seier det var ei uvanleg oppleving.

– Det var sjokkerande. Det er ikkje vanleg at bakken plutseleg rører på seg.

Jordskjelvet på laurdag hadde ein styrke på 7,9 på richters skala. Så langt er over 3.200 mennesker stadfesta omkomne, medan over 6.500 er skadd.

Skadane i Dhahran er små.

– Det har berre vore nokre små hus som har rasa saman, fordi episentra har vore i Kathmandu og litt lenger nord for byen der eg bur.

God save us all

Ho fortel at situasjonen har vore veldig spent etter jordskjelvet.

– Veldig mange har sove ute i natt og det går veldig mange rykter blant lokalbefolkninga. Sosiale medium er veldig ofte hovudkjelda til informasjonen og folk ringjer kvarandre og fortel at no kjem det eit veldig stort skjelv. I går gjekk det eit rykte om eit stort skjelv med episenter rett under byen her. Det gav panikkstemning, fortel ho.

Og det siste etterskjelvet søndag kveld var verst.

– Folk var ute på gata og ropte «God save us all» og hundane bjeffa.

Haldningskampanjar

Våge og kollegaene hennar i Røde Kors Ungdom skal eigentleg ikkje jobbe som hjelpearbeidarar, men akkurat no er dei med på arbeidet etter skjelvet.

– Me opplyser no lokalbefolkninga om korleis dei skal oppføre seg etter eit jordskjelv. Nesten ingen veit til dømes at dei skal halde seg innomhus når eit jordskjelv treff. Me samlar også inn informasjon til ulike hjelpeorganisasjonar om omfanget av katastrofen. Det er ei utfordring at veldig mange ikkje veit kvar skjelvet har råka og om dei som bur der har fått hjelp. Me brukar studentnettverket vårt. Dei har familiar som bur i ulike deler av landet og kan fortelje korleis situasjonen er der, fortel ho til NRK.