Fosen Mek. får med det ikkje det dei i utgangspunktet kravde. Bedrifta meinte nemleg dei hadde til gode 78 millionar kroner, pluss renter, omkostningar og erstatning for tapt trueverd. Til saman over hundre millionar kroner.
Styreleiar Arent M. Henriksen er delvis nøgd med beløpet.
- Den totale vurderinga er at vi no endeleg kan konsentrere oss om det vi skal gjere, nemleg å byggje båtar. Det er ikkje noko ideelt å vere i konflikt med staten.
Av dei 73 millionane er 52 millioner tilskot, 11 millioner er renter medan ytterlegare 11 millioner skal
dekke kostnader verftet er påført etter at dei vart melde.
Ms Midnatsol er det siste skipet som er levert frå Fosen Mek. Her under visningstur i Oslo nyleg. Foto: Scanpix.
Eit års mareritt
Det var i januar i fjor at Eksportfinans som administrerer verftsstøtta for Næringsdepartementet melde Fosen Mek til politiet. For fleire av skipa som vart bygd frå 1997 til 99 skal det ha vore meldt i frå ein for høg del av kontrakten bygd i Noreg. I mars vart verftet meld for grovt bedrageri på 35 millionar kroner. Etter dette kom Økokrim inn i bilete - men Økokrim la vekk saka i starten av mars.
Styreleiar Arnt M. Henriksen er glad for at det heile er over, men seier at 73 millionar er for lite.
- Vi kravde godt over 100 millionar, men har berre fått 73 millionar. Det er sjølvsagt avstand på desse beløpa. For å få denne saka ut av verda, måtte vi berre nøye oss med 73 millionar.
Trekk stevjinga
Klimaet mellom næringsminister Ansgar Gabrielsen og bedrifta i Rissa har vore på frysepunktet dei siste månedane. Under dåpen av Midnatsol I Hamburg, det siste skipet som vart bygd på Fosen, prata ikkje administrerande direktør Anna-Synnøve Bye og Gabrielsen med kvarandre. Sjølv om striden har vore hard, trekk no Fosen Mek. stevjinga mot Staten som dei har truga med.
- Ja etter at vi no vart samde, trekk vi stevjinga, seier Henriksen.