Hopp til innhold

40-åring utga seg for å vere 17 på Snapchat

Jentene på Snapchat trudde dei hadde kontakt med ein gut på 17 år. Han fekk dei til å utføre seksuelle handlingar med seg sjølv og sende han bilete og video.

Tiltalebeslutning står det på en skjerm. Stolen hvor vitner og tiltalte skal sitte er tom

I fem dagar vil mannen i 40-åra sitte på tiltalebenken i Sør-Trøndelag tingrett neste veke.

Foto: Kirsti Kringstad / NRK

No er 40-åringen frå Trøndelag tiltalt for nettovergrep mot nesten 30 jenter, dei fleste mellom 14 og 16 år.

Alias på Snapchat

Under alias som «Adrian_Dullum», «OleVissdal», «Ola Gløsen», «Stian1234h» og fleire andre, oppretta tiltalte kontakt med unge jenter og utga seg for å vere ein gut på 17.

Mannen bad jentene, nokre av dei under 14 år, om å utføre seksuelle handlingar med seg sjølv.

Når den fornærma er under 14 år blir dette straffa som ei valdtekt.

Den eine jenta gjorde ikkje det han bad om. Derfor er han tiltalt for eit forsøk på valdtekt og ei valdtekt av ei anna 13 år gamal jente.

I tiltalen er det referert til kommunikasjon mellom tiltalte og jentene. Han snakkar om sex og kva han kan tenke seg å gjere med dei. Han spør om dei er jomfru, om dei er kåte og skriv at han vil ligge med dei.

Dei første overgrepa skal ha skjedd i 2017, dei siste like før han vart arrestert.

Jente gjekk til politiet

Saka starta i Nordland i februar i fjor. Der gjekk ei av dei fornærma jentene til politiet og fortalde om det ho hadde opplevd.

Trøndelag politidistrikt vart varsla og mannen arrestert i mai. Sidan det har han sete i varetekt.

Gjennomgangen av datautstyr og mobil avdekte at det var langt fleire enn den eine jenta i Nordland som tiltalte hadde hatt kontakt med.

– Det har vore ein omfattande etterforsking, seier aktor, politiadvokat Eli Reberg Nessimo til NRK.

Det er 28 fornærma jenter i saka. Dei to jentene som er omfatta av valdtekt eller forsøk på valdtekt har forklart seg i tilrettelagde avhøyr. Desse skal spelast av i retten.

Resten av tiltalen gjeld seksuelt krenkande framferd og tvang der tiltalte fekk jentene til å sende seksuelle bilete av seg sjølv,

Eli Nessimo

Eli Reberg Nessimo seier politiet har brukt mykje ressursar på å oppklare saka.

Foto: Kari Sørbø / NRK

Tiltalte har vedgått forholda

Ifølgje tiltalen skreiv han også at han hadde lyst til å ligge i ein bil og ha sex med nokre av jentene.

– Vi har ingen grunn til å tru at tiltalte har møtt nokre av dei fornærma fysisk, seier Reberg Nessimo.

Mannen erkjente forholda like etter at han vart arrestert og har samarbeidd med politiet, opplyser aktor.

– Tiltalte kjem til å erklære seg skuldig. Han har det veldig tøft sidan han har sete i varetekt sidan mai. Men han ønskjer å få opplyst saka så godt som mogeleg. Det seier forsvarer Erik Vatne til NRK:

Det er sett av fem dagar til rettssaka i Sør-Trøndelag tingrett neste veke.