Hopp til innhold

36 trønderar kjem heim i dag

36 personar fra Utøya kjem til Trondheim med buss i 23-tida på laurdag.

Utøya panorama

KJEM HEIM FRÅ UTØYA: Når politiet gir løyve, blir dei som var på Utøya sende heim med buss til Trøndelag.

Foto: Kim Erlandsen

Pårørandesenter i Trondheim

OPNE DØRER: Pårørandesenteret i Trondheim tek i mot dei som treng nokon å snakke med.

Foto: Torjus Kleiven Kandal / NRK
eksplosjon regjeringskvartalet

UTBOMBA: Regjeringskvartalet bar tydelege merke etter bomba som gjekk av fredag ettermiddag.

Foto: Bjørn Richard Watne

Fredag kveld vart det kjent at Trondheim kommune oppretta eit krisemottak for pårørande som ventar på bussen med AUF-ungdomane.

Held fram laurdag

Målet med senteret er å gi støtte til pårørande som treng nokon å snakke med.

- Me har hatt ti personar på senteret gjennom heile natta, og det bl folk ut over heile laurdag, seier Helge Garåsen.

Prøver å få oversikt

Hos Arbeidarpartiet i Trondheim blir det jobba for å få oversikt over kva som har skjedd med AUF-medlemane frå Trøndelag.

Ap har vore i kontakt med over halvparten av dei om lag 40 personane som var med på Utøya frå Sør-Trøndelag, men kan ikkje seie noko om kven som eventuelt er mellom dei drepne.

Bussen er sendt heim

Det er framleis ukjent kven dei over 80 drepne på Utøya er, og politiet arbeider med identifisering.

Bussen kjem til Trondheim i 23-tida på laurdag kveld.

Pårørende kan ringe krisetelefonen i Trondheim kommune: 72540000

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.