Hopp til innhold

24 nye personar registrert som smitta i Trondheim

Framleis høgt smittetrykk i Trondheim.

17. mai i Trondheim

NESTEN TOMT SENTRUM: På eit tidspunkt var det nesten tomt rundt Olav Tryggvason-monumentet i Trondheim sentrum 17. mai, der det elles bruker å vere fult av menneske og barnetog under feiringa i Trondheim.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

For augneblinken er det to kjente smitteutbrot som spreier seg i Trondheim.

Det siste døgnet har Trondheim kommune registrert 24 nye smitta personar.

Tre av personane har ukjent smittekjelde, ein har mogleg smittekjelde i Oslo. Dei andre har kjente nærkontaktar.

Det vart gjennomført 1.208 testar i Trondheim på onsdag.

Den siste tida har mange personar hamna i karantene i Trondheim fordi dei har vore i nærkontakt med personar som har testa positivt for korona. Nokre har også hatt ukjent smitteveg.

Det siste døgnet sine smittetal er andre døgn på rad med høgare registrert smitte i byen enn må svært lenge. Før denne veka måtte vi tilbake til midten av januar for å finne tilsvarande smittetal i Trondheim.

Kommuneoverlege Tove Røsstad, Trondheim

Kommuneoverlege Tove Røsstad.

Foto: Arne Kristian Gansmo / NRK

Vil ikkje innføre nytt skjenkeforbod no

– Akkurat no har vi to relativt store smitteutbrot, seier kommuneoverlege Tove Røsstad om smittesituasjonen i Trondheim.

Ho fortel at det er fleire som har vore smitta utan å vite om det og omgått andre som normalt.

– Derfor har vi no smitte i mange forskjellige miljø. Utfordringa er å avgrense det så det ikkje vert enda fleire forgreiningar av dette, seier Røsstad.

Dei to kjente smitteutbrota i Trondheim er knytte til ei kyrkjesamling i Melhus kommune og smitte på barar og restaurantar i byen.

Det er ikkje pågåande smitte på barar i Trondheim no, understrekar Røsstad.

– Siste smitte på bar i Trondheim var 4. mai. Det vi ser av vidare smitte der er nærkontaktar til nærkontaktar til dei som vart smitta på barar i slutten av april og byrjinga av mai. Derfor har vi ikkje sett noko grunn til å innføre skjenkeforbod igjen no, seier Tove Røsstad.

– Litt for mange har senka skuldrene

Kommuneoverlegen veit ikkje nøyaktig kor mange som sit i karantene no.

– I helga var det rundt 400 som hamna i karantene og rundt det dobbelte i ventekarantene. Det har nok vore tilsvarande tal dei siste dagane, seier Røsstad.

Kommuneoverlegen trur dei daglege smittetala i Trondheim kan auke enda meir framover.

– Det kan godt hende, seier Røsstad.

Ifølgje kommuneoverlegen har rundt 10 prosent av dei nyregistrerte denne veka og i helga ukjent smitteveg.

– Folk må vere merksame på at det er smitte i omløp som vi ikkje har fått fanga opp enda, seier Røsstad.

Ho understrekar også at mange av dei smitta har hatt fleire sosiale kontaktar enn kommunen anbefaler

–Litt for mange har senka skuldrene litt for mykje, seier ho.

Høge smittetal på onsdag

18 personar vart registrerte som koronasmitta i Trondheim tysdag. Onsdag vedtok formannskapet innstrammingar i smittevernreglane for kommunen.

Før det måtte vi tilbake til midten av januar for å finne dagar med fleire enn 14 registrert smitta i Trondheim på same dag.

Det er smitteoppblomstringa dei siste dagane som gjorde at politikarane strammar inn i Trondheim.

I formannskapsmøtet onsdag sa kommunedirektør Morten Wolden at det vart registrert 18 nye smitta i kommunen tysdag. Ifølgje kommunen var 15 av desse var knytte til det som blir omtalt som kyrkjeutbrotet på Melhus.

Formannskapet vedtok onsdag nye råd og reglar for innbyggjarane i kommunen. Den store forskjellen var at det igjen vart påbod om munnbind fleire stader i Trondheim.

Doblar testkapasiteten i dag

Dei siste vekene har Trondheim kommune skalert ned testkapasiteten sin på grunn av lite smitte.

Frå i dag av doblar kommunen testkapasiteten.

– Det er eit stort press på testing no og mange som nok skulle ha blitt testa litt tidlegare. Derfor aukar vi testkapasiteten på dei vanlege teststasjonane våre. Vi køyrer og ein del ambulerande testing, mellom anna på russ, seier Røsstad.

Ho understrekar at testinga av russen er planlagt.

– Vi har så langt ingen indikasjonar på at russ i Trondheim er smitta, seier ho.

Utbrot i fleire kommunar i regionen

Fleire nabokommunar til Trondheim slit med smitteutbrot no. Mellom anna Stjørdal og Orkland.

Søndag stengde formannskapet i Røros ei rekkje verksemder. Dei innførte også fleire tiltak for å hindre smitte i kommunen.

Så langt har 40 personar med forbindelse til ei kyrkjesamling i Melhus fått korona, skriv Adresseavisen.