Hopp til innhold

1500 grisar døde: Mat­tilsynet drog på uventa besøk til bonden – gjekk aldri inn i fjøset

Mattilsynet kunne ha oppdaga det dersom dei hadde gått inn i fjøset. Men då bonden ikkje var heime, blei ingenting oppdaga før nesten eitt år etter første varsel.

Død gris i fjøs ved foringsautomat

DØDE GRISAR: Ein bonde i Innherred i Trøndelag er tiltalt etter at om lag 1500 gris som følgje av svikt i tilsyn og stell.

Foto: Politiet

– Så lenge det er mange som har ei lita brikke og ikkje ser heile bilete, så blir det kanskje sånn.

Det seier den tydeleg påverka veterinæren til bonden som er tiltalt etter at leivningar frå opp mot 1500 døde gris blei funnen på garden hans.

Det har gått mykje innpå oss. Eg har tenkt mykje på det, legg veterinæren til.

Fleire har hatt ein liten flik av informasjon, men ingen kunne sjå korleis det heile hang saman.

Det var vanskeleg å overvinne sjukdommen på grisen. Frykteleg vanskeleg å be om hjelp. Ein blir ekspert og veldig god på å utsetje ting.

Det seier den tiltalte bonden som heldt situasjonen i fjøset skjult for alle.

Heilt til ein bekymra nabo tar seg inn i fjøset 9. januar 2023 var situasjonen heilt ukjent for omverda.

I rettssaka som varer i tre dagar forklarar tiltalte og fleire involverte vitne seg.

Les også 1500 grisar døde: – Eg gjekk ut i fjøset og lata som, seier tiltalte

Døde grisar i fjøset.

Ein bekymra nabo

Han la merke til at noko var annleis med grisebonden hausten 2022.

– Han endra åtferd. Litt dårlegare til å ta telefonen og litt meir folkesky, seier naboen til den tiltalte mannen.

Han begynte å sjå etter om det var lys i fjøset, om bonden var der og jobba med dyra. Og det var lys.

Men likevel fekk han ei dårleg følelse.

Les også Har møttes til «grisekaffe» i 20 år: Vil forebygge dyretragedier

Charles Berg, grisebonde

Ein nøye og skikkeleg bonde

Naboen som jobba som avløysar hos grisebonden beskriv tiltalte som ein skikkeleg og nøye bonde.

Dette inntrykket hadde også veterinærane og Mattilsynet i området.

Han har hatt bra kompetanse som dyrehaldar på gris. Forståing for kva dyra treng og behova deira, seier eit vitne frå Mattilsynet i retten.

Veterinæren var på besøk for siste gong i juli 2022, medan Mattilsynet hadde eit uvarsla besøk inne i fjøset i slutten på april året før.

– Han var interessert, gjorde alt skikkeleg, beskriv naboen.

Alt var alltid på stell. Men så snudde det.

Det har ikkje vore noko kritikkverdig før. Men inntrykket eg fekk då eg gjekk inn i fjøset 9. januar er så gale som det kan bli, seier naboen.

Då ringde naboen og sonen til tiltalte slakteriet, som igjen varsla Mattilsynet.

To bekymringsmeldingar til Mattilsynet

Allereie 25. januar 2022 tok Mattilsynet imot ei bekymringsmelding frå kjøttkontrollen.

Då hadde grisane som var sendt til slakteriet den siste perioden høge avvik på leddbetennelse.

9. november blei 40 grisar sendt til slakteriet og nok ei bekymringsmelding kom.

I meldinga blir det nemnt at grisane frå bonden har ein historikk med mykje sjukdom og fråverande sjukdomsbehandling. Allereie frå hausten året før var det unormalt mange gris med sjukdom frå tiltalte.

Grisane var magre, svært magre. Fleire blei kasserte fordi dei var avmagra.

Det seier eit vitne frå Mattilsynet om meldinga. Bekymringa utløyste eit uvarsla besøk til grisebonden.

Men bonden var ikkje heime og heller ikkje å få tak i. Fjøset var låst og Mattilsynet har ikkje lov til å gå inn utan tillating frå bonden eller saman med politiet.

Etter om lag ei veke fekk Mattilsynet kontakt med tiltalte over telefon og alt verka å vere under kontroll.

Me må ha tillit til det han seier. Det er grunnlaget for korleis mattilsynet jobbar. At me har tillit til dyreeigar.

Og tiltalte lova at han skulle ordne opp og det blei vurdert til å vere hans ansvar. Mattilsynet hadde eit tilsyn dei gjorde i slutten på april i 2021 i bakhovudet. Då sto alt bra til.

I same tida som den siste bekymringsmeldinga kom, fekk ikkje grisen meir mat.

Dette merka dei på Felleskjøpet der sambuaren til naboen til bonden jobba. Betaling for ei bestilling på fôr til grisane gjekk ikkje gjennom, og fôret blei ikkje kjøpt.

Difor gav ikkje naboen opp og var bestemt på å finne ut kva som var gale, og varsla slakteriet.

Og då slakteriet ringde igjen 9. januar 2023 rykka fire personar frå Mattilsynet ut, saman med politiet.

Les også 1500 griser døde etter svikt i dyrehold

Bildet viser en politiforseglet dør på gården hvor 200 griser ble funnet døde.

Eit paradoks at det kan skje

Ein kunne ha oppdaga dette før viss det hadde vore betre informasjonsdeling mellom dei aktørane som er inn mot produksjonen til han som er tiltalt.

Det seier aktor i saka, politiadvokat Amund Sand, om informasjonen som har kome fram i rettssaka.

Påtaleansvarleg Amund Sand på veg inn i rettsalen
Foto: Eivind Aabakken / NRK

Sand seier at politiet opplever det same i liknande saker.

Sånn var det i Jøa-saka som ligg litt tilbake i tid. Der var det på same måte.

Dette kallar politiadvokaten eit paradoks i samfunn og produksjonar som er så godt regulerte. Men det kan vere mange aktørar som er involverte og sit med kvar si bekymring.

Ein del av utfordringa er at her har ein teieplikt om det ein sit på og det er ikkje nødvendigvis lett å dele denne informasjonen i eit forum, legg Sand til.

Han informerer om at det har blitt jobba med å få på plass gode system for å dele bekymringar.

Det er vanskeleg å få etablert gode system for å dele informasjon og sånn at ein på eit tidleg tidspunkt kan få heile bilete og ikkje berre flikar av det.

Til slutt legg Sand til at alt ansvar ligg likevel hos dyrehaldar.

Les også 92 dyr sultet ihjel i bondens fjøs: Dette er saken

Henter ut døde kyr på Jøa