Hopp til innhold

1500 grisar døde: – Eg gjekk ut i fjøset og let som, seier tiltalte

Bonden skjulte kor dårleg det gjekk med grisane for eigen familie og naboar.

Døde grisar i fjøset.

DØDE GRISAR: Leivningar etter det politiet anslår er rundt 1500 døde grisar vart funnen på garden til den tiltalte bonden.

Foto: Politiet

9. januar 2023 rykka politiet og Mattilsynet ut til ein gard på Innherred i Trøndelag.

Her blei dei møtt av det dei anslo at var 200 døde grisar.

Men etter ytterlegare etterforsking visar det seg at om lag 1500 grisar har døydd på garden sidan november 2021.

76 attlevande grisar måtte avlivast på grunn av omsyn til dyrevelferd.

Tiltalte erkjenner delvis straffskuld. Han er ikkje einig i kor lenge grisar på garden har døydd som følge av brot på dyrevelferdslova.

Les også 1500 griser døde etter svikt i dyrehold

Bildet viser en politiforseglet dør på gården hvor 200 griser ble funnet døde.

– Skjønar ikkje at noko sånn kan gå an

I retten fortel den tiltalte mannen om drifta frå han starta med gris i 1992 og fram til januar 2023.

Eg har fått mykje hjelp frå far min. Han var ein ressurs, sa grisebonden.

Etter at faren døydde, han sjølv fekk hjarteinfarkt i 2019 og han begynte å plagast med sjukdom blant grisane, gjekk det dårlegare med drifta.

– Det var vanskeleg å overvinne sjukdommen på grisen. Frykteleg vanskeleg å be om hjelp.

Mannen forklarar at han slutta å ta kontakt med veterinæren sommaren 2022.

– Det begynner å bli litt tussig økonomisk. Får skrekk, telefonskrekk og prøver å unngå ting.

Han ville redusere talet grisar, men då slakteriet tok kontakt hadde han ikkje mot til å seie nei. Siste levering av grisar kom i jula 2022.

Sidan det gamle fjøset heldt på å rase saman, blei dei stua inn i det nye fjøset.

Døde grisar på eit lager i fjøset.

Frå 1. november fekk ikkje grisane mat på grunn av dårleg økonomi og ei øydelagd pumpe. Grisane begynte å ete på kvarandre.

Tiltalte forklarar at han var i si eiga verd, som han skjulte frå både sambuar, dei to barna sine og naboar. Han låste døra og svara ikkje på telefonen.

Eg gjekk ut i fjøset og let som. Men sat berre på kontoret.

Til slutt, 9. januar 2023, kom ein nabo på døra. Han hadde tidlegare hjelpt bonden med å reparere innsida av fjøset.

Eg har sagt det før at eg skjønar ikkje at noko sånn kan gå an og så er eg plutseleg midt oppe i det sjølv.

Naboen tok ei rask synfaring på garden og dei fekk varsla vidare.

Det har ikkje vore noko kritikkverdig før. Men inntrykket eg fekk då eg gjekk inn i fjøset 9. januar er så gale som det kan bli, forklarar naboen i retten.

Denne dagen forklarar bonden at han kjende seg letta.

Eg spør meg sjølv: Kvifor spurde du ikkje om hjelp?, seier den tiltalte.

Svikt i omsorg

Mannen er tiltalt for brot på fleire punkt i dyrevelferdslova. Og det er desse brota omhandlar svikt i omsorg, tilsyn og stell.

– Dette blant anna ved mangelfull tilgang til vatn og mat av god kvalitet, mangelfull oppfølging og behandling av sjukdom, samt mangelfullt reinhald og fråvær av dagleg tilsyn.

Det sa aktor i saka, politiadvokat Amund Sand, til NRK tidlegare i haust.

Dei siste månadane fekk ikkje grisane mat og bonden var så å seie ikkje i fjøset.

Politiet meiner brota på dyrevelferdslova har ført til at 1500 grisar døydde ved garden.

Det er ikkje mykje usemje mellom påtalemyndigheit og tiltalte i saka.

Ueinige om tidsrommet i tiltalen

Men den tiltalte mannen er ikkje einig i tidsrommet og kor mange grisar som har døydd på grunn av brot på dyrevelferdslova.

Difor erkjenner han delvis straffskuld.

Det er ei usemje i kor langt tilbake i tid svikta i tilsyn, stell og levemiljø går. Det er saka sitt sentrale tvistepunkt, seier Sand i retten.

Påtaleansvarleg Amund Sand på veg inn i rettsalen

Aktor i saka, politiadvokat Amund Sand ved Trøndelag politidistrikt.

Foto: Eivind Aabakken / NRK

Frå seinsommaren 2022 er partane einig i at det ikkje har vore forsvarleg dyrehald.

– Spørsmålet er om det var dyrevelferdslovbrot før denne tid. Før dette meiner påtalemyndigheit at det var mangelfull førebygging og mangel i behandling, legg aktor til.

Politiet reknar med at det har døydd gris som har blir fjerna frå fjøset eller eten av attlevande grisar forklarar aktor i rettssalen.

Matematikken er at det manglar 1500 grisar. Differansen mellom smågris inn og slaktegris ut, seier Strand.

Døde grisar i grisefjøs.

Døde grisar i forskjellige nedbrytingsfasar blei funnen i heile fjøset til den tiltalte bonden. Mellom 15 og 50 grisar datt ned i ein gjødselkjellar og drukna.

Foto: Politiet

I tiltalen kjem det fram at det var for lite plass til alle dyra i grisebingane og at det ikkje var godt nok sikra.

Fleire grisar datt difor ned i ein gjødselkjellar. Her var det så djupt at dei truleg drukna.

Stressa grisar på for lite plass, dårleg inneklima og reinhald, samt forureining frå døde grisar førte til at fleire dyr døde og blei sjuke.