Hopp til innhold

Startar gransking av arbeidsulukke

Måndag vil Arbeidstilsynet ta fatt på arbeidet med å granske arbeidsulukka på Frøya første nyttårsdag, der ein mann i 20-åra omkom.

Men i første omgang må dei avklare arbeidsfordelinga saman med Sjøfartsdirektoratet. Det er enno uvisst kven som har hovudansvaret for tilsyn i saka.

– Det er alvorleg når slike ting skjer. Men det er altfor tidleg å seie kva som har skjedd i denne saka, seier seksjonsleiar Marit Torsvik i Arbeidstilsynet til NRK.