Mann døydde i arbeidsulukke på Frøya i Trøndelag

Ein mann i 20-åra døydde etter at han kom i klem mellom båt og kai på Frøya.

Båten som var involvert i ulukka.

ARBEIDSULUKKE: Åstadgranskarar frå politiet og personar frå kriseleiinga i kommunen samla framfor båten som var involvert i ulukka.

Foto: RONNY TEIGÅS

Politiet i Trøndelag fekk klokka 15.20 melding om ei alvorleg arbeidsulukke ved eit kaianlegg på Frøya i Trøndelag.

I kveld melder politiet at mannen døydde av skadane. Pårørande er varsla.

Kom i klem mellom båt og kai

– Kva som er skjedd blir gjenstand for vidare etterforsking. Den døde blir sendt til obduksjon, seier politiadvokat Ole Andreas Aftret til NRK.

Mannen var i 20-åra og heimehøyrande i Møre og Romsdal. Ulukka fann stad på Salmar sitt anlegg på Ruggstein. Ifølge Salmar jobba mannen hos eit selskap som er innleigd av dei.

– Han kom i klem mellom ein båt og eit kaianlegg. Politiet sikrar vitneforklaringar og åstaden for å finne ut kva som har skjedd, sa politiadvokat Aftret til NRK like etter klokka 18.

Ambulanse på Frøya i samband med arbeidsulukka der.

UTRYKKING: Ein ambulanse på Frøya i samband med arbeidsulukka 1. nyttårsdag.

Foto: Ronny Teigås

Politiet undersøker saka med kriminaltekniske undersøkingar og vitneavhøyr. I tillegg er Frøya kommune sitt kriseteam, Havarikommisjonen og Arbeidstilsynet varsla om ulukka.

Granskar ulukka saman med Sjøfartsdirektoratet

– Det er alvorleg når slike ting skjer, seier seksjonsleiar Marit Torsvik i Arbeidstilsynet.

Måndag vil Arbeidstilsynet ta fatt på arbeidet med å granske arbeidsulukka, men i første omgang må dei avklare arbeidsfordelinga saman med Sjøfartsdirektoratet.

Marit Torsvik, seksjonsleder Arbeidstilsynet

ARBEIDSTILSYNET: Seksjonsleiar Marit Torsvik i Arbeidstilsynet.

Foto: Marit Torsvik

– Denne ulukka er i eit grenseland mellom sjøfart og landbasert. Her er to verksemder involverte. Det eine er i alle fall eit oppdrettsselskap vi vanlegvis har tilsyn med, seier Torsvik.

Men det er enno uvisst kven som har hovudansvaret for tilsyn i saka.

I løpet av eitt år skjer det omkring 30 arbeidsulukker med dødsfall i Noreg. Fleire av desse skjer i havbruksnæringa.

– Det er jo kjent at det er høg risiko med havbruk. Men det er altfor tidleg å seie kva som har skjedd i denne saka, fastslår ho.