Hopp til innhold

- På tide med ny etterforsking

Senterpartiets Ola Borten Moe meiner det er heilt naudsynt med ei ny og grundigare etterforsking av Obiora-saka.

Ola Borten Moe
Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

- Det er veldig bra med ny etterforsking og tett opp mot det vi har bedt om heile tida, nemleg at det blir gjort ei ny etterforsking der ein får alle fakta på bordet, seier justispolitisk talsmann, Ola Borten Moe, til NRK Trøndelag.

Riksadvokaten gav ordre

Riksadvokaten gav torsdag ettermiddag ordre til Spesialeininga for politisaker at Obiora-saka skal granskast vidare, sjølv om Spesialeininga la bort saka i vår.

Nigerianske Eugene Obiora døydde 7. september i fjor, etter eit basketak med politiet, som la han i mageleie med handjern. I tilleg brukte dei eit mykje omtala halsgrep.

- Eg håper på ei gransking der konklusjonen kan fange tillit hos alle i etterkant og at saka kan avsluttast på ein god måte, seier Borten Moe.

Viktig for omdøme til politiet

Ola Borten Moe trur også ei ny etterforsking er viktig med tanke på politiets omdøme i Trondheim.

- Eg trur at også Trondheimspolitiet er tent med at det blir ein ny runde i denne saka. Vår oppfatning er at det har vore grunn til å stille ein del spørsmål og be om ytterlegare opplysingar før ein har kunne legge denne saka bak seg, seier Borten Moe.