Klokka halv ti tirsdag formiddag fall dommen i Menneskerettsdomstolen i Strasbourg. Norske styresmakter har brote artikkel 6-2 i den europeiske menneskerettighetskonvensjonen. Ulf Hammern blei dermed fullstendig reinvaska i Bjugn-saka.
Fullt i stova

Jorid og Ulf Hammern hadde grunn til å glede seg i dag
Huset til Ulf og Jorid Hammern i Bjugn var fylt av familie og pressefolk kort tid etter at avgjerda frå Den europeiske menneskerettighetsdomstolen (EMD) blei kjent tirsdag formiddag.
Ulf Hammern og kona Jorid fekk beskjeden like før klokka ti, og Hammerns første kommentar til NRK Trøndelag var:
- Eg er veldig, veldig takknemleg. Dette er heilt ubeskriveleg. Eg hadde ikkje venta noko, så eg seier berre takk, tusen takk.

Ulf Hammern tørker vekk en gledeståre
Betyr utruleg mykje
- Dette betyr veldig mykje for meg. Eg har tidlegare sagt at utfallet i Strasbourg ikkje har betydd så mykje, men det har vore fordi eg ville ikkje at det skulle bety all verdens dersom det ikkje gjekk bra. Men beskjeden eg fekk i dag betyr at eg føler at vi har gjort det rette, og at vi må halde fram med det vi har starta på, seier Hammern.
Er dette eit endeleg punktum for saka?
- Nei, det meiner eg ikkje er tilfellet. Eg føler nok at vi berre må halde fram no.
Vil du søkje erstatning frå staten?
- Det får vi snakke med Christian Wiig om, det er altfor tidleg å seie noko om.
Fekk forlikstilbod
Ulf Hammern klaga til EMD over at norsk rett nekta han erstatning etter at han blei frifunnen i Bjugn-saka i 1994. Like før saka hans skulle fremmast for domstolen i Strasbourg i september i fjor, fekk Hammern eit forlikstilbod frå staten som skal ha vore godt større enn dei 170 000 kronene han fekk i dømt i oppreising og erstatning for tapt arbeidsfortjeneste etter Bjugn-saka.
Frostating lagmannsrett reduserte det opprinnelege beløpet fordi den meinte at Hammern ikkje hadde bevist si uskuld godt nok.
Var i tvil
Ulf Hammern var sterkt i tvil om han skulle godta forliket, men i samråd med fleire advokatar, mellom dei Christian Wiig, som har vore Hammerns faste forsvarar gjennom heile Bjugn-saka, bestemte han seg for å avvise forlikstilbodet. I dag takker Ulf Hammern Christian Wiig:
- Det er Christian Wiig som er årsaka til at vi har komme dit vi er i dag, og vi vil la han bestemme kva skritt vi skal ta vidare, seier Hammern til NTB.