Massiv leteaksjon etter dødsskredet i Longyearbyen
Foto: Geir Barstein

Skredet som endra ein by

For fem år sidan dundra snøen inn i elleve hus i sentrum av Longyearbyen. Tor skvett framleis når han høyrer høge lydar, men ungane har overtala han til å flytte tilbake.

Hjartepeparkaker og ei julestjerne heng i stovevindauga som vender ned mot Longyearbyen sentrum.

Oppetter bakveggen på det ikoniske spisse huset ved foten av fjellet Sukkertoppen, står eit juletre og ventar på den store dagen. Snøskuterane er klare for tur.

Alt er som det var for fem år sidan.

I alle fall nesten.

Huset til Tor Selnes

Tre spisshus på rekke og rad. Lite vitner her om dramatikken og alvoret som utspilte seg.

Foto: Line Nagell Ylvisåker

For det huset Tor Selnes og familien budde i då, det finst ikkje lenger.

19. desember 2015 vakna Tor Selnes av ein smell i soverommet. Alt rista og var i rørsle. Han snudde kroppen og i det svake lyset såg han ein blomkålaktig masse kome mot seg.

Så vart han kasta rundt og stanga i taket, før han raste vidare. Han sette hendene som i ein guard framfor andletet for å verne seg mot plankar og snø.

Så vart alt svart.

Her er tilbygget Tor Selnes sov i. Han hugsar at han såg spot-lampa over seg og at han stanga i taket.

Her er tilbygget Tor Selnes sov i. Han hugsar at han såg spot-lampa over seg og at han stanga i taket.

Foto: Tor Selnes

Då han vakna att, sat han på skrå med snø til livet. Han fekk røska opp den eine foten. Den andre måtte han grave fram.

Han ropte på eldstesonen:

– Adrian, lever du?

– Ja, svarte sonen.

– Lever dei to andre?

– Ja, kom det frå huset.

Så kraup trebarnsfaren ut frå soverommet som låg i eit tilbygg til sjølve huset. Full av adrenalin gjekk han naken ut i snøen. Huset var slått av pålane sine og hadde sigla 80 meter nedover dalsida.

Tor tok tak i den første personen han såg og ropte at mannen måtte hjelpe ungane hans.

Så ramla Tor inn på golvet hjå ein nabo.

Tor Selnes er assistent ved Longyearbyen skole. Han har 80 prosent stilling på ungdomsskolen og 10 prosent på SFO. Han kunne ha jobba fullt, men da hadde han ikkje fått fri i sommarferien, påsken og jula saman med ungane.
– Tid med familien vart enda viktigare for meg etter skredet, seier han.

Tor Selnes låg og sov da skredet kom.

Foto: Line Nagell Ylvisåker / NRK

Ut stovevindauget

Yngstesonen Erlend (9) sat i senga på rommet sitt då skredet kom. Det rista kraftig, og han skjønte ikkje kva som skjedde. Brått stoppa alt og storesøstera Kine (11) kom inn til han. Saman gjekk dei ned til første etasje.

Trappa var skeiv og vinglete.

Nede møtte dei Adrian (11) som hadde gjort eit tigersprang frå sofaen, der han sat og såg på TV, til gangen midt i huset.

Han hadde stått og liksom surfa nedover snøen, medan hjørnet der han nettopp hadde vore, vart smadra.

To vaksne kom og hjelpte ungane ut gjennom det eine stovevindauget. Erlend lurer framleis på kven dei to er, han hugsar stemmen til den eine.

Ungane vart henta ut av stovevindauget på framsida av huset. Dei vart tekne hand om av Håvard Tjora, ein av venane til familien. Der spiste dei pizza og spelte Den forsvunne diamant.

Ungane vart henta ut av stovevindauget på framsida av huset. Dei vart tekne hand om av Håvard Tjora, ein av venane til familien. Der spiste dei pizza og spelte Den forsvunne diamant.

Foto: Tor Selnes

Stille skred

Nyvald lokalstyreleiar Arild Olsen (Ap) sto og kika ut kjøkenvindauget frå sitt spisshus denne laurdagsmorgonen i 2015. Det var så fint. Snøen låg klistra oppetter husa og vindauga. Eit idyllisk vinterlandskap etter eit ordentleg rufsevêr.

Dagen før var det meldt opp i orkan i kasta.

Han vart ståande litt, før han gjekk opp i 2. etasjen. Då straumen gjekk eit kvarters tid seinare, var utsikta heilt forandra.

Olsen skjønte ikkje kva som hadde skjedd.

Han gjekk ut på trappa og såg at nabohusa hadde flytta på seg. Det eine sto nesten inntil hans, men han hadde ikkje høyrt ein lyd.

Det var heilt stille, surrealistisk.

Arild Olsen

Leiar i lokalstyret på Svalbard, Arild Olsen like etter skredet i 2015.

Han skjønte at det hadde gått skred og sa til dei andre i huset at dei måtte kle på seg og kome seg bort, det kunne koma ned meir snø.

Instinktet sa at han skulle springe opp i skredområdet og grave. Men etter ein stille pause med seg sjølv, hugsa han at han hadde ein annan funksjon no.

Han måtte ned på kontoret og kartlegge kva hus det var folk i.

Lokalstyreleiaren hadde ingen aning om omfanget av kartlegginga som ville komme i månadene etter, og kor forandra byen ville bli.

Knuste spisshus i Longyearbyen

Spisshusa vart knust til pinneved.

Foto: Geir Barstein

To døydde

Då Arild Olsen gjekk forbi redningsmannskapa som var komne til staden, og Tor hadde kome seg ut av det maltrakterte soverommet, låg ni personar fordelt på fire hus under snøen.

Ein far klarte å grave fram seg sjølv, kjærasten og ein to månader gamal baby.

Redningsmannskapar kom til for å grave ut dei to andre i huset.

Ein stad i skredet høyrde redningsmannskapa lydar under snøen, slag mot ein mikrobølgeomn.

Heile byen stilte opp.

Ei lang kjede av menneske sto klare for å hjelpe til.

Ambulanse står klar etter dødsskredet i Longyearbyen

Ambulansen sto klar til å frakte dei skadde til sykehuset.

Foto: Geir Barstein

Redningsmannskapa jobba i snø blanda med bilar, vegga, materialar, jerrykanner og snøskuterar. Nokre stader måtte dei bruke motorsag for å kome gjennom.

Etter to timar var det framleis tre personar som var sakna.

Den eine overlevde, men Nikoline Røkenes (2) og trebarnsfaren Atle Husby mista livet denne dagen.

– Eg er blitt så glad i å leve

Kvelden før hadde Tor Selnes spelt kort heime hjå kollegaen Atle Husby og ein liten venegjeng. Då han gjekk heim i 22-tida på kvelden, hadde det byrja å samle seg snø i fjellsida bak husa.

På kvelden 18 desember gjekk Tor Selnes heim etter å ha spelt kort med ein gjeng kompisar. Han tok bilete av all snøen som hadde kome.

På kvelden 18. desember 2015 gjekk Tor Selnes heim etter å ha spelt kort med ein gjeng kompisar. Han tok bilete av all snøen som hadde kome.

Foto: Tor Selnes

Tor kopla ikkje at det kunne få katastrofale følgjer.

– Kollegaer på fastlandet las at ein trebarnsfar var omkommen i skredet. Det kunne berre vera meg eller Atle. Så var det Atle, seier han.

Sjølv vart Tor sendt med ambulansefly til sjukehuset i Tromsø. Der fjerna legane ein trebit som sat fast i ryggen hans, og konstaterte at han var grisebanka, men ikkje alvorleg skadd.

Her sov Tor Selnes då skredet trefte. Fram til tidleg på hausten same året, var det leikerommet til ungane.

Tor var heilt naken då han krabba ut av tilbygget etter skredet. I ettertid har det kome fleire spøkar. Mellom anna fekk han denne oppfordringa frå ein kollega etter ei sosial samling: – Tor, no må du hugse å sove med boxershorts.

Foto: Tor Selnes
Svalbard ras 1

Hjelpemannskap jobba i området der snøskredet traff. Lokalbefolkningen ble bedt om å melde seg med spader.

Foto: Tipser / NTB scanpix
Huset vart flytta 80 meter nedover lia. Det meste vart rista laust og øydelagd på turen.

Huset vart flytta 80 meter nedover lia. Det meste vart rista laust og øydelagd på turen.

Foto: Tor Selnes
Huset vart flytta 80 meter nedover lia. Det meste vart rista laust og øydelagd på turen.

Koppar, fat og spel vart kasta veggimellom i skredet.

Foto: Tor Selnes
Då familien fekk kome inn på tomta 9. februar, fann Erlend skulesekken sin i snømassane.

Då familien fekk kome inn på tomta 9. februar, fann Erlend skulesekken sin i snømassane.

Foto: Tor Selnes
Denne steinen hadde Kine gitt til pappa. Den låg på soverommet hans då skredet gjekk.

Denne steinen hadde Kine gitt til pappa. Den låg på soverommet hans då skredet gjekk.

Foto: Line Nagell Ylvisåker / NRK

No, fem år etter, sit Tor trygt i stova med ein kaffikopp i neven. Augo må blunke.

– Eg har aldri før vore villig til å innrømme, verken for meg sjølv eller andre, at skredet har endra meg. Men det har det. Eg er var for lydar. Når det smeller i huset, skvett eg meir. I dårleg vêr er eg i alarmberedskap til ei kvar tid, seier han.

Rett etter skredet kverna eitt spørsmål i hovudet hans. Om og om igjen. Kvifor i alle dagar overlevde han?

Tor Selnes og Erlend (no 14) var heime saman med tvillingane Adrian (no 16), Kine (no 16) Då skredet gjekk. Mamma Liss hadde vore på jobb i Oslo og var i Tromsø og venta på fly vidare. No har Adrian og Kine flytta til Tromsø og byrja på vidaregåande skule der.

Tor Selnes og Erlend (no 14) var heime saman med tvillingane Adrian (no 16), Kine (no 16) då skredet gjekk. Mamma Liss hadde vore på jobb i Oslo og var i Tromsø og venta på fly vidare. No har Adrian og Kine flytta til Tromsø og byrja på vidaregåande skule der.

Foto: Line Nagell Ylvisåker / NRK

Han såg bilete av tilbygget der soverommet hans hadde vore. Taket vart ståande på ein vegg som var snudd opp-ned, det var som ei klappfelle over senga. Kvifor klappa den ikkje saman over han?

– I byrjinga var eg berre glad for at eg overlevde. Så kom eg til eit punkt der eg byrja å tenke meir over kva som er viktig i livet. Eg er blitt så utruleg glad i å prate med folk, treffe folk. Eg er blitt så glad i å leve, seier han.

Det som før ville ha vore problem, viftar han vekk som bagatellar. Han tenkjer positivt, er blid og glad.

– Eg går ikkje rundt og tenkjer at eg skal vera slik, men det har blitt heilt naturleg for meg etter skredet. Det har endra meg noko enormt, seier han.

Her i tilbygget vakna Tor Selnes av at snømassane kasta han rundt. Han kjempa for livet mot snø og materialar.

Her i tilbygget vakna Tor Selnes av at snømassane kasta han rundt. Han kjempa for livet mot snø og materialar.

Foto: Tor Selnes

Yngstesonen Erlend (14) er komen ned i stova. Den er heilt lik den dei budde i fem år tidlegare, berre spegelvendt og med heilt nye møblar.

Eit knapt år etter skredet bestemte familien seg for å flytte tilbake til spisshusgata i Lia. Dei fekk tilbod om leilegheit i ei bustadblokk nede på elvebredda, på den andre sida av sentrum, men ungane ville ikkje bu der.

– Eg hadde budd heile livet i eit grønt spisshus. Om me skulle flytte nokon annan stad, ville eg heller flytte til fastlandet, seier Erlend.

Tor fortel at han var i tvil, men ungane overbeviste han.

Også huseigar Longyearbyen lokalstyre var i tvil, så han måtte overbevise det om at dette ikkje var noko han pressa ungane til, det var dei som så sterkt ville tilbake til gata der dei hadde vakse opp.

Erlend Selnes

Erlend overtala familien til å busette seg i Lia att.

Foto: Line Nagell Ylvisåker

Nytt skred

Nokre månader etter at dei hadde flytta tilbake, sto Tor på busstoppen og tok bilete av husrekkene. Natta før hadde det blåst mykje. No var det heilt kvitt.

Han sa til ungane at i dag måtte dei ikkje gå opp i fjellsida, det var skredfarleg. Longyearbyen hadde fått skredvarsling. Styresmaktene sa at det var skredfarleg i terrenget, men skred skulle ikkje kunne nå hus.

Då Tor kom på jobb på skulen, fekk han beskjed om at det hadde gått skred igjen, litt bortanfor spisshusa. Snøen hadde blåst gjennom ei rekkeleilegheit, men ingen var heime der.

Longyearbyen snøskred veg 228

Leitemannskapa var raskt på plass då eit nytt skred gjekk i 2017.

Foto: Stringer / NTB scanpix

Folk i naboleilegheitene vart evakuerte ut vindauga i sokkelesten. Heldigvis var det ingen under snøen denne dagen.

Tor tenkte at han måtte finne ungane sine, dottera ville reagere sterkast. Han tok dei til sides på skulen, og fortalde kva som hadde skjedd, men at det gjekk bra denne gongen.

Etter dette andre skredet, endra stemninga i byen seg. To gonger på drygt eit år dundra snøen inn i bustadhusa. Hausten før vart 259 personar evakuerte grunna alt regnet som kom med fare for flaum- og jordskred. Kva var det som skjedde?

Skred på Svalbard i 2015 og 2017
Foto: Grafikk: Mari Grafsrønningen

I vårt nabolag

Kartlegginga Arild Olsen og styresmaktene måtte gjere, omfatta meir enn kven som var heime i dei elleve spisshusa 19. desember 2015. Dei måtte få oversikt over naturfarane.

Longyearbyen vart kartlagt i 2016 og på nytt etter skredet i 2017, då det viste seg at naturkreftene var sterkare enn berekna. Skredsona vart trekt inn i sentrum.

No er delar av byen på flyttefot. Totalt 168 bustadeiningar i Lia måtte bort. Til no er 107 tekne av skred eller rivne for å gi plass til skredsikring.

Staten bygde nye hus i Gruvedalen ved utløpet av Longyeardalen og blokker veks opp på elvesletta vest for sentrum.

Arild Olsen like etter skredet i 2017

Arild Olsen framfor skredområdet i februar 2017.

Foto: Line Nagell Ylvisåker/Svalbardposten

For lokalstyreleiaren vart skredproblematikken eit kraftig symbol på kor mykje klima har å seie. Det som skjedde i byen hans var handfast. Det var ikkje ei øy i Stillehavet som heldt på å forsvinne, eller ein skogbrann i USA eller Australia.

– Klimaendringane er noko som skjer i vårt nabolag, som har kosta menneskeliv og som har kraft til å ta fleire. Dei definerer kvar du kan bu og ikkje, kvar du kan bevege deg trygt og ikkje, kva du kan gjere og ikkje, næringsgrunnlaget for framtida. Det er altomfattande, seier han.

Også før 2015 var styresmaktene klar over at det var skredfare i Lia, men Longyearbyen lokalstyre og grunneigar Store Norske vart ikkje samde om kven som har ansvar for å sikre. Dei løfta saka opp til kvart sitt departement.

Arild Olsen, lokalstyreleder Longyearbyen

I tillegg til å sikre byen, jobbar Longyearbyen med å få ned CO₂-utsleppa sine. Mellom anna ynskjer lokalstyreleiar Arild Olsen å få på nytt eit nytt energiverk, og gå frå kol til fornybar energi.

Foto: Line Nagell Ylvisåker

No har lokalstyreleiaren eit råd til andre kommunar: Dei må ta fram og klimaberekne arealplanane sine og sjå kva område som ligg utsett til.

– Få kontroll og gjer noko, seier Olsen.

Temperaturen stig raskare i Svalbard-området enn andre stader på jordkloden, hovudsakeleg fordi vintersjøisen forsvinn slik at vatnet kan varme opp lufta.

Men også i fastlands-Noreg blir det varmare. I framtida vil det bli meir nedbør, og med det større fare for snøskred, sørpeskred, jordskred, flaum og steinsprang.

Olsen meiner det bør rullast ut eit større, nasjonalt program som hjelper kommunane med å ta tak i naturfarar. Han viser til at plan- og bygningsloven er klar på at det ikkje er lov å bygge i kjente faresoner, men den seier ikkje noko om korleis ein skal handtere nyoppdaga farar i område som allereie er utbygd.

– Om dette skal løysast ved å sikre etter at det skjer ulukker, vil det bli usedvanleg dyrt for AS Noreg. Og dei menneskelege tapa kan me ikkje måle i kroner og øre, seier han.

Frå huset sitt ser Tor Selnes rett bak på tomta der det gamle huset sto. No er det byggjegjerder og anleggsmaskiner der. Fjellet bak har fått skredgjerder.

Frå huset sitt ser Tor Selnes rett bak på tomta der det gamle huset sto. No er det byggjegjerder og anleggsmaskiner der. Fjellet bak har fått skredgjerder.

Foto: Line Nagell Ylvisåker / NRK

Lys for å minnast

Frå kjøkenvindauget ser Tor rett opp på byggegjerda og starten på ein 5,5 meter høg voll der det gamle huset hans sto.

På ryggen til fjellet Sukkertoppen er det sett opp gjerde for å stoppe snøen som blir blåst inn frå vest, før den legg seg i fjellsida. I bratthenget er det satt opp støttegjerder som skal låse det som likevel legg seg.

Om halvanna år skal Sukkertoppen vera stripete av skredgjerder. 27 bygg i Lia, med til saman 61 leilegheiter, vil vera borte. Vollen langs fjellfoten vil strekke seg bak huset til Tor og dei andre bygga som står att, lik ein beskyttande arm.

Longyearbyen fra andre siden

– Det er nok lurt at styresmaktene er grundige i det dei gjer no. men eg trur òg dei er redde for å bli tatt på at dei ikkje gjorde nok, derfor gjer dei det ekstra grundig. Den tanken har eg og, seier Tor Selnes.

Foto: Line Nagell Ylvisåker

Men sikringsarbeida bidreg også til at han tenker ekstra på det som har skjedd.

– Det er ikkje ubehageleg, men det sørger for at tankane oftare er innom der, seier han.

Kvart år den 19. desember går folk i Longyearbyen opp spisshusgata for å tenne lys for dei som døydde før sikringa kom på plass, og for livet.

Erlend Selnes (14) har ikkje vore redd for nye skred etter at han flytta tilbake. Gjerda i fjellet gjer at han føler seg tryggare, sjølv om han også tykkjer anleggsarbeidet er irriterande og ser stygt ut, at det blir litt mykje.

– Me bur midt i hjartet av byen. Vanlegvis står det 50 kinesarar framfor her og tek bilete av oss. Eg tullar ikkje. Husrekka er veldig ofte fotografert med den kvite Sukkertoppen bak. For oss er det ein draum å bu her, seier Tor.

I februar fann Adrian (t.v.), Erlend, Liss og Kine att dørskiltet sitt. No heng det på det nye spisshuset.

I februar 2016 fann Adrian (t.v.), Erlend, Liss og Kine att dørskiltet sitt. No heng det på det nye spisshuset.

Foto: Tor Selnes

Vrang juletrefot

No skal familien snart feire ei ny jul. Kona Liss kjem heim og lurer på om dei andre har fortalt om juletrefoten.

– Nei, seier dei.

Tor har banna over juletrefoten i alle år. Det er ein gamaldags variant med skruer, og han må banke inn kiler og klundre for å få treet beint.

Etter skredet kom ein nabo lukkeleg heim til han med den.

– Det var ikkje akkurat juletrefoten eg hadde mest lyst til å få att. Men no kan eg jo ikkje slutte å bruke den, seier Tor.

Les også: