Hopp til innhold

Ho held butikken ryddig og velfylt: – Dei treng nok litt hjelp her

Eit unikt arbeidstilbod gjer at Julie (21) har ein jobb å gå til. Mange utviklingshemma får aldri sjansen til å visa kva dei klarer.

Kun 1 av 30 med lett utviklingshemming i arbeid – i Tana har de funnet løsningen

Kun 1 av 30 med lett utviklingshemming i arbeid – i Tana har de funnet løsningen

I Tana kommune har vidaregåande skule og Nav jobba saman for å få unge vaksne med utviklingshemming ut i ordinært arbeid. Ein av desse er Julie Johannesen.

– Eg liker å vera her i butikken. For dei treng nok litt hjelp her, seier Johannesen.

Jobben hennar er å halda butikken ryddig og hyllene fulle av varer. Dette gjer ho saman med to andre. I tillegg har gruppa ein arbeidsleiar.

Eirik Aslaksen Ravna er også ein del av gruppa. Han seier butikkjobben gjer kvardagen hans meiningsfull.

– Eg har gode kollegaer og mykje ulikt å halda på med. Det er travelt, men det er bra.

Eirik Aslaksen Ravna har fått en tilrettelagt jobb på den lokale matbutikken i Tana. Det gjør hverdagen hans meningsfull

Jobbkvardagen i matbutikken er travel, men Eirik Aslaksen Ravna stortrivst.

Foto: Sidsel Vik / NRK

Høg arbeidsmoral

Det er Ole Thommy Boine som er arbeidsleiar for dei unge. Han har følgt gruppa gjennom vidaregåande skule og deretter ut i arbeidslivet.

Boine seier dei byrja å leita etter jobb eller aktivitetar til dei tre medan dei gjekk på skulen. Men dei fann ikkje noko som kunne passa.

Me såg jo at det var mykje dei kunne gjere viss det vart lagt til rette for dei. Så me fann ut at me måtte starta eit prosjekt sjølv.

Boine seier skulen starta eit samarbeid med NAV, og dei snakka med den lokale kjøpmannen på Rema 1000. Saman fann dei ein arbeidsmåte som fungerte.

– Gruppa har hatt arbeidspraksis på matbutikken. Me starta med to–tre dagar i veka, og no er me på heiltid.

Ole Thommy Boine seier fordelen med å ha ein arbeidsleiar, er at arbeidet lettare kan tilpassast kvar enkelt.

Modellen har vorte ein suksess, og arbeidsmoralen er utanom det vanlege.

Du ser arbeidsgleda i dei, og det er aldri nei. Dei har aldri sjukedagar og dei kjem på jobb sjølv om dei er sjuke.

Ole Thommy Boine er arbeidsleder for tre unge voksne med utviklingshemming. Ved hjelp av han er de i ordinært arbeid på Rema 1000 i Tana.

Ole Thommy Boine er arbeidsleiar for tre unge vaksne med utviklingshemming. Med hans hjelp kan dei vera i ordinært arbeid i ein matbutikk.

Foto: Sidsel Vik / NRK

Les også Først nå har de fått mulighet til å studere

Utviklingshemma blir ekskludert frå arbeidslivet

Nasjonale tal viser at berre om lag 3 prosent av dei med lett utviklingshemming er i ordinært arbeid.

Hanne Marie Høybråten Sigstad er professor ved institutt for spesialpedagogikk ved Universitetet i Oslo. Ho meiner unge vaksne med utviklingshemming blir ekskluderte frå det ordinære arbeidslivet.

Sigstad har forska på temaet i mange år, og no jobbar ho saman med kollegaer for å finna suksesshistorier for å få fleire med lett utviklingshemming i arbeid.

Hanne Marie Høybråten Sigstad er professor ved institutt for spesialpedagogikk ved universitetet i Oslo.

Forskar Hanne Marie Høybråten Sigstad ved Universitetet i Oslo, meiner fleire hinder må fjernast så fleire med utviklingshemming kan komma i arbeid.

Foto: Universitetet i Oslo

Ho meiner samarbeidet og arbeidsmodellen til vidaregåande skule og Nav i Tana, er unik.

Det gjer at elevane får trena på å vera i jobb, og det gjer overgangen til arbeidslivet enklare, seier Sigstad

I tillegg meiner ho arbeidsleiaren som følgjer gruppa, er ein viktig faktor til suksess.

Dei bedriftene som i prosjektet vårt har lykkast med å tilsetja arbeidstakarar med utviklingshemming har fått dette til nettopp ved hjelp ein type jobbrettleiar.

Sigstad seier arbeidsleiaren gir nødvendig støtte i utføringa av arbeidsoppgåvene, men også støtte til arbeidsplassen.

Dette har vist seg å vera heilt uvurderleg for å lykkast. Det å overlata arbeidstakarane til arbeidsplassen var meir utfordrande.

Kjøpmann i Tana Christoffer Breivik Lille har i mange år gitt mennesker en sjanse til å prøve seg i arbeidslivet.

Kjøpmann i Tana Christoffer Breivik Lille har i mange år gitt menneske ein sjanse til å prøva seg i arbeidslivet.

Foto: Sidsel Vik / NRK

Vil kjempa for å få behalda gruppa

Christoffer Breivik Lille er kjøpmann på Rema 1000 i Tana. Han har hatt gruppa på tre i arbeid i fleire år.

Kjøpmannen seier det har vore gøy å sjå korleis dei har utvikla seg.

– Eg ser at dei veks med oppgåvene dei får. Dei får meir sjølvtillit. Og eg ser at arbeidet betyr mykje for dei.

Samstundes har det vore viktig for han at dei har med seg ein arbeidsleiar.

– Den støttefunksjonen er heilt nødvendig. Verken eg eller dei andre tilsette har høve til å følgja opp gruppa godt nok.

Breivik meiner det er sjølvsagt å gi dei tre ein sjanse i arbeidslivet.

– Eg vil gjera det eg kan for at desse og andre unge får prøva seg i arbeidslivet.

Julie Johannesen i Tana stortrives på jobb i den lokale matbutikken.

Julie Johannsen seier ho ikkje kan tenkja seg eit liv utan jobb.

Foto: Sidsel Vik / NRK

Ønskjer at arbeidsmodellen blir eit varig tilbod

Heiltidsjobb på Rema-butikken gjer at Julie Johannesen og Eirik Ravna ikkje lenger er elevar på vidaregåande skule. No er det Tana kommune som har ansvaret for dei.

Arbeidsleiar Ole Thommy Boine seier målet no er at kommunen skal gjera arbeidsmodellen med ein arbeidsleiar til eit varig tilbod.

– Det kjem fleire unge vaksne som vil trenga noko å bruka kvardagen på. Og det er ventelister på kommunen sin eigen tilrettelagde arbeidsplass.

Førebels har lokalpolitikarane sørgt for at gruppa har arbeidsleiar i fire år. Etter det er saka meir uklar.

Varaordfører i Tana, Anna Oliva Taksgård

Varaordførar i Tana, Anna Oliva Taksgård seier kommunestyret førebels har sikra arbeidstilbodet til dei tre unge i fire år.

Foto: Sidsel Vik / NRK

Varaordførar Anna Oliva Taksgård seier dei ønskjer å gi eit tilbod til unge som treng tilrettelagt arbeid. Meir kan ho ikkje lova.

– Det er viktig at me sikrar tilbodet framover. Sjølv i ein pressa økonomisk situasjon har me valt å støtta det fram til 2027. Men etter det kjem det an på kven som styrer kommunen.

Les også Russisk språkhjelp gjør at ukrainske Yana er i jobb

Yana