Hopp til innhold

Erling kan miste julefeiringa fordi han må på havet for å fiske

Kvotane er på veg ned, og samstundes foreslår Fiskeridirektoratet strengare reglar for kongekrabbefisket. Fiskar Erling Haugan risikerer at julefeiringa ryk.

Leder i Bugøynes Fiskarlag, Erling Haugan, foran sjarken "Bugøyjenta".

FISKEJUL: Leiar Erling Haugan i Bugøynes Fiskarlag fryktar han må droppe julefeiringa for å berge kongekrabbekvoten.

Foto: Gunnar Sætra / NRK

– Ein kan ikkje endre ein regel når det berre er to veker igjen til å klare aktivitetskravet. Det blir jo helt umogleg for enkelte. Eg meiner det er ein tragedie, seier leiar Erling Haugan i Bugøynes Fiskarlag.

For å få full kongekrabbekvote må man fiske andre artar for minst 200.000 kroner i året.

Denne regelen gjaldt også 1. januar i år, men no ønsker Fiskeridirektorat å auke det til 300.000 kroner for 2023. I fjor kom den tilsvarande forskrifta den 21. desember.

Dersom kravet for 2023 aukar med 100.000 kroner, må Haugan og fleire fiskarar «stormfiske» på tampen av året.

Han meiner det er forferdeleg å få ein slik beskjed så seint på året.

– Kanskje på litle julaftan. Dermed er heile jula øydelagd for oss som har basert oss på at kravet er på 200.000 kroner.

Mina Haugan sorterer kongekrabbe om bord i "Bugøyjenta".

SORTERER: Mina Haugan sett ut den minste kongekrabba.

Foto: Gunnar Sætra / NRK

Kongekrabbe

På 1960-talet sette sovjetiske forskarar ut kongekrabbe ved Kolahalvøya i Russland. Krabba vandra vestover og var lenge ein pest og ein plage for lokale fiskarar. Den sette seg fast i garna og åt agnet av linebruket.

For vel 20 år sidan blei det innført kvotar på kongekrabbe. Dei skulle gå til ei bestemt gruppe, seier Haugan.

– Dei som var plaga av kongekrabba, skulle også nyte godt av denne ressursen.

Les også Morten frykter å bli skviset ut av kongekrabbefisket – allerede før han har begynt

Morten Blien, fisker og politiker i Tana.

Kvotenedgang

Kravet om auka inntekter frå andre artar enn kongekrabbe kjem samtidig med nedgang i dei fleste kvotane.

Havforskingsinstituttet tilrår at kongekrabbekvoten blir halvert til neste år. I tillegg blir det 20 prosent lågare torskekvote i 2024 enn i år.

– Det vil seie at den båten vi er på no, får ein torskekvote til neste år som er verd ca. 280.000 kroner. Då når vi ikkje aktivitetskravet, uansett korleis vi snur og vender på det, seier Haugan.

Har du ein enda mindre båt, har du iallfall ikkje sjanse til å nå aktivitetskravet, meiner han.

– Nokre har kvotar som kanskje er verdt i underkant av 200.000 kroner, og det er grenser for kva du klarer å fiske av andre artar med ein liten båt.

Sjarker i fiskerihavna i Bugøynes.

SJARKAR: Kongekrabbe er hovudinntektskjelda til sjarkflåten i Bugøynes.

Foto: Gunnar Sætra / NRK

Bugøynes i Sør-Varanger, øst i Finnmark, har ein stor sjarkflåte. Dei har kongekrabber som viktigaste inntektskjelde.

Haugan seier bygda risikerer å miste mange fartøy.

– 60 prosent av all kongekrabba i Noreg blir landa på stader med færre enn 200 innbyggarar. Eg meiner at dette er veldig god distriktspolitikk med dagens ordning, men det blir ein elendig distriktspolitikk dersom forslaget frå Fiskeridirektoratet blir vedteke – dessverre.

Les også Frykter ny torskekrise – samtidig klør forskerne seg i hodet

Tom Vegar Kiil i Finnmark.

Skal sikre aktivitet

Fiskeridirektør Frank Bakke-Jensen seier kravet om å fiske andre artar er for å sikre aktivitet i fiskeindustrien.

– Sånn at vi strekker den nasjonale delen av verdikjeda. Dette handlar om sysselsetting og verdiskaping for kystsamfunna.

Dei som fryktar at dei må fiske i staden for å feire jul, kan komme med innspel i høyringsrunden.

Krabbefisking

FISKEINDUSTRIEN: Fiskeridirektør Frank Bakke-Jensen seier kravet om å fiske andre artar enn kongekrabbe er viktig for den landbaserte delen av fiskerinæringa.

Foto: Mathias Sommerseth Kjellmo / NRK

– Akkurat den delen får vi sikkert justert. Som sagt handlar dette om at vi skal ha størst mogleg aktivitet i kystsamfunna. Sånn at vi kan skape verdiar frå kongekrabbe og andre artar.

Fiskeridirektøren trur ikkje reduksjonen i torskekvotane vil vere avgjerande.

– Vi skal nok sikre så mykje kvote at ein oppfyller aktivitetskravet. Så når kvotane går ned, er det desto viktigare at vi har fleire som fiskar meir enn ein art – at man fiskar så mange artar som mogleg. Sånn at vi får aktivitet også på landanlegga, avsluttar Frank Bakke-Jensen.

Det er fjerde gong Fiskeridirektoratet foreslår å auke aktivitetskravet for kongekrabbefiskarane.

Både i 2020, 2021 og 2022 la direktoratet fram ein opptrappingsplan for aktivitetskravet. I år legg direktoratet opp til at aktivitetskravet skal auke til 400.000 kroner i løpet av to år.

Les også Vil øke krav om å få fiske kongekrabbe: – Veldig bra for å øke aktiviteten

Jonas Ervik Johnsen og Mia Karine Johansen