Hopp til innhold

Sjukefråvær for psykisk vanhelse aukar

Finnmark og Troms ligg i toppen på statistikken over sjukefråvær som skuldast psykiske liding. I eit av fylka aukar sjukemeldingane.

NAV Tromsø
Foto: Fabian Ubeda

På den tre første månadane i år var dei legemelde sjukemeldingane for psykisk vanhelse på 6,9 prosent i Troms. I same periode i fjor var talet 6,7 prosent.

I Finnmark var årsaka til 7 prosent av sjukemeldingane psykiske lidingar. Talet har heldt seg stabilt sidan i fjor.

Med det ligg landets nordlegaste fylke nest øvst på denne statistikken. Berre Østfold ligg føre, med eit fråvær på 7,3 prosent. Troms kjem som nummer 3, saman med Nordland.

På landsbasis er desse sjukemeldingane på 6,2 prosent. Dei har auka med 0,1 prosentpoeng på eit år.

Det går fram i ei pressemelding frå Nav Troms og Finnmark.

Les også Lokalbefolkningen protesterer mot helsekutt

Sandra Midtskogen, tidligere bruker av DPS Midt-Troms, lever med psykisk sykdom.

Aukar mest blant unge vaksne

Statistikken viser at det er to aldersgrupper kor fråværet faktisk daler i Troms. Det gjeld både for dei yngste og eldste, altså dei mellom 16–19 år og 60–69 år.

Det er dei unge vaksne som har høgast auke i fråværet.

– Aldersgruppa 20–29 år aukar i Troms frå 5,2 til 5,5 prosent, går det fram av pressemeldinga.

Les også Slik skal legene skrive ut færre sykmeldinger

Fastlege i Skien

I Finnmark er det dei mellom 16–24 år og 50–54 år som har størst auke i legemelde fråvær.

For dei mellom 30 og 34 år, 40 og 49 år og 55 og 59 år daler fråværet.

I Troms aukar andel tapte dagsverk med psykiske liding frå 25,6 til 28,0 prosent. I Finnmark aukar andelen frå 23,3 til 27,3 prosent.

Les også Kommuner sparer millioner på lavere sykefravær