Hopp til innhold

Separatist-utspel møter motstand: – Trudde det var 1. april

Avisredaktør ønskjer å skilje ut Finnmark som ein eigen stat. Men utspelet blir møtt med forundring, latter og skam blant andre i fylket.

Alta SV

Varaordførar i Alta, Anita Håkegård Pedersen, trudde det var ein spøk då ho las at Ságat-redaktør Geir Wulff vil skilje ut Finnmark som ein eigen stat.

Foto: Robin Mortensen/NRK

– Då eg las saka trudde eg det var 1. april, seier Anita Håkegård Pedersen, varaordførar for SV i Alta.

Misnøyen mot at Finnmark skal slå seg saman med Troms frå 1. januar 2020 har nådd sitt førebelse klimaks.

I går kom redaktør i den samiske avisa Ságat, Geir Wulff, med eit for mange overraskande utspel. Om ikkje Finnmark får halde fram som eige fylke bør dei skiljast som ein eigen stat, meiner Wulff.

Redaktøren hevdar Finnmark har så rike ressursar at dei klarer seg meir enn godt nok på eiga hand. Men utspelet møter motstand hos mange, også dei som i utgangspunktet meiner Finnmark ikkje bør slå seg saman med Troms.

– Vi bør ha litt seriøsitet i denne debatten. Når ein redaktør i ei avis går ut med eit slikt utspel, så må ein jo tru at han meiner noko med det. Men forslaget hans er grunnlovsstridig. Ja, det er eit eventyrutspel, meiner Anita Håkegård Pedersen.

Eg skjemmast over å bu i eit fylke der ein får slike utspel som dette.

Reidar Nilsen

– Eg skjemmast

Reidar Nilsen frå Sørøya i Hasvik meiner utspelet til Geir Wulff viser at samanslåingsdebatten har nådd eit lågmål.

– Eg skjemmast over å bu i eit fylke der ein får slike utspel som dette. Det er fritt fram å seie kva ein meiner. Men når ein representerer ei avis, ja då bør ein tenkje på kva ein skriv og seier, meiner Nilsen.

Reidar Nilsen, leder Norges Fiskarlag

Reidar Nilsen meiner Finnmark bør slå seg saman med Troms. Han kritiserer utspelet til Geir Wulff for å øydelegge debatten.

Foto: Norges Fiskarlag

Han er tidlegare leiar i Norges fiskarlag, der han også er æresmedlem – og medlem i Arbeidarpartiet. Nilsen er for samanslåing med naboen Troms, men ønskjer ein så balansert debatt som mogleg. Utspelet til Wolff er ikkje innanfor, meiner Nilsen.

Også blant den yngre garde går dei mot Geir Wulff sine separatisttankar.

– Dette er eit useriøst og splittande utspel i ei tid i ei tid der det heller er behov for å tenke konstruktivt og langsiktig. Utspelet er skadeleg for den vidare debatten om samanslåing, meiner Espen Amundsen, nestleiar i Finnmark AUF.

Fylkesårsmøte i Finnmark Ap 2018.

Nestleiar i Finnmark AUF, Espen Amundsen, meiner forslaget til Geir Wulff om å skilje ut Finnmark som ein eigen stat er useriøst og splittande.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

– Som i 1905

Men seriøst er altså utspelet. Geir Wulff stilte onsdag opp i programmet Dagsnytt 18 på P2 og NRK 2. Der forklarte Wulff at Finnmark problemfritt kan skiljast ut frå Norge. Han samanliknar situasjonen med då Norge lausreiv seg frå Sverige i 1905 – etter ei folkerøysting om spørsmålet.

Geir Wulff foran avispresse

Ságat-redaktør Geir Wulff har møtt både forståing og latter etter utspelet hans om å skilje ut Finnmark som ein eigen stat.

Foto: Ságat

Når Wulff får spørsmål om at forslaget hans er grunnlovsstridig minner redaktøren om at då grunnlova vart vedtatt i 1814, var ikkje representantar frå lengst nord i landet til stades.

– Så det er andre enn vi her oppe som har bestemt ho, seier Wulff.

Det er eit eventyrutspel.

Anita Håkegård Pedersen