Hopp til innhold

Avisredaktør: – Finnmark bør blir eigen stat

Motstanden mot ei samanslåing med Troms har ikkje lagt seg. Redaktøren i den samiske avisa Ságat meiner Finnmark er sterkt nok til å bryte ut av Norge.

Geir Wulff foran avispresse

Geir Wulff er redaktør i den samiske avisa Ságat. Han vil helst halde på Finnmark so eige fylke. Men om ikkje bør Finnmark skiljast ut som eigen stat, meiner Wulff.

Foto: Ságat

– Finnmark er eit enorm geografisk område med rike naturressursar, både på land, i havet og under havet. Vi har ei enorm økonomisk sone i Barentshavet. Vi er utan tvil den rikaste delen av Norge. Det er vi som bidreg mest til AS Norge, meiner Ságat-redaktør Geir Wulff.

Bakgrunnen for utspelet er den oppheita debatten i Finnmark i kjølvatnet av vedtaka i Stortinget om at fylket skal slå seg saman med Troms frå 1. januar 2020.

Det er vi som bidreg mest til AS Norge.

Geir Wulff

– Har ikkje kapasitet

Wulff håper først og fremst at Finnmark får halde fram som eige fylke. Men skjer ikkje det, bør Finnmark skiljast ut som eigen stat, hevdar Wulff.

Claus Jørstad FRP

Claus Jørstad, gruppeleiar for Frp på fylkestinget i Finnmark, meiner planane til Geir Wulff om å danne ein eigen stat er heilt urealistiske.

Foto: Piera Balto / NRK

Ságat-redaktøren møtte Claus Jørstad, gruppeleiar for Finnmark Frp på fylkestinget, til debatt i NRK onsdag. Han meiner utspelet til Wulff er urealistisk.

– Vi er berre 75.000 innbyggjarar og har ikkje kapasitet. Å drive ein stat blir altfor massivt, meiner Jørstad, som også meiner løpet er køyrt for Finnmark som eige fylke.

Oslo-aviser støttar Finnmark

Debatten om Finnmark som eige fylke sette ny fart då Finnmark Ap i helga vedtok å seie nei til den såkalla Gardermoen-avtalen, som la grunnlaget for det vidare samanslåingsarbeidet med Troms.

Geir Ramnefjell

Geir Ramnefjell, politisk redaktør i Dagbladet, synest stemninga i Finnmark begynner å minne om katalanske tilstandar. Ramnefjell meiner statsminister Erna Solberg og kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland gjer lurt i å reise til Finnmark for å prate med folket.

Foto: Dagbladet

Denne veka understreka vippepartiet KrF igjen at dei ikkje kjem til å snu i saka. Men fleire og fleire støttar no Finnmark si sak. Mellom anna har Dagbladet på leiarplass og VG på kommentatorplass dei siste dagane tala varmt for Finnmark si sak.

– Det er ikkje sikkert realitetane og styrken i motreaksjonane har gått opp for regjeringspartia eller støttepartiet KrF, meiner Geir Ramnefjell, politisk redaktør i Dagbladet.

Erna Solberg på Atlanten vgs

Statsminister Erna Solberg bør kome til Finnmark og prate med folk, meiner politisk redaktør i Dagbladet, Geir Ramnefjell. Han får støtte av Randi Karlstrøm, leiar i organisasjonen "For Finnmark".

Foto: Trond Vestre

– Reis nordover, Erna

Ramnefjell ber no statsminister Erna Solberg og kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland (begge Høgre) reise nordover for å snakke med finnmarkingane.

Han meiner også at heile regionreforma er havarert.

– For når folk begynner å snakke om å lausrive Finnmark som eigen stat, ja når det blir slike katalanske tilstandar – då er det lurt å tenke seg om. Anten må regjeringa og KrF legge ein plan for at samanslåinga skal stå fram noko mindre usakleg for Finnmark, eller så blir det ein konfrontasjon som det ikkje kjem noko godt ut av, seier Ramnefjell.

Organisasjonen «For Finnmark» har vind i segla om dagen. Leiar Randi Karlstrøm ser ikkje på utspelet til Geir Wulff som realistisk, men ho meiner meiningane til Wulff speglar godt kva mange i Finnmark tenkjer om dagen.

– Når ein blir overkøyrt på ein slik måte og blir tatt frå makt til å styre sitt eige samfunn, så kjem dese kjenslene fram, seier Karlstrøm.

Randi Karlstrøm

Randi Karlstrøm meiner Geir Wulff set ord på det mange i Finnmark føler om dagen.

Foto: Erlend Hykkerud / NRK

Det er ikkje sikkert realitatane og styrken i motreaksjonane har gått opp for regjeringspartia eller støttepartiet KrF.

Geir Ramnefjell

Flere nyheter fra Troms og Finnmark