Hopp til innhold

Reinsdyr til bry: – Det blir pissa og skite i både parkar og barnehagar

I fleire år har reinen vore fast inventar i bybiletet i Hammerfest. Det er til den store glede for turistane, men innbyggjarane er lei av at dei et opp potteplantar, og tek seg til rette på kyrkjegarden.

Rein på kirkegården i Hammerfest

Reinen kjem seg inn på kyrkjegarden og et opp blomstrane på gravene.

Foto: Jan Egil Aune

– Eg synest ikkje dei har så mykje i byen å gjere.

Lill Seppola bur i Hammerfest og ønskjer å få reinen ut av byen. I sommar har fleire rein tatt seg forbi reingjerdet som står kring byen.

I 2007 vart gjerdet sett opp slik at reinen skulle halde seg utanfor bybiletet. Likevel kan du sjå dei springe over fortaua og bade i fontena.

Reingjerdet som omringar byen er to mil langt og kosta 5 millionar kroner å setje opp. Staten og Hammerfest kommune betalte halvparten kvar.

Slitasje etter vinteren gjer at gjerdet anten får hol eller veltar.

Reingjerdet som skal holde reinsdyrene ute fra Hammerfest sentrum.

Reingjerdet som skal halde reinsdyra ute frå Hammerfest sentrum.

Foto: Eirik Sørenmo Påsche / NRK

Eg skjønner det er eksotisk for turistane som kjem hit, men for oss som bur her er det ikkje så veldig eksotisk, seier Seppola.

– Kva er det som plagar deg mest?

– Det som plagar meg mest er skiten. Den ligg jo der. Samtidig har vi problem med måsar. Det blir litt mykje, innrøm ho.

Lill Seppola i Hammerfest

– Det som plagar meg mest er skiten, seier Lill Seppola.

Foto: Sunniva Hadland Bøthun / NRK

Les også Har brukt 5 millioner kroner på et reingjerde som ikke fungerer

Vil ha rein ut av sentrum

Ordførar i Hammerfest, Terje Wikstrøm (Ap) seier at frustrasjonen er stor hos innbyggjarane. Derfor han sendt e-post til Statsforvaltar og reindriftsstyret og bede om eit hastevedtak. Det fekk han ikkje.

– Det blir pissa og skite i både bed, parkar, barnehagar og skulegardar utan at det blir teke tak i, og at nokon har den myndigheita til å be reindrifta om å fjerne dei.

Wikstrøm forklarer at det er ei utfordring folk ikkje ser at reinen som går på innsida av gjerdet blir gjeta ut av reindrifta.

Ordfører Terje Wikstrøm i Hammerfest.

Ordførar i Hammerfest, Terje Wikstrøm (Ap), ser at frustrasjonen er høg blant innbyggjarane i byen.

Foto: Sunniva Hadland Bøthun / NRK

Han seier vidare at Statsforvaltar tok kontakt og sa dei ikkje hadde eit slikt mandat til eit hastevedtak som han bad om i e-posten.

– Reindriftsstyret og Statsforvaltar har signalisert at dei ønskjer å debattere saka og initiere eit møte med Hammerfest kommune og reinbeitedistrikt 20 i løpet av hausten. Det set vi sjølvsagd pris på, men nådde sjølvsagt ikkje det eg opphavleg var ute etter. Det var å få rein ut av sentrum.

Rein på gjerdet til kirkegården i Hammerfest

Reinsdyr på gjerdet til kyrkjegarden i Hammerfest.

Foto: Jan Egil Aune

Wikstrøm legg til:

– Då får vi ta det nest beste. Vi får eit møte der vi får diskutert dei konfliktane som ligg i det her og forhåpentleg får ei ordning som står seg over tid.

Les også Reingjerdet saboteres

Hyggjeleg innslag

Vitalii Mlnenko hadde aldri sett eit reinsdyr før han flytta til Hammerfest.

– Eg liker dei fordi dei er morosame og søte.

Han meiner heller ikkje skiten er noko å bry seg om:

– Eg synest ikkje det er eit stort problem. Regnet vaskar det bort.

Vitalii Mlnenko i Hammerfest

– Eg liker dei fordi dei er morosame og søte, seier Vitalii Mlnenko.

Foto: Sunniva Hadland Bøthun / NRK

– Eg meiner det er eit hyggjeleg innslag, men eg skjønner problemet for dei som bur her og har hagar, seier Inger Mikkonen.

Ho kallar det for eksotisk og uvanleg for ho som er svensk.

– Eg veit ikkje om eg synest det er greitt at dei tissar i parken og sånt, men sidan eg synest det er ganske hyggjeleg så ser eg litt bort frå det. Eg forstår dei som synest dette er eit problem.

Inger Mikkonen i Hammerfest

– Eg meiner det er eit hyggjeleg innslag, seier Inger Mikkola.

Foto: Sunniva Hadland Bøthun / NRK

Finne løysingar

Torhild Gjølme, konstituert reindriftsdirektør, seier ho har snakka med ordføraren for ei tid tilbake.

– Vi har ingen strakstiltak, men no i haust skal vi jobbe med konfliktsaker generelt, som rein på innmark og i bynære strøk. Målet er å finne løysingar som står seg over tid.

Torhild Gjølme på kontor

– Vi har ingen strakstiltak, seier konstituert reindriftsdirektør Torhild Gjølme.

Foto: Harry Johansen / NRK

Leiar for Reinbeitedistrikt 20, Aslak Ante Sara, skriv i ein e-post til NRK:

«Reinbeitedistriktet saman med Hammerfest kommune er i dialog med statlege styresmakter på søk etter heilskapleg løysingar for utfordringane på Kvaløya. Vi har hatt fleire møte i 2023 med Landbruksdirektoratet og Statsforvaltaren i Troms og Finnmark og det er planar om nye møte. Sjølv om sakene er komplekse, trur vi på varige løysingar og med ei meir føreseieleg framtid.

Konkret om 10 års gjerdeavtalen i Hammerfest som prøveprosjekt er gått ut i 2015–17. Gjerdet skal evaluerast og vurderast vidare. Dette blir også tema i dei kommande møta. Av omsyn til prosessane og kompleksiteten i sakene vi står i no, ønskjer vi ikkje å kommentere desse i detaljar.»

Ordføraren trur ikkje reinen har godt av å vere i bybiletet heller.

– Reinen blir jaga hit og dit. Dei blir nesten påkøyrde og skaper farlege situasjonar, så i sum så meiner eg at det faktisk ikkje er gunstig for dei heller. Eg meiner at sannsynlegvis har dei det aller best oppe på fjellet på utsida av gjerdet.

Hammerfestingen Lill Seppola trur ikkje det kjem til å ordne seg til neste år.

– Det har gått føre seg i så mange år no. Eg har ikkje noko tru på at det kjem til å ordne seg, seier Seppola.

Les også Maks strømstyrke nytter ikke - kloke rein kommer seg inn i byen

Rein innenfor bygjerdet