Hopp til innhold

Regjeringa halverer flyprisane: – Eg er svært misfornøgd!

Regjeringa la i dag fram forslag om å halvere billettane på FOT-rutene i distrikta. Bedriftsleiar i Finnmark er alt anna enn imponert.

Maiken Garder har startet en folkeaksjon mot de høye flyprisene på kortbanenettet.

Bedriftsleiar Maiken Garder frå Hammerfest, er ikkje vidare imponert over regjeringsforslaget om å halvere billettane på FOT-rutene. – Kva med dei kommersielle rutene i nord? Dei vil vere akkurat like dyre som før, seier ho.

Foto: NRK/Jan Harald Tomassen / NRK

– Eg hyllar ikkje forslaget i det heile. Dei ønskjer å halvere maksprisen på FOT-rutene, men gjer ingenting med resten av flyrutene. Dei vil vere like høge her i nord. Så eg er svært misfornøgd med kva regjeringa har lagt fram.

Det seier dagleg leiar ved Elle Sofe Company i Hammerfest, Maiken Garder.

Maiken Garder

– Dei pratar jo berre visvas og bruker jus-språk som ingen forstår. Dei er jo ikkje tydelege på kva for nokre konsekvensar det nye forslaget vil få i det heile, seier Maiken Garder i Hammerfest.

Foto: Sunniva Hadland Bøthun / NRK

Regjeringa vil frå 1. april 2024 halvere maksprisen på dei såkalla FOT-rutene på Vestlandet og i Nord-Noreg. Dette gjeld i all hovudsak flyrutene på kortbanenettet.

Det kom fram under ein pressekonferanse med samferdselsminister Jon-Ivar Nygård og finansminister Trygve Slagsvold Vedum på Gardermoen onsdag morgon.

– Ei halvering av maksprisen på FOT-rutene vil ha ein stor effekt for dei reisande. Og det vil vere med på å binde landet betre saman. Dette vil vere eit viktig tiltak for dei som bur i distrikta, sa samferdselsminister Nygård til NRK under pressekonferansen.

Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Ei gladnyheit for Distrikts-Noreg at vi no halverer dei dyraste billettane på FOT-rutene. Det sa samferdselsminister Jon-Ivar Nygård under ein pressekonferanse på Gardermoen onsdag morgon.

Foto: Astri Husø / NRK

I forslaget ligg også at regjeringa vil gjere direkteruta mellom Kirkenes og Tromsø om til ei FOT-rute.

– Vil ha liten effekt

Maiken Garder frå Hammerfest starta tidlegare i år ein Facebook-aksjon mot dei skyhøge flyprisane i nord. Etter kort tid hadde ho nær 3000 følgjarar.

Gardar er mildt sagt ikkje imponert over det regjeringa la fram i dag.

– Dei kallar inn til ein pressekonferanse for å gi oss ei god nyheit. Og så gjer dei eigentleg berre det dei skulle ha gjort for to år sidan. Eg er ikkje imponert.

– Ei halvering av FOT-rutene er greitt. Men eg er ikkje fornøgd før det er like billig å flyge mellom byane i nord som mellom byane i sør, seier ho.

– Kva meiner du regjeringa burde ha gjort?

– Dei burde sjølvsagt ha senka dei kommersielle flyprisane like mykje som FOT-rutene. Når vi i Finnmark skal flyge mellom nord og sør skjer dette nettopp via dei kommersielle rutene, seier ho.

Les også Familie må betale nesten 50.000 for å fly til besteforeldrene: – Det er helt uholdbart

Samboerparet Christoffer Robin Jensen og Kathrine Fjelleng Mikalsen i Kjøllefjord.

– Strålande dag!

Medlem av transport- og kommunikasjonskomiteen for Troms og Finnmark på Stortinget, Geir Iversen (Sp) deler ikkje Garders oppfatning.

Ein tur frå Hasvik til Tromsø som i dag kostar rundt 1200 kroner vil med det nye forslaget koste rundt 600 kroner. Ei halvering i flyprisane vil vere eit enormt løft for distrikta, seier han.

Og han legg til:

Dette vil gjere at fleire får råd til å reise, noko som vil bety enormt mykje. Spesielt for oss i Finnmark som ikkje har så mange andre alternativ, seier Iversen.

– Men kvifor har dette teke så lang tid å få innført?

– Når vi skal endre på ting tek det ofte lang tid. Men no er vi i gang med å levere, seier Iversen.

Geir Adelsten Iversen

– Ei halvering av prisane på FOT-rutene vil få enormt store positive effektar i Finnmark, meiner stortingspolitikar for Troms og Finnmark, Geir Iversen (Sp).

Foto: Knut-Sverre Horn / NRK

– Betre vilkår

Også leiar i Vadsø senterparti, Stein Mathisen, er positiv. Ikkje minst med tanke på kva konsekvensar forslaget kan få for næringslivet.

Vi håpar at fleire vil ønskje å etablere seg i nord når transporten av folk og materiell blir billigare. I tillegg vil lågare prisar på flybillettar gjere noko med folks kjøpekraft, seier Mathisen.

Kva trur du dei høge flyprisane har ført til i Finnmark så langt?

Det har skjedd ein stagnasjon. Vi har alle merka at det har vorte dyrare å bu og leve her. Regjeringas forslag vil gjere at vi kan få fleire folk og meir næringslivsaktivitet i området, trur Stein Mathisen.

Stein Mathisen, Varanger Kraft

– Lågare prisar på FOT-rutene vil gi auka konkurransekraft for bedriftene i nord, trur leiar i Vadsø senterparti, Stein Mathisen.

Foto: EILIF ASLAKSEN / NRK

Kampen fortset

Ifølgje regjeringa skal FOT-rutene ut på anbod til våren. Kva regjeringa må betale for finansieringa ville verken samferdselsminister Nygård eller finansminister Vedum ut med.

Gardar fryktar i motsetning til Iversen og Mathisen at effekten av ein 50-prosents nedgang i FOT-rutene vil vere minimal.

Også på kortbanenettet.

– I dag legg Pasientreiser, Equinor og andre større aktørar beslag på mange av dei billige flybillettane. Dette vil naturlegvis påverke både prisen og tilgjengelegheita for resten av befolkninga, seier Garder.

– Vil du no stoppe Facebook-aksjonen for billigare flybillettar?

– Det ser eg absolutt ingen grunn til å gjere. Kampen held fram. Eg er ikkje fornøgd før billettane på alle ruter internt i nord, og mellom nord og sør, blir halvert.

– Det er dessutan altfor lenge å vente til 1. april neste år med å få billigare flybillettar i nord. Vi treng lågare flyprisar i dag – på både FOT-rutene og dei kommersielle rutene, seier Maiken Garder.

Les også Folk er ikke forbanna. De er FLY forbanna

Passasjerer på vei til Widerøe-fly

Flere nyheter fra Troms og Finnmark