Hopp til innhold

I Hammerfest vurderer 7 av 10 lærarar å slutta

Utdanningsforbundet fryktar at den økonomiske situasjonen kan føra til at mange gjer nettopp det.

Hammerfest sentrum

I ei fersk undersøking svarar 70 prosent av lærarane i Hammerfest at dei vurderar å bytte yrke.

Foto: Allan Klo

Utdanningsforbundet gjennomførte, ifølgje eit lesarinnlegg i avisa Hammerfestingen, nyleg ei spørjeundersøking blant lærarane i barnehage og skulane i Hammerfest.

Av dei rundt 130 som deltok i undersøkinga, seier sju av ti at dei det siste året har vurdert å slutta med undervisning.

Erlend Søbye Grønvold (29) er lærar og arbeidsplasstillitsvald på Breilia ungdomsskule. Sjølv har han berre vore i yrket i to og eit halvt år.

Allereie no ser han kvifor mange lærarar ikkje står i jobben yrkeslivet ut.

– Slik som situasjonen er no, så er ikkje eg sikker på om eg orkar å stå i skulen og yrket i mange år framover, fortel han.

Erlend Søbye Grønvold, lærer ved Breilia skole i Hammerfest

Erlend Søbye Grønvold er lærer ved Breilia ungdomsskule. Han veit ikkje om han vil stå i yrket livet ut.

Foto: Sunniva Hadland Bøthun / NRK

Fryktar kutt

Hammerfest har i dag eit overforbruk på 400.000 kroner kvar dag, og ei totalgjeld på 3,5 milliardar kroner.

Med bakgrunn i dette vedtok kommunestyret nyleg at dei innan nyttår må spara inn 11 millionar kroner.

Torsdag 14. desember skal dei presentera budsjettet i kommunen.

Det Grønvold fryktar mest, er kutt i oppvekstsektoren i kommunen og kva konsekvensar det kan få for kvaliteten på undervisninga.

– Det å få færre stillingar i skulen gjer at me sannsynlegvis får mindre tid til oppfølging av elevar og til førebuing til undervisning. Stadig fleire oppgåver er lagt til skulen, som oppfølging og dokumentasjon. Det tek veldig mykje av tida vår.

Les også Må spara 137 millionar kroner neste år: – Ei dritjulegåve til dei tilsette

Christian Bergeton Klaussen, Fagforbundet Hammerfest

Høg arbeidsbelastning

Grønvold meiner at totalomfanget er stort, og at mange lærarar slit med å gå frå jobben med godt samvit.

– Eg har vurdert å sjå på andre jobbar, men eg har førebels funne meg godt til rette med dei aller fleste arbeidsoppgåvene som lærar.

Det er også vanskeleg å få tak i kvalifiserte vikarar som kan gå inn og gjera ein god jobb.

– Viss det er snakk om lengre periodar, så blir det vanskeleg. Det blir veldig tungt fordi det er andre lærarar som må gjera den jobben.

Les også Ny kuttliste for Hammerfest kommune: – Det blir eit veldig tøft år

Påtroppende ordfører i Hammerfest Terje Rogde (H)

Leiar i Utdanningsforbundet i Hammerfest, Ida Marie Midttun, seier det er urovekkjande.

– Det er ganske nedslåande, men dessverre ikkje så overraskande. Dei aller fleste nemner høgt arbeidspress som årsak. At dei rett og slett har for mange oppgåver og for lite tid.

– Dette gjer igjen at dei har manglande høve til å klara å følgja opp alle elevar som dei treng, seier Midttun.

Ida Marie Midttun, leder i Utdanningsforbundet i Hammerfest, er bekymret etter at sju av ti lærere i kommunen sier de det siste året har vurdert å slutte i jobben.

Leiar i Utdanningsforbundet i Hammerfest, Ida Marie Midttun, seier resultata ikkje er veldig overraskande.

Foto: Utdanningsforbundet

Fryktar det skal bli verre

Midttun er svært bekymra over det høge talet slitne lærarar i skulen. No fryktar ho at det skal bli endå verre.

– Me fryktar jo at det blir kutt i oppvekstsektoren òg. Og kanskje kan dette då vera dropen som får enkelte til å ta steget ut og byrja å jobba med noko anna, seier Midttun.

– Kva vil då skje med dei lærarane som blir igjen?

– Eg trur kanskje at det er ein del som blir redd for at dei då må springa endå meir. Det vil nemleg bli endå større trykk på dei som vel å stå i jobben, seier Midttun.

Og ho legg til:

– Og dette vil igjen gå utover elevane, ved at dei ikkje får den kvalifiserte hjelpa dei har krav på.

Les også Styrtrik gasskommune har havnet i krise, mener Høyre – krever gjennomgang

Melkøya

– Skremmande

Steffen Ditløvsen, Ap, seier at det som har komme fram er veldig alvorleg.

– Eg er ein av dei lærarane i Hammerfest-skulen som har slutta det siste året. Eg veit korleis situasjonen har vore og er. Men at det var så alvorleg, er skremmande.

Kaj Gunnar Dahl, gruppeleiar i Høgre i Hammerfest, seier at det er slike tilbakemeldingar dei har fått frå tillitsvalde i skulen.

Kaj Gunnar Dahl, gruppeleder Høyre Hammerfest

Kaj Gunnar Dahl, gruppeleiar for Høgre i Hammerfest, seier kommunen går no neste år i møte utan økonomiske bufferar.

Foto: Sunniva Hadland Bøthun / NRK

– Utdanningsforbundet har vore tydelege på at det merkar ein slitasje på dei tilsette. Det er eit signal om at arbeids- og ressurstilgang ikkje samsvarer heilt.

Kommunen går inn i neste år heilt utan økonomiske bufferar, følgje Dahl.

– Det å finna gode løysingar på å bevara bemanninga i skule, samtidig som me veit at me ikkje har pengar til formålet, er svært, svært vanskeleg.

Les også Gasskommune sliter økonomisk: Må kutte 11 millioner før nyttår

Hammerfest sentrum