Hopp til innhold

Fleire ønskjer å bremsa demens med kosttilskot: Ny forsking avslører risiko

Lege og nevrolog har funne fleire utfordringar i tryggleiken til personar med demens som bruker kosttilskot. No avrår Helsedirektoratet bruken.

Kosttilskudd

Kosttilskot er i utgangspunktet trygt, men ny forsking peikar på fleire faremoment for personar med demens.

Foto: Hanne Kari Fossum / NRK

– Mange med demens vil ikkje nødvendigvis hugsa at dei allereie har teke kosttilskot tidlegare på dagen.

Det seier lege og nevrolog, Hilde Risvoll. Ifølgje henne er det fleire menneske med demens som bruker kosttilskot i eit forsøk på å bremsa sjukdommen.

Ho har kartlagt bruken av kosttilskot blant personar med demens, og samla erfaringar frå pårørande og helsepersonell.

Gjennom ti år ved Kløveråsen minneklinikk i Bodø, fekk Risvoll ofte spørsmål frå pasientar og pårørande om bruk av kosttilskot.

Dei stilte spørsmål om korleis midlane verkar, og om dei var trygge i kombinasjon med medisinar.

Dette vart grunnlaget for Risvolls doktorgradsprosjektet i helsevitskap.

Hilde Risvoll, forsker tilknyttet UiT

Hilde Risvoll jobbar i dag som overlege i nevrologi på den nevrologiske poliklinikken i Vesterålen. Ho tok doktorgrada i helsevitskap ved UiT.

Foto: Privat

Fleire hadde ikkje fått hjelp

I studien såg Risvoll at ein tredel av dei spurde ikkje hadde fått hjelp til å ta kosttilskotet rett.

– Då kan det bli for store mengder. Dermed kan risikoen for biverknader auka, seier ho.

Risvoll har undersøkt alle typar kosttilskot, frå vitamin, mineral, urter og samansette produkt.

– Den eine konsekvensen kan vera at du ikkje tek nok av vitamin du manglar. På den andre sida kan det vera eit problem at du har eit kosttilskot som potensielt reagerer med til dømes blodfortynnande medikament, og så tek ein for mange, seier ho.

Les også Tror vitaminkapsel kan bremse aldring

Forskere undersøker om denne blå pillen kan bremse utviklingen av flere aldersrelaterte sykdommer.

Legen seier at fleire fastlegar ho intervjua hadde erfart at nokre kosttilskot hadde gitt skade. Men det hadde ofte teke tid før dei fann årsaka hos pasientar med demens.

– Det kan vera vanskeleg å vita kvar symptom kjem frå. Anten det kjem frå eit kosttilskot, alderen i seg sjølv, demenssjukdommen eller andre medikament, seier Risvoll.

Ho understrekar samtidig at mange kosttilskot er heilt ufarlege.

Les også Forskere sier at faren for å få demens har gått ned

Omsorg.

– Peikar på kvarandre

Risvoll er oppteken av at det ikkje er nokon som har ansvar for tryggleiken.

Den viktigaste grunnen til at fastlegane synest det var vanskeleg å ta ansvar for dette, er at det ofte ikkje var sikker informasjon om produkta.

Ho seier det ikkje finst føringar på kven som er ansvarleg for å følgja opp bruk av kosttilskot hos personar med demens. Dei ulike gruppene av helsepersonell som deltok i studiane hadde ulike meiningar om dette.

Apotektilsette og tilsette i heimetenesta meinte at fastlegane burde ha hovudansvaret. Fastlegane sjølv meinte at heimetenesta og pårørande burde ta meir ansvar.

– Når me ber desse gruppene rangera kven som har hovudansvaret, er det ingen som peikar på seg sjølv. Eg har ikkje klart å finna at det står nokre stader i reguleringane til desse yrkesgruppene at dei har ansvar for kosttilskot, seier Risvoll.

Ho seier Helsedirektoratets tilråding om at ein ikkje skal gi kosttilskot til demenssjuke er unntaket.

Eg oppmodar helsepersonell til å undersøkja om pasientar med demens bruker kosttilskot. Pårørande bør også vera merksame.

Les også Slik ser det ut når hjernen husker saker og ting

Bilde av nerveceller i hjernen

Ønskjer tryggare system

Risvolls rettleiar, professor Frauke Musial ved Institutt for samfunnsmedisin (NAFKAM) i Tromsø, meiner studien kan ha noko å seia.

– Me må sikra trygg bruk. Det må overvakast kor mykje som blir teke, og sjekka om det er ein fare saman med vanleg medisin. Det må komma på plass eit system som sikrar trygg bruk.

Portrett av Frauke Musial, Professor innen helsetjenesteforskning - alternativ behandling

Frauke Musial, professor innan helsetenesteforsking – alternativ behandling.

Foto: UiT - Norges arktiske universiet / pressefoto

– Om ein har funne ut at det er eit kosttilskot ein kan ta som lèt seg kombinera med vanlege medisinar, er det framleis ein fare for at dei kan ta for mykje eller at dei har gløymt at dei allereie har teke det. Dette må ein sikra, seier ho.

Helsedirektoratet avrår bruken

Helsedirektoratet har kjennskap til funna i doktorgrada til Risvoll.

Avdelingsdirektør for kommunale helse- og omsorgstenester, Liv Heidi Brattås Remo, er samd i at det har noko å seia at helsepersonell har kunnskap om farane Risvoll har påpeika.

Samtidig seier ho at brukarar av kosttilskot gjer det på eige ansvar.

Legevaktsjef Liv Heidi Brattås Remo på legevakta i Drammen.

Helsedirektoratets avdelingsdirektør for kommunale helse- og omsorgstenester, Liv Heidi Brattås Remo.

Foto: Dana Khalouf / NRK

Sidan kosttilskot potensielt kan påverka effekten av legemiddel, kan ei føre-var-tilnærming vera viktig. God dialog med pasient og eventuelt pårørande må strevast etter for å kartleggja bruk, seier ho.

Avdelingsdirektøren seier at direktoratet i dei nasjonale retningslinjene sine avrår bruk av kosttilskot mot demens.

Personar med demens bør ikkje tilbydast betennelsesdempande legemiddel, statinar, kosttilskot eller naturpreparat mot demens og APSD.

Ho meiner det blir gjort mykje for å gjera desse tilrådingane og retningslinjene kjent. Det gjer Helsedirektoratet mellom anna i samarbeid med Nasjonalt senter for aldring og helse.

Fastlegen og anna helsepersonell som har ansvar for kvar enkelt bør innhenta informasjon om kva kvar enkelt brukar. Dei bør så godt som mogleg informera pasient og eventuelt pårørande om risikoen for legemiddelinteraksjonar.

Les også Nå slipper dement 89-åring å sove på madrass på sykehusgulv

madrass harstad sykehus