Hopp til innhold

Desperat jakt på tilsette – kommune tilbyr «nordsjøturnus»

Vinje tek utradisjonelle grep for å lokke til seg tilsette til skule og barnehage. Men friveker med lønn må dei sjå langt etter.

Vinje kommunehus

UTRADISJONELLE: Vinje kommune går nye vegar i jakta på fleire tilsette.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Vinje er ein av fleire kommunar som over lengre tid har slite med å rekruttere nye folk.

I heile landet blir det skrike etter vikarar på skular, i barnehagar og innanfor pleie- og omsorgsyrke.

Les også Rammes hardt av vikarmangel: – Barna får ikke det tilbudet til skal ha

Dame hjelper en unge med å ta på seg votten

Offensiv annonsetekst

I samarbeid med bemanningsbyrået Adecco, har Vinje kommune lyst ut fem assistentstillingar til skule, barnehage og skulefritidsordninga (SFO).

Teksten i stillingsannonsen er av det utradisjonelle slaget.

– Kanskje har du høyrt om Nordsjø-arbeidarar som har flotte turnusordningar? Vinje, som ligg litt utanfor dei mest tettbygde områda, ynskjer å tilby ein turnusordning for dei som vil jobbe i Vinje.

Vidare tek kommunen til orde for at vikarar kan jobbe i tovekers skift med to friveker, eller arbeid annakvar veke.

Skjermdump fra utlysningsteksten til stillingen som assistentvikar i Vinje på Finn.no

Faksimile av stillingsannonsen.

– Det var eg som fann på dette

Det blir også tilbode fri bustad til dei som måtte vere interessert:

– Vi tilbyr deg gratis buplass i Vinje når du arbeider her, heiter det i annonsen.

Anders Sandvik er oppvekstansvarleg og assisterande rådmann i Vinje kommune.

– Det var eg som fann på dette, men det er i stor grad Adecco som har stått for sjølve utforminga av teksten. Det er ikkje mine ord.

Anders Sandvik, Vinje

Anders Sandvik, assisterande rådmann i Vinje.

Foto: Privat

– Men kvifor ei kopling til «nordsjøturnus»?

– I prosent er Vinje faktisk den største offshore-kommunen i landet. Vi har bedrifter som leverer til offshoreindustrien og mange som bur her jobbar også offshore.

Inga lønn i friperiodane

Dei som måtte tru at det blir utbetalt lønn i frivekene som i Nordsjø-turnus, vil bli skuffa.

– Nei, det er ikkje sånn at vi betaler lønn når folk har fri. Dei vil få lønn for dei dagane eller vekene dei faktisk er på jobb, seier Sandvik.

– Kvifor bruker de då ordet Norsjø-arbeidarar i stillingsannonsen?

– Vi må finne på noko for å skilje oss ut og få merksemd rundt annonsen. Det har vi i og for seg oppnådd ettersom du ringjer, humrar Sandvik.

– Er dette eigentleg berre ein ny metode for å lokke folk inn i upopulære deltidsstillingar?

– På ingen måte. Vi er ærlege på at dette i utgangspunktet er snakk om vikariat.

Les også Mener Norge har et skrikende behov for folk som Frida (22)

Frida Strømme

– Ein pressa situasjon

Gøril Ramo Håve er leiar for Utdanningsforbundet i Vinje. Ho har forståing for at det kan komme negative reaksjonar på utlysinga.

Gøril Ramo Håve, leder for Utdanningsforbundet i Vinje

Leiar Gøril Ramo Håve i Utdanningsforbundet i Vinje.

Foto: Privat

– Det er ikkje heldig at nye tilsette kan få tilgang på gode som dei som allereie er tilsette ikkje har.

Ho erkjenner likevel at det er eit stort behov for fleire lærarar og barnehagetilsette.

– Det har vore ein pressa situasjon over lengre tid. Det kjem til å rakne om vi ikkje får gjort noko med det, seier Ramo Håve.

Les også «Nordsjøturnus» lokka sjukehusdirektør tilbake som fastlege

Sjukehusdirektør på Tynset Oddvar Øien, snart kommunelege i Stor-Elvdal.

Hemmeleg Adecco-avtale

Annonsen vart publisert i byrjinga av denne månaden.

Så langt har Sandvik fått inn tre søknader frå Adecco, som administrerer søknadsprosessen.

– Det er Adecco som betaler ut lønna til dei som eventuelt blir tilsette. Adecco fakturerer oss med eit påslag på 1,9 prosent av totalsummen.

Han ønskjer ikkje å gi NRK innsyn i heile avtalen mellom kommunen og Adecco.

– Vart avtalen med Adecco og ideen om annonseteksten lagt fram for politikarane på førehand?

– Nei, politikarane blir informerte gjennom tertialrapporten, seier Sandvik.