Hopp til innhold

Alle slutta i barnevernet i Kautokeino: Utsett for truslar og sjikane

Dei tilsette har levert oppseiing og sitt no bak ei låst dør på jobb. No prøvar kommunen å finne ei løysing.

Dronebilde av kautokeino.

Fredag vart det kjent at alle tre tilsette i barnevernstenesta i Kautokeino kommune hadde sagt opp stillingane sine.

Foto: Kai Erik Bull / NRK

Det skal vera fleire grunnar til at dei tre tilsette valde å gjere det.

Dei tilsette i barnevernstenesta har vorte utsette for både truslar og sjikane. Og då i hovudsak via sosiale medium. Akkurat kva truslane og sjikanane går ut på, har me ikkje kjennskap til endå.

Det seier Merete Jenssen, leiar for barnevernsseksjonen hos Statsforvaltaren i Troms og Finnmark.

Dei tilsette føler heller ikkje at dei har vorte følgde opp av kommunen i den situasjonen dei har stått i, legg Jenssen til.

GLR, lokalradioen i Kautokeino, meldte fredag at alle dei tre tilsette i barnevernstenesta i Kautokeino hadde sagt opp si stilling.

Merete Jenssen

KREVJANDE: – Å jobba i ei barnevernsteneste er krevjande og det er fleire utfordringar i seg sjølve. Det er ei lita teneste, ein liten kommune, eit lite samfunn, små forhold, og alle kjenner alle, seier Merete Jenssen, leiar for barnevernsseksjonen hos Statsforvaltaren i Troms og Finnmark.

Foto: Kristine Østvold / Statsforvalter

– Har låst døra

Karin Hætta, kommunedirektør i Kautokeino, seier at kommunen no har lagt ut ein støtteerklæring for dei tilsette på kommunen si heimeside, og på Facebook.

– Der oppmodar vi folk om å tenke seg om før dei liker sånt som ligg ute i sosiale medium. Vi har også hatt samtalar med politiet for å høyre om det er noko dei kan gjere i saka, seier Hætta, og legg til:

– Vi har også hatt samtaler med dei tilsette, i lag med verneombodet. Dei tilsette har no døra inn til kontorlandskapet låst. Då kan dei kan kontrollere kven som kjem inn.

– Kva seier dei tilsette at dei har opplevd?

– Dei har mellom anna mottatt telefonar med truslar om at de skal bli fjerna frå tenesta, seier Hætta.

Karin Hætta, kommunedirektør i Kautokeino.

POLITIET PÅ SAKA: Karin Hætta, kommunedirektør i Kautokeino, seier at kommunen har kontakta politiet.

Foto: Jørn Østby / NRK Sapmi

– Dessverre vanleg

Jenssen hos statsforvaltaren i Troms og Finnmark seier at det kan vere utfordrande å jobbe i barnevernstenesta.

Og dessverre skjer det av og til at dei tilsette blir utsett for ubehagelege hendingar, seier ho.

Det er ei lita teneste, ein liten kommune, eit lite samfunn, små forhold, og alle kjenner alle. Ein kan tenkja seg at viss ein blir utsett for truslar og sjikanar, så kan det oppfattast både ubehageleg og skremmande.

Og ho legg til:

Slikt har dessverre vorte ganske vanleg. Men det betyr ikkje at det skal aksepterast. Truslar og sjikaner er straffbart, påpeikar ho.

Les også Barnevernsansatte hetses: – Vi kan ikke akseptere trusler og grov hets

Pål Christian Bergstrøm

Skal gå gjennom saka

Kautokeino-ordførar, Anders S. Buljo (Flyttsamelista), seier dette er ei sak som no må gåast gjennom.

– Det er trist at tilsette seier opp, men det er ikkje krise. Dei tilsette har oppseiingstid på tre månader, og tenesta står ikkje ubemanna.

Buljo seier det har komme ein tilstandsrapport på barnevernstenesta.

– Den rapporten må gåast gjennom av formannskapet og takast til etterretning.

Merete Jenssen, i barnevernstenesta hos Statsforvaltaren i Troms og Finnmark, kallar situasjonen alvorleg.

– No må me jobba vidare for å sikra forsvarleg drift og finne ei god løysing.

Les også Barneombodet skeptisk til ny barnevernsreform

Barneombod Inga Bejer Engh.

Håpar samarbeid med Karasjok gir frukter

Ordføraren seier situasjonen er utfordrande. Han håpar å sikra stabil drift gjennom eit samarbeid med Karasjok kommune.

– Me har i mars månad skrive under ein intensjonsavtale med Karasjok kommune om eit samarbeid.

Ordføraren håpar dette kan gi fleire tilsette.

– Det blir større moglegheit for fag og fleire tilsette. Då styrkjer me fagmiljøet og barnevernstenesta i dei to kommunane.

Les også Nina orka ikkje meir etter 10 år på barnevernskontor

Nina Vestby