Hopp til innhold

Nina orka ikkje meir etter 10 år på barnevernskontor

Ein av tre sluttar i barnevernet. Høgt arbeidspress, psykisk belastning og låg lønn er blant årsakene.

Nina Vestby

SLUTTA: Nina Vestby kunne ha så mange som 20 familiar å følge opp samtidig. Ho trur ho hadde enda med å bli ufør om ho ikkje slutta då ho gjorde.

Foto: Roar Berntsen / NRK

Nina Vestby er utdanna barnevernspedagog og har vore innom fleire barnevernstenester. I 2013 begynte ho å jobbe på barnevernskontoret i Lillehammer kommune.

Ho var vaksen og kom inn i jobben med mykje erfaring. Dermed fekk ho også krevjande saker og mykje ansvar. Og det vart etter kvart mykje papirarbeid.

Eg har jo lyst til å vere saman med folk, ikkje sitte framfor ein PC og gjere den jobben. Eg trur det er det som sleit meg ut, seier Nina Vestby.

Og ho er ikkje åleine. Statistikk frå både SSB og KS viser at det er høg utskifting i barnevernstenestene.

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) har no gjort ei kartlegging for å finne årsakene til utskiftinga i barnevernet.

Les også Anette ofret jobben for å bli fostermor for Tuva (18)

Anette Svendsen har blitt fostermor for Tuva på 18.

Sette livet på pause

Nina Vestby var motivert for å jobbe med menneske. I barnevernstenesta jobba ho med barn som var flytta ut av heimane sine. Ho følgde dei opp, rettleidde fosterforeldre og biologiske foreldre.

Eg er stødig og trygg, og vil påstå at eg er ganske fagleg god. Og då får ein oppgåver som det er viktig at det er faglege trygge og gode folk på.

Ho fekk fleire krevjande saker som kom opp i fylkesnemnda og tingretten. Ho kunne ha oppfølging med rundt 20 fosterheimar samtidig med oppfølging, dokumentasjon, søknader med meir.

Etter 20 år i feltet var det nok. Ho slutta å sove og fekk symptom på stress. Ho seier jobben åt opp alt.

Eg hadde jo på ein måte sett alt anna på pause. Eg slutta å spele volleyball, eg slutta å møte venner, eg avlyste når det skulle vere noko sosialt. Eg orka ikkje.

Vestby vart til slutt sjukmeldt og skjønte at ho ikkje kom til å greie å stå i denne jobben dei neste ti åra.

Les også Mener kampene blir for store og krevende – vil ikke anbefale andre å bli fosterhjem

5-åringen på vei inn på rommet sitt hos fosterforeldrene.

Høgt arbeidspress og dårleg lønn

Bufdir har spurt over 3000 tilsette i barnevernstenester kva som gjer at denne tenesta har så høg «turnover». Altså at det er så mange som sluttar.

Kjetil Ostling

VAR FØREBUDD: Kjetil Ostling i Bufdir var ikkje overraska over rapporten. – Vi har fanga opp tidlegare at det er høg turnover i sektoren. Undersøkinga vart utført for å finne meir ut av årsakene og hjelpe oss til å vurdere moglege tiltak.

Foto: Norb

Vi har fanga opp tidlegare at det er høg turnover i sektoren. Undersøkinga vart utført for å finne meir ut av årsakene og hjelpe oss til å vurdere moglege tiltak, seier divisjonsdirektør i Bufdir, Kjetil Ostling.

For ifølgje SSB sluttar ein av tre i kommunalt eller statleg barnevern i løpet av året. Tal frå KS viser at 20 prosent forsvinn ut av kommunalt barnevern kvart år.

Ifølgje undersøkinga Bufdir har gjort, svarte mellom 80 og 90 prosent av dei som deltok at låg lønn og høgt arbeidspress er viktige grunnar til at folk sluttar.

Vil komme med tiltak

Barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) seier den høge turnoveren er ei stor utfordring som gir lite stabilitet og ro for barn og familiar som treng hjelpa.

Det betyr at barn mistar trygge vaksne, og barnevernet mistar viktig kompetanse og erfaring. Det gir òg lite kontinuitet i saksbehandlinga og kan føre til at viktig informasjon glepp, seier ho.

Kjersti Toppe (Sp)

KAN GI SVIKT: – Høy turnover gir òg lite kontinuitet i saksbehandlinga og kan føre til at viktig informasjon glepp, meiner Toppe.

Foto: Synne Lykkebø Hafsaas

Kjersti Toppe seier regjeringa skal leggje fram ei kvalitetsnorm. Der vil dei vurdere tiltak. Ho meiner det mellom anna blir viktig å sjå på om betre leiing kan gjere at fleire blir i jobben.

– Eg meiner det er spesielt viktig å lære av dei tenestene og institusjonane som fungerer godt og der dei har fått til ein låg turnover. Vi treng stabile tilsette med erfaring som kjenner barna og behova deira, og som kan rettleie dei nyutdanna som skal inn i yrket, seier Toppe.

Bufdir har også sett i gang tiltak dei meiner vil påverke tryggleik, trivsel og meistring hos dei tilsette.

Les også Får kritikk for nytt barnevernsutvalg: – Hva mer trenger de egentlig å vite?

Kjersti Toppe

Gjorde tiltak i Lillehammer

Nina Vestby seier det vart gjort ting for å betre forholda då ho jobba på barnevernskontoret i Lillehammer. Men utskiftingar var ei utfordring der òg.

Det er frykteleg krevjande både for barna, men ikkje minst for fosterheimen og dei biologiske foreldra, seier ho.

Ho meiner det kunne hjelpt om ein fekk meir rettleiing både på sak og på prosessar.

Inger Jevne er tenesteområdeleiar for barnevernet i Lillehammer kommune og var sjefen til Vestby.

Inger Jevne Lillehammer kommune

GJORDE ENDRINGAR: Inger Jevne er leiar for barnevernstenesta i Lillehammer. Ho seier dei har jobba for at dei tilsette skal bli verande i jobben.

Foto: Privat

Ho seier det nok er periodar der dei legg for mykje på kvar enkelt medarbeidar. Dei er plikta til å ta alle saker som kjem inn, og det varierer frå månad til månad.

I enkelte periodar er det for mykje og det var det i den perioden Nina valde å slutte, seier Jevne.

Ho seier dei tok det på alvor etter Vestby sa opp. Mellom anna har dei gjort eigne undersøkingar blant dei tilsette for å finne ut kva dei kan forbetre.

Det mange sa var at det å bli sett, høyrt og verdsett av leiarane sine var viktig. Det har vi jobba med sidan da, seier Jevne.

Nina Vestby

GLAD: No er Nina Vestby i ein jobb der ho får jobbe tett på ungdommar. Det er ho veldig nøgd med.

Foto: Roar Berntsen / NRK

I dag jobbar Nina Vestby i eit bufellesskap for einslege mindreårige asylsøkarar i Lillehammer kommune.

Eg koser meg. Eg er saman med ungdom heile tida. Det syntest eg er veldig fint. Eg er glad for at eg er hamna der eg er, seier Nina Vestby.

Hei!

Takk for at du har lest saken!

Hvis du har tilbakemeldinger eller innspill til dette temaet, er du velkommen til å skrive til meg.

Jeg tar også gjerne imot tips til andre ting jeg bør se på!

    Flere saker fra Innlandet