Hopp til innhold

Kommunar får meir ansvar for barnevern – fleire er bekymra

Meir ansvar både økonomisk og fagleg ventar norske kommunar etter nyttår. Barneombodet er redd eit slikt ansvar vil gå ut over dei sårbare barna.

Barneombod Inga Bejer Engh.

BEKYMRA: Barneombod Inga Bejer Engh er redd barn ikkje får den hjelpa dei treng når den nye reforma trer i kraft.

Foto: Roar Strøm / NRK

Frå 01. januar 2022 trer den nye barnevernsreforma i kraft. Målet er at fleire barn skal få rett hjelp til rett tid.

Barneombodet har fått melding frå mange kommunar som er bekymra for at dei ikkje er rusta til dei nye oppgåvene, verken fagleg eller økonomisk.

Eg er bekymra for at barn som har store utfordringar ikkje får dei hjelpetiltaka dei treng, seier barneombod, Inga Bejer Engh.

Ho peiker på at det er staten som har ansvaret for å hjelpe og beskytte barn. Og at dei no må følgje tett med på kva konsekvensane blir.

Når dei no har vald å delegere endå meir ansvar ut til kommunane, også dei minste kommunane, så må staten følgje nøye med, seier ho.

NRK forklarer

Kva er nytt i den ferske barnevernslova?

Kva er nytt i den ferske barnevernslova?

Fornyelse etter 30 år

Dagens barnevernslov blei innført i 1992 og er revidert fleire gonger. I juni i år vedtok Stortinget ein ny lov som skal bidra til betre fagleg arbeid, styrke barns og foreldres rettstryggleik og bidra til auka vekt på førebygging og tidleg innsats. Den nye lova trer i kraft 1. januar 2023, men enkelte endringar trer i kraft 1. januar 2022.

Kva er nytt i den ferske barnevernslova?

Kommunane får fleire oppgaver

I den nye lova er norske kommunar pålagt å sjå barn og ungdoms tilbod i samanheng. Blant anna skal kommunestyra vedta planar for korleis arbeidet blir fordelt mellom ulike kommunale tenestar. 

Frå før plikter kommunestyra jamnleg å kontrollere om kvaliteten og bemanninga i barnevernet er god nok.

Kva er nytt i den ferske barnevernslova?

Styrker rettssikkerheten for barn og foreldre

Regjeringen meiner den nye lova med meir førebygging og auka diaglog skal styre rettstryggleiken til dei involverte. Blant anna skal det leggast betre til rette for at barnet skal kunne forklare seg mest mogleg fritt både til barnevernstjenesta og fylkesnemnda.

– Kan velte kommuneøkonomien

Og over 50 kommunar har tatt kontakt med KS, fordi dei fryktar dei økonomiske konsekvensane av reforma.

I dag betalar kommunane blant anna ein eigenandel til staten på ulike tiltak. Etter nyttår må dei ta denne kostnaden sjølv.

For spesielt mindre kommunar, om ein plutseleg får to tre barnevernssaker som har behov for store ekstratiltak, så kan det velte kommuneøkonomien, seier styreleiar i KS, Gunn Marit Helgesen.

Gunn Marit Helgesen

KS: Pengar er eit problem fleire kommunar har når den nye reforma trer i kraft.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Barneombodet er redd dette fører til at kommunane droppar dei dyre tiltaka.

Tanken er at kommunane skal bruke meir pengar i starten for å førebygge, men situasjonen er at no over nyttår så har kommunane dei ungdommane dei har, og det kostar, og dei pengane er eg bekymra for at dei ikkje kjem til å bruke i same grad som når staten betalar ein større del, seier Engh.

Fellesorganisasjonen (FO) som representerer dei tilsette som jobbar i barnevernet er også uroa. Dei ønskjer ei slik reform velkommen, men fryktar for at det ikkje følgjer nok pengar med.

– Vi er redd for at dette bidreg til at barnevernet får endå eit raudt kort for at dei ikkje strekk til, seier forbundsleiaren i FO, Mimmi Kvisvik.

Ifølgje FO manglar det 1200 tilsette i barnevernet. Dei er bekymra for at denne reforma kjem når barnevernet allereie manglar tilsette og midlar.

Gjekk 20 millionar i minus

I samband med reforma har Alta, Færder og Røyken (no Asker) kommune vore med på eit prøveprosjekt for å teste dei nye ansvarsoppgåvene frå 2016 til 2019.

To av kommunane hadde problem undervegs, mens Færder kommune fekk ros for måten dei gjennomførte det på.

Og nettopp Røyken opplevde det som mange no er bekymra for. Dei hadde jobba mykje med førebyggande arbeid både før og i prosjektperioden. Det førte til at dei vart flinke på å avdekke fleire som hadde behov for hjelp.

Auken førte til at Røyken ikkje hadde nok kapasitet sjølv, og måtte kjøpe tiltak frå staten. I 2018 skjedde det i tillegg ei alvorleg hending som gav kommunen ei dyr erfaring.

– Det førte til fleire akuttplasseringar, som er svært så dyre. Det gjorde at barnevernet gjekk om lag 20 millionar kroner i underskot det året, seier Helga Tharaldsen som var kommunalsjef for oppvekst og utdanning i tidlegare Røyken kommune.

Helga Tharaldsen.

MÅ VERE ROBUST: Helga Tharaldsen jobbar no i Asker kommune etter at dei slo seg saman med Røyken. Ho peiker på ein robust økonomi som ein viktig faktor for å lukkast.

Foto: Ann-Kristin Mo / NRK

Ho beskriv Røyken som ein kommune som hadde relativt god økonomi. Men ho er svært uroa for mindre kommunar som etter nyttår må belage seg på at slike vanskelege saker kan velte heile økonomien.

– Erfaringa vår er at sjølv om vi var ei relativt stor kommune, med relativt god råd, så hadde vi ikkje musklar nok til slike svingingar.

Må kutte i tilbodet

På den andre sida vart Færder kommune omtala som ein suksess gjennom prøveprosjektet, men dei må no kutte i sine tenester.

Dei går frå å ha om lag 30 millionar kroner til 6,7 millionar til barnevernet. Grunnen er at reforma er mindre omfattande enn det prøveprosjektet var.

Konstituert virksomhetsleder for barnevernet i Færder kommune, Lotte T. Bergan.

MÅ KUTTE: Etter nyttår må Færder kommune mest sannsynleg kutte i tenesta dei tilbyr i barnevernet.

Foto: Vegard Lilleås / NRK

– Det bekymrar meg stort. Det er varsla at vi må kutte i tenesta vår. Det er dramatisk for oss. Vi ser ikkje korleis vi kan gjere dette utan at det får konsekvensar for tilbodet til dei sårbare barna, seier leiar for barnevernet i Færder, Lotte Bergan.

Ho meiner at reforma som kjem er viktig, men er engsteleg for at pengar hindrar kommunane i å få til eit godt barnevern.

– Det er kvardagen her i kommunen som kjem til å telje. Og kva vi får til her heilt nær familiane. Og det krev robuste kommunar for å få det til, seier ho.

– Ikkje ein sparereform

Barne- og familieministeren er kjend med at fleire kommunar er bekymra for dei økonomiske følgjene av reforma, og seier ho vil følgje med på kva for effektar den gir.

Eg er oppteken av kva for konsekvens reforma får for barna som trenger hjelp og omsorg frå barnevernet. Det er ikkje meininga at dette skal bli ei sparereform. Det er ei reform som skal komme barna og barnefamiliane til gode, og som fører til at det kommunale barnevernet blir styrkt, seier barne- og familieminister, Kjersti Toppe (Sp).

Kjersti Toppe

VIL FØLGJE MED: Barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) seier ho vil følgje nøye med på kommunane sitt arbeid med den nye reforma.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

For Færder sin del ønskjer regjeringa å gi ein sum for å hjelpe dei med overgangen.

For å sørgje for ein god overgang til barnevernsreforma er det føreslått at Færder i 2022 får tildelt ei eingongsløyving på rundt 10 millionar kroner, i tillegg til kompensasjonen dei vil få som følgje av barnevernsreforma. Føremålet er å lette overgangen frå deltakinga i forsøket.