Hopp til innhold

Lokalmat når nye høgder: – Ein veit at dyra har hatt det godt

Mat og drikke produsert av lokale bedrifter blir meir og meir populært hos forbrukarane. Regjeringa har eit mål om at nordmenn skal kjøpe lokalmat for 25 milliardar innan 2035.

Even Olsen i Alta med et stykke kjøtt.

Even Olsen i Alta starta Nordnorsk kjøtt i 2021. Han merkar at forbrukarane vil ha lokalmat.

Foto: NORDNORSK KJØTT

– Det er ikkje tvil om at fleire i dag tenker meir og meir på at maten helst skal vere lokalt produsert og ikkje ultraprosessert.

Det seier den lokale matprodusenten, Even Olsen, i Alta kommune.

Han starta småskala produksjon av kjøtt i 2021, og merkar at interessa for lokale matprodukt har auka.

Sjølv har han auka produksjonen etter at han starta opp for seg sjølv, men har lokalmatproduksjon som ei biinntekt.

– Men eg blir å auke så mykje som marknaden spør etter. Så får ein ta det som det kjem.

I dei to nordlegaste fylka i landet, Troms og Finnmark, opplever også andre aktørane innanfor denne bransjen ein vekst.

Tala til Norsk Mat viser at omsetninga var på 398 millionar i desse fylka, noko som er ein vekst på 14,7 prosent.

Salget av lokalmat og drikke i Norge setter nye rekorder både i verdi og volum. På bildet fra venstre Nina Sundqvist (direktør Stiftelsen Norsk Mat), Terje Gjervang (daglig leder på Jacob’s på Holtet), Tor Jacob Solberg (styreleder i Norsk Bonde- og Småbrukarlag), landbruks- og matminister Geir Pollestad og Sølvi Gammelsrød fra Rygge Meieri.

Salet av lokalmat og drikke i Noreg set nye rekordar både i verdi og volum. Det gleder Nina Sundqvist (direktør Stiftelsen Norsk Mat), Terje Gjervang (dagleg leiar på Jacob’s på Holtet), Tor Jacob Solberg (styreleiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag), landbruks- og matminister Geir Pollestad og Sølvi Gammelsrød frå Rygge Meieri.

Foto: Stiftelsen Norsk Mat

Merkar auka interesse

– Det er nesten eventyrleg. Det er vekst i heile landet og i alle fylke. Eg får stjerner i auga når eg ser sånne tal.

Det seier administrerande direktør i stiftinga Norsk Mat, Nina Sundquist, om omsetninga av lokalmat som for første gong har passert 12 milliardar i Noreg.

Totalt var den på 12,3 milliardar, som er ein auke på 12,2 prosent samanlikna med førre år.

Regjeringa har eit mål om at lokalmat skal passere ei omsetning på 25 milliardar innan 2035.

– Dette er ein veldig god start. 12,3 milliardar er eit stort beløp og vi kan no seie at produksjon av lokalmat har reell betydning for verdiskaping, busetting og beredskap, seier landbruksminister Geir Pollestad (Sp) til Nationen.

Les også Her har den lokale restauranten 1400 på venteliste

Hallvar Ellingsen, Kvitnes gård

Lokalt samarbeid

Even Olsen foredlar kjøttet frå lam som han kjøper frå bror sin, Michael Olsen, og sauebonde Kristian Olaussen.

Sauene beiter på øya Seiland, som blir kalla Noregs mest utilgjengelege nasjonalpark.

Det betyr at han kjenner heile linja frå fjøs til marknad.

– Ein veit at dyra har hatt det godt frå dei blei fødde til dei blei slakta. Da kan ein selje det med godt samvit, seier Olsen.

Les også Opnar dørene for alle som vil selje lokalmat: – Har veldig trua på at dette er berekraftig

Astrid Regine Nässlander med kort mørkt hår og eit grått sjerf rundt halsen. Ikledd raud og mørk mønstrate strikkargensar står ho inne i ein fjøs omringa av kyr.

– Kan ikkje berre leve av lidenskapen

Nina Sundquist fortel at lokalmat er med på å skape arbeidsplassar i distrikta, og gje eit større mangfald for forbrukarane å velje i.

Sjølv om veksten har vore høg det siste året, så er det jobba med å auke talet på lokale matvareprodusentar i mange år.

– Dei som starta for 20 til 25 år sidan opplever no eit generasjonsskifte. Men det er også nokon som ikkje klarer seg, for det er beinhardt arbeid, seier den administrerande direktøren i Norsk Mat.

Sundquist fortel at dei som startar med lokalmatproduksjon skal vere gründerar med alle dei arbeidsoppgåvene som følger med. Samtidig har dei som regel også anna drift, som dyrehald, noko som krev sitt i det daglege.

Lokale matprodusentar skal ikkje berre ha kunnskap. Dei må også ha stå-på-vilje.

– Dei kan ikkje berre leve av lidenskapen. Dei skal også tene pengar på dette.

Geir Pollestad på besøk hos Norsvin

Landbruks- og matminister Geir Pollestad meiner at jo fleire som produserer mat i Noreg, jo betre blir sjølvforsyninga.

Foto: Frode Meskau / NRK

– Ønsker å handla desse produkta

Landbruks- og matminister Geir Pollestad har tidlegare i år uttalt at ein må legge til rette for eit generasjonsskifte og trygge koplinga mellom råvareproduksjon og ferdig produkt.

Pollestad meiner at auka produksjon av lokalmat vil bidra til å styrke sjølvforsyninga i Noreg.

– Auka etterspurnad etter lokalmat og drikke, trass i høge prisar og økonomisk press, viser at forbrukarane verkeleg ønsker å handla desse produkta, sa landbruks- og matminister Geir Pollestad då salstala for i år blei laga fram i veke 47.

Les også Facebook får skulda for at vi kjøper mindre lokalmat

Rekoring_MG_0131

Les også Salget stuper for lokalmatprodusenter

Birgit Tverås fra Tverås gårdsmat